Dette forklarer Ronaldos målfest: Betre på alt etter at han fylte 30

Statistikken viser at Cristiano Ronaldo har forbetra seg vesentleg etter han fylte 30 år. No vil han spele til han er 41. – Han er eit ekstremt tilfelle, meiner norsk fotballs superveteran.

Cristiano Ronaldo har berre 7 i feittprosent, og ein muskelmasse på 50 prosent. Det har Ronaldo ved nokre høve vist fram ved målfeiringar, her for Real Madrid.

Foto: Oscar Del Pozo / AFP

Den no 33 år gamle angriparen frå Madeira står med 84 mål på 151 landskampar for Portugal.

Dei færraste blir kanskje overraska over at mannen som vart kåra til verdas beste fotballspelar i 2008, 2013, 2014, 2016 og 2017 har eit scoringssnitt på 0.56 på landslaget.

Langt meir imponerande er det at Ronaldo har scora 33 mål på 32 landskampar etter at han fylte 30 år. Det vil seie eit scoringssnitt på 1.03 mot 0.44 før fylte 30.

– Har lenge igjen

Høvesvis 51, 42 og 44 klubbmål i dei tre sesongane etter at han fylte 30 år tyder heller ikkje på at den portugisiske maskinen har roa seg med åra. Ei heller at han i det same tidsrommet både har blitt europameister med Portugal og vunne Champions League med Real Madrid tre gonger.

– Akkurat no er den biologiske alderen min 23 år, sa Ronaldo til det spanske TV-programmet El Chiringuito i mai.

Og den portugisiske landslagskapteinen har ingen planar om å legge opp med det aller første.

– Eg har framleis lenge igjen som fotballspelar. Eg kan spele til eg er 41 år, varslar storscoraren.

Sjå Ronaldo sine tre mål mot Spania her:

1 av 8
24,402 visninger

Ronaldo scorer på straffe

  • Ronaldo scorer på straffe

    0:22
  • Costa utligner

    0:13
  • Kjempesjanse for Spania!

    0:11
  • Nydelig spill av Spania

    0:11
  • 2-1 Ronaldo! David De Gea med keepertabbe

    0:08
  • Diego Costa utligner til 2-2!

    0:12
  • Nacho svarer kontant, og Spania er i ledelsen!

    0:13
  • Ronaldo med hat-trick

    0:39

Låg feittprosent, høg muskelmasse

Avisa AS viser til oppsiktsvekkande data som kan forklare kvifor Ronaldo framleis klarer å prestere på eit ekstremt høgt nivå.

Han har ein feittprosent på berre 7. Det normale for fotballspelarar er 10 eller 11. Ronaldo har også ein muskelmasse på 50 prosent. Det er ikkje normalt å overstige 46 prosent.

Wæhler

Kjetil Wæhler er 42 år, men held framleis koken på eit Sogndal-lag som ligg på andreplass i 1.-divisjon.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Kjetil Wæhler, som i ein alder av 42 år kjempar om opprykk med Sogndal, synest det er artig at Ronaldo gjer det såpass godt til eldre han blir.

– Ronaldo er eit ekstremt tilfelle. Eg er svært imponert over den fysiske kapasiteten hans og korleis han ser ut. Ronaldo sluntrar nok ikkje unna. Så han kan halde på i mange år til, spår den tidlegare landslagsstopparen.

– Han kan gå lei

Men om Ronaldo faktisk held det gåande på det ypparste toppnivået til han er 41 år er den tidlegare landslagsstopparen meir usikker på.

– Ronaldo er neppe den første som gir seg. Om han er smart og prioriterer godt kan han halde på lenge. Han vil neppe kome til å legge opp fordi belastninga blir for stor. Spørsmålet er om han gir seg før eller seinare fordi han rett og slett går lei, seier Wæhler.

PS. I dag kan Portugal ta eit langt steg mot åttandedelsfinalen om dei slår Marokko. Kampen går på NRK klokka 14.00.

Russia WCup Match Moments Day 2 Photo Gallery

Cristiano Ronaldo scora alle Portugal-måla i 3-3-kampen mot Spania fredag. Dermed er Ronaldo oppe i 84 landslagsmål.

Foto: Francisco Seco / AP

Siste nytt

  • Hovland faller på lista

    Viktor Hovland faller noen hakk på resultatlista etter fredagens runde i PGA-turneringen i golf i Las Vegas. Han er sju slag bak teten, melder NTB.

    Igjen spilte Hovland solid, men 2.-runden var ikke fullt så god som den han leverte på åpningsdagen. Da fikk han sju birdier og unngikk å spille kostbare bogeyer. Fredag gikk han i alt fire slag under par.

    GQiKqOpMAVU
    Foto: Alex Goodlett / AFP
  • Koronatrøbbel i Tottenham

    Tottenhams planer foran søndagens bortekamp mot Newcastle er blitt forstyrret av to koronatilfeller i spillerstallen, ifølge NTB. Flere britiske medier, deriblant Sky Sports, melder om Tottenhams smitteutbrudd. Det er ikke kjent hvilke to spillere det gjelder.

    London-klubben har ikke bekreftet opplysningene, men manager Nuno Espírito Santo antydet på fredagens pressekonferanse at de har trøbbel i oppladningen til Newcastle-oppgjøret.

    – Etter landslagspausen er det alltid store problemer som dukker opp. Vi har problemer, men jeg vil ikke si n

  • Gulbrandsen med superinnhopp

    Fredrik Gulbrandsen var sentral da Istanbul Basaksehir senket byrival Besiktas 3-2 i tyrkisk toppfotball, melder NTB. Som innbytter gjorde han mål og la opp til et annet. Gulbrandsen entret gressmatta med et snaut kvarter igjen på klokka, og ni minutter senere hadde han vært nest sist og deretter sist på ballen ved hjemmelagets to siste scoringer.

    Fredrik Gulbrandsen
    Foto: OZAN KOSE / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal