33-åringen har tidlegare sagt at han vil spele fotball til han er 41 år, men aldri spesifisert at dette også gjeld landslaget.
Etter 2-1-tapet mot Uruguay i åttandedelsfinalen i VM i går opna Ronaldo for at karrierens hans som Portugal-spelar kan vere over – etter utrulege 154 kampar og 85 mål.
– Eg vil ikkje prate om framtida mi på landslaget no. Det får vi gjere ved eit anna høve, sa Ronaldo laurdag kveld ifølgje Aftonbladet.
– Det eg derimot kan seie er at eg er stolt over innsatsen vår i VM, sjølv om dette vart ein veldig tung kveld, la superstjerna til.
Opna sterkt
Cristiano Ronaldo og Portugal fekk ein god start på VM. Først scora Ronaldo alle lagets mål i 3-3-kampen mot Spania. Så stod han for kampens einaste mål i sigeren mot Marokko.
Derifrå gjekk det tyngre. Ronaldo bomma på straffe i 1-1-kampen mot Iran, der Portugal var nær ved å ryke ut av VM. Så kom både han og laget til kort mot Uruguay laurdag kveld.
Og det kan altså ha vore Real Madrid-spelaren sin siste landskamp.
Tittelen han manglar
Han debuterte allereie i 2003, og var med på laget som tok EM-sølv på heimebane året etter. I 2006 hamna iberarane på ein sterk fjerdeplass i VM. Sidan gjekk det tyngre, men i 2016 vann Portugal overraskande EM i Frankrike – med Ronaldo som kaptein.
VM-tittelen er den einaste Ronaldo manglar. Men Ronaldo vil vere nesten 38 år i Qatar-VM om fire og eit halvt år. Derfor spør mange seg om han no gir opp draumen om VM-gull og heller konsentrerer seg om klubbfotballen resten av karrieren.
– Ronaldo har framleis mykje å gi. Eg håper han er med oss når Nations League startar i september, sa Portugal-trenar Fernando Santos i går ifølgje Aftonbladet.
Cristiano Ronaldo har vunne Champions League fem gonger, fire av dei med Real Madrid. Den siste tittelen kom etter finalesigeren mot Liverpool i Kiev i mai.
Foto: HANNAH MCKAY / Reuters– Unge og ambisiøse
Med eller utan han sjølv på laget: Ronaldo er trygg på at framtida til dei regjerande europameistrane er lys.
– Eg er sikker på at Portugal kjem til å vere eitt av verdas beste lag også i framtida. Vi har ein ung og ambisiøs stall, sa 33-åringen i går ifølgje NTB.
PS. Cristiano Ronaldo manglar den gjævaste tittelen som landslagsspelar, men har vunne «alt» som klubbspelar: Tre Premier League-titlar, éin siger i FA-cupen og éit Champions League-gull med Manchester United, og to seriemeisterskap, to cupgull og fire Champions League-titlar med Real Madrid. Han er dessutan kåra til verdas beste fotballspelar fem gonger, seinast i fjor.
- Les også: Må man vinne VM for å bli tidenes beste?