Hopp til innhold

Romøren tilbake i hoppmiljøet: – Det har vore drittøft

Tysdag var Bjørn Einar Romøren (39) tilbake i hoppmiljøet for første gang på over eitt år. Landslagshopparane fleipar med at den «dårlege humoren» er tilbake i laget.

Bjørn Einar Romøren

SMILER: Bjørn Einar Romøren var tysdag tilbake i hoppmiljøet for første gang på over eit år.

Foto: Andreas Hagen / NRK

– Det siste året har vore lærerikt. Og det har vore drittøft. Men så lenge eg står her i dag, føler meg frisk og har eit bra system rundt meg som eg ikkje har klart å øydelegge i sjukdomstida, så er eg ekstremt takknemleg, seier Romøren til NRK.

Iført kaps og hopplandslagets treningsdrakt møter han NRK på Lillehammer der landslaget har treningsleir.

– Koseleg og spanande

Sommaren 2019 fekk den tidlegare landslagshopparen påvist kreft. Han har vore gjennom ei tøff behandling. Han er kreftfri, men må gå jamleg til kontroll i ti år framover.

Det er ein opptur å møte den gamle gjengen.

– Det er veldig koseleg og samstundes spanande. Eg har akkurat sagt hei til halvparten av laget og fått i meg mat. Seinare skal eg snakke med hopparar og partnarar. I tillegg får eg sjå litt hopping. Det blir gøy, seier Romøren.

Samtidig som han blei ramma av kreft, blei Romøren far for andre gang.

Han er i pappaperm fram til 5. oktober. Deretter er planen å kome tilbake i jobben i Noregs Skiforbund som marknadssjef for hopplandslaget.

Bjørn Einar Romøren 2

HELSING: Bjørn Einar Romøren skal i løpet av hausten tilbake i jobben hos Skiforbundet. Tysdag møtte han Halvor Egner Granerud og landslaget på Lillehammer.

– Viktig for dei unge

Sportssjef Clas Brede Bråthen er glad for å ha Romøren tilbake i miljøet.

– Det er ingen tvil om at vi har sakna Bjørn Einar. Det blir bra å få kunnskapen, kompetansen og ikkje minst personen tilbake, seier Bråthen til NRK.

Landslagssjef Alexander Stöckl seier Romøren si erfaring er viktig for laget.

– Han har vore ein viktig person i mange år. Både som idrettsutøvar og som marknadssjef. Han har gjort ein kjempejobb der. Alle våre sponsorar han har vore i kontakt med har vore ekstremt nøgde.

– Erfaringa hans som idrettsutøvar hjelper dei unge utøvarane våre å ta rette val. Han er ein fantastisk person. Ein morsom kar som vi har sakna. Det blir kjempestas å få han tilbake, seier landslagstrenaren.

Framleis ikkje normalt

Hopparane på landslaget har tidlegare uttrykt sin støtte i løpet av sjukdomsperioden. Miljøet har vore prega, fortel Johann Andre Forfang.

– Det var sjølvsagt eit sjokk for alle då han fekk kreft og var ute av miljøet. Han har bidrege veldig godt inn i gruppa. Vi har merka at han har vore borte. Han er ein gledesspredar. Det blir utruleg godt å få han tilbake, seier Forfang, og fleipar med at det heretter vil bli «mykje dårleg humor» på laget no som Romøren er tilbake.

– Vi flirer jo, så det er ein lun og god humor. Det er aldri stille rundt han. Han lar «kakla» gå. Og det er gøy, smiler Forfang.

Samstundes som Romøren føler seg frisk, understrekar han at kroppen framleis treng tid.

– Eg føler at livet framleis ikkje er normalt. Det er også sjølvsagt på grunn av situasjonen i resten av verda.

– Men eg har vore veldig sjuk, og har ikkje kome meg tilbake til normalen enno. Eg nyt å vere i pappaperm. Og etter å ha fått to sånne arvingar i hus, kjem livet uansett aldri til å bli normalt igjen, smiler Romøren, klar til å ta fatt på livet att.

Den tidligere verdensrekordholderen forteller om kreftsykdommen han har vært gjennom.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal