NRK Meny
Normal

Ronaldo tangerte Hegerberg som europeisk toppscorar med utruleg brassespark

Cristiano Ronaldos 2-0-mål går inn i historia som kanskje den vakraste av alle hans mange scoringar.

Cristiano Ronaldo

RONALDOS VAKRASTE? Ronaldo får fulltreff med sitt vakre brassespark og viser kven som er best. Han scora to og hadde ein assist i 3-0-sigeren

Foto: ALBERTO PIZZOLI / AFP

Laster innhold, vennligst vent..

Cristiano Ronaldo knuste Juventus i første kvartfinalen i meisterligaen, og Real vann 3–0 etter ei oppvisning av dei sjeldne i Torino. Ronaldo scora to av måla, og tangerer dermed Lyons Ada Stolsmo Hegerberg::

Laster Twitter-innhold

Begge har scora 14 mål i europeiske klubbturneringar denne sesongen.

Det var Ronaldo opp og Ronaldo i mente i regnvêret i Torino i kveld. Han hadde to mål og ein målgivande, og var involvert i nesten alt i Reals massakre av heimelaget.

– Cristiano er ein spelar som berre vil ha meir og meir og meir. Eg er så glad for at det er oss han spelar for, sa Reals trenar Zinedine Zidane til Viasport.

Om Ronaldos 2-0-mål var Real-trenaren nøktern.

– Brassesparket hans var ekstremt. Men han bomma på to mykje lettare sjansar. Slik er fotball, sa Zidane.

Før kveldens kamp hadde ikkje Juventus tapt på heimebane i europeisk samanheng sidan 2013.

Hans aller vakraste?

Cristiano Ronaldo har scora i alle ni Real-kampane i meisterligaen denne sesongen, og totalt i ti på rad. Det har ingen andre gjort før.

Laster Twitter-innhold

Kveldens første kom før det var spela tre minutt mot Juventus. Isco gjekk til dødlinja og la inn. Der stod Juventus' midtforsvar stille og let Ronaldo skyte på direkten i motsett hjørne.

19 minutt etter pause leverte han dagens suverene høgdepunkt. Etter at alle trudde angrepet var over og Juventus hadde rydda opp, slo Ronaldo til med eit nesten umogeleg brassespark, og 2–0. Ei heilt ufatteleg scoring sjølv etter Ronaldo-målestokk.

Då fekk portugisaren ståande applaus også frå heimepublikum.

Raudt kort

Rødt kort Paulo Dybala

RAUDT: Paulo Dybala får sitt andre gule og må gå av bana på ein svart kveld for Juventus

Foto: JAVIER SORIANO / AFP

Måla var Ronaldos scoring nummer 118 og 119 i meisterligaen. I kvartfinalar åleine har han scora 22.

I tillegg hadde Real to i tverrliggaren. Både Tony Kroos og Mateo Kovacic trefte tverra.

Ronaldo var også involvert i det tredje, som Marcelo var sist på.

Og for å gjere den vonde kvelden endå verre for Juventus, fekk Paulo Dybala sitt andre gule kort midt i andre omgang. Juventus måtte avslutte med ti mann, og Dybala får ikkje vere med i Madrid neste veke.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

  • Norge holdt liv i håpet

    Norges U19-gutter snudde til 3-2 med to sene mål av Erik Botheim og Christian Borchgrevink mot Finland. Jens Hauge sendte først Norge i ledelsen.

    Dermed er Norge på tredjeplass i EM-gruppen, bak Portugal på målforskjell etter at de tapte 2-3 mot gruppeleder Italia, som Norge møter søndag.

  • Sarpsborg på cruise-kontroll

    Sarpsborg tok seg enkelt videre til andre kvalifiseringsrunde i Europaligaen etter 2-0(1-0) over IBV Vestmannaeyjar (Island). Sammenlagt ble det 6-0.

    Mikkel Agger scoret begge målene foran 3552 tilskuere.

    Europa League, Sarpsborg 08 - IBV ( Island).
    Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix
  • Nibali sendt til sykehus

    Tidligere Tour de France-vinner Vincenzo Nibali ble torsdag sendt til sykehus med mulig brudd i en ryggvirvel etter et sammenstøt med en politimotorsykkel. Uhellet skjedde mot slutten av torsdagens kongsetappe til Alpe d'Huez.

    Nibali
    Foto: Marco Bertorello / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Sport og musikk
Sport og musikk
Tour de France: 13. etappe
Tour de France: 13. etappe
X Games Minneapolis
Sport i dag