NRK Meny
Normal

Romania rysta Norge 149 dagar før OL

Handballjentene tidvis overkøyrt i EM-kvalifiseringa. For første gang på sju år tapte Norge for Romania.

thorir

TAP: Thorir Hergeirssons handballjenter sleit tungt mot Romania i EM-kvalifiseringa.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Både forsvars- og angrepsspelet var i periodar langt unna det Norge leverte då dei vann VM i desember i fjor.

Mot Romania låg Thorir Hergeirssons jenter under med 16-9 til pause. Med sju mål bak låg dei an til det største tapet sidan 34-27-nederlaget for Frankrike i 2011.

– Kan ikkje bare møte opp og vinne

Med Heidi Løke og Nora Mørk i spissen pynta Norge på stillinga i andre omgang, men var aldri i stand til å hente inn Romanias forsprang.

Ein stappfull handballhall i Cluj kunne til slutt juble for rumensk 25-20-triumf. Ikkje sidan 2009 har Norge tapt for Romania, som ser ut til å ha tatt store steg under den svenske trenaren Thomas Ryde.

– Det er greit at tapet kjem no. Det å bli minna på at dei ikkje bare kan møte opp og vinne er bra. For å slå Romania må ein no vere fullt skjerpa, seier NRKs handballekspert Øystein Havang.

– Vi skal ikkje vere for bekymra etter dette tapet, legg han til.

Enkel EM-gruppe

Men sjølv om det blei tap i første kamp i EM-kvalifiseringa det er ikkje fare for EM-plassen. I gruppa på fire lag går to nasjonar til EM. Desse to blir etter alt sannsyn Norge og Romania.

Lagene møtes igjen i Stavanger søndag.

Kviterussland og Litauen er dei to andre motstandarane, som i utgangspunktet skal vere for svake for Norge.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM i bryting
4-4-2 Eliteserien fotball: Sarpsborg 08 - Strømsgodset