- Målservice: Juventus - Real Madrid
I kveld kan Real Madrids Christiano Ronaldo bli tidenes beste gruppespel-toppscorar i meisterligaen.
Med ei nettkjenning borte mot Juventus vil han tangere rekorden på åtte mål.
To mål, og han tronar aleine på toppen over spisslegendane som har scora mest i eitt og same gruppespel:
8 mål: Filippo Inzaghi (2002-sesongen), Hernán Crespo (2002-sesongen), Ruud van Nistelrooy (2004-sesongen).
Dårleg skjult kritikk
FIFA-president Sepp Blatter slang med leppa mot Ronaldo.
Foto: Ennio Leanza / ApZlatan Ibrahimović kan også passere åtte mål i meisterliga-gruppespelet. Svensken står med seks mål etter tre kampar.
Foto: FRANCOIS LENOIR / ReutersPortugisaren, som ligg an til å knuse rekorden, har nemleg scora sju av Real Madrids 12 mål i meisterliga-gruppe B - og det etter bare tre av seks kampar.
Om FIFA-president Sepp Blatter har fått med seg dette er uvisst. For ei dryg veke sidan serverte han eit utspel som blei møtt med krass kritikk frå Madrid-leiren.
Blatter blei spurt om å samanlikna Ronaldo og Lionel Messi, og svara med dårleg skjult kritikk av Ronaldo.
– Den eine brukar meir pengar hos frisøren enn den andre, men det er ikkje viktig, fortsette Blatter, til latter frå salen på Oxford-universitetet.
– Eg kan ikkje seie kven som er best. Eg likar begge, men eg føretrekk Messi, sa 77-åringen.
Kritikken frå Blatter kom like etter at Ronaldo hadde scora to gangar, og sikra triumf i toppoppgjøret mot Juventus.
I tillegg hadde han scora to gangar mot Ståle Solbakkens FC København, og tre gangar mot Galatasaray i årets gruppespel.
Ikkje fornøgd med forsvarsspelet
I kveld blir oppgåva først å fremst å hjelpe trenar Carlo Ancelotti med å sikre avansement frå gruppe B.
– Vi har sjansen i kveld. Jo raskare vi kvalifiserer oss, jo bedre er det, seier Ancelotti, som først og fremst kryssar fingrane for at Real Madrid skjerpar seg defensivt:
– Eg er ikkje fornøgd med forsvarsspelet vårt så langt, men vi har scora 42 mål på 15 kampar. Det blir eit snitt på tre mål per kamp, seier trenaren stolt.
Og fleire av desse scoringane har superangripar Ronaldo sørga for å skaffe.
Blir det fleire i kveld kan Ronaldo feire meir enn bare avansement.
Går han mållaus av banen har han enno to forsøk på å bli tidenes gruppespeltoppscorar i meisterligaen.
Etter møtet med Juventus ventar nemleg svakare motstand i Galatasaray og FC København før gruppespelet er over.
Mestscorande i gruppespelet:
8 mål: Filippo Inzaghi (År: 2002), Hernán Crespo (2002), Ruud van Nistelrooy (2004)
7 mål: Zlatko Zahovič (1998), Samuel Eto'o (2010), Cristiano Ronaldo (2013)
6 mål: George Weah (1994), Jari Litmanen (1995), Thierry Henry (1997), Rivaldo (2000), Marco Simone (2000), Giovane Elber (2001), David Trezeguet (2001), Andriy Shevchenko (2005), Cristiano Ronaldo (2006, 2012), Mario Gómez (2011), Lionel Messi (2011), Burak Yılmaz (2012), Zlatan Ibrahimović (2013)
5 mål: Franck Sauzée (1992), Mário Jardel (1999), Rivaldo (1999), Didier Drogba (2003, 2006), Roy Makaay (2003), Dado Pršo (2003), Hakan Şükür (2003), Kaká (2006), Fernando Morientes (2006), Zlatan Ibrahimović (2007), Cristiano Ronaldo (2007), Karim Benzema, Steven Gerrard, Miroslav Klose, Lionel Messi (alle 2008)
4 mål: Wynton Rufer (1993), Alen Bokšić, Artur, Mário Jardel, Milinko Pantić, Diego Simeone, Marco Simone (alle 1996)
Toppscorarar i meisterliga-gruppespelet år for år:
- 2013/14: Ronaldo (7), Ibrahimović (6) – etter tre av seks kamper:
- 2012/13: Burak and Ronaldo (6)
- 2011/12: Gomez and Messi (6)
- 2010/11: Eto'o (7)
- 2009/10: Ronaldo (6)
- 2008/09: Benzema, Gerrard, Klose, Messi (5)
- 2007/08: Ibrahimović, Ronaldo (5)
- 2006/07: Drogba, Kaká, Morientes (5)
- 2005/06: Shevchenko (6)
- 2004/05: Van Nistelrooy (8)
- 2003/04: Drogba, Makaay, Pršo, Şükür (5)
- 2002/03: Crespo, Inzaghi (8)
- 2001/02: Elber, Trezeguet (6) – etter første gruppespel
- 2000/01: Rivaldo, Simone (6) – etter første gruppespel
- 1999/00: Jardel, Rivaldo (5) – etter første gruppespel
- 1998/99: Zahovič (7)
- 1997/98: Henry (6)
- 1996/97: Bokšić, Artur, Jardel, Pantić, Simeone, Simone (4)
- 1995/96: Litmanen (6)
- 1994/95: Weah (6)
- 1993/94: Rufer (4)
- 1992/93: Sauzée (5)