Under «Impossible Games» 11. juni skal Filip Ingebrigtsen prøve seg på Vebjørn Rodals norske 1000 meter-rekord frå august 1996. Då sprang den olympiske meisteren på 2:16.78.
– Han har jo stått i nokre år, og er frå det året der han var på topp. Eg veit ikkje om han har prøvd å ta han sjølv, men det er ei bra tid på 1000 meter. Det er litt bak verdsrekorden, men ikkje mykje, seier Filip Ingebrigtsen til NRK.
Ingebrigtsens bestenotering på distansen er frå 2016. Då var han 17 hundredelar for seint ute, og han klokka inn på 2:16.95.
Sidan den gong har han sett mange norske rekordar. På Bislett får han i tillegg hjelp frå to harar i delar av løpet.
– Men eg må gjere det meste av jobben sjølv, seier han.
Sette rekord etter utdrikningslag
Ifølgje Rodal skal rekorden vere overkommeleg å slå, Rodal var ikkje akkurat i toppform då den vart slått.
– Ein venn arrangerte utdrikningslag, vi måtte ha det når vi er frå Trøndelag. Eg la meg litt seint, eller tidleg etter korleis ein ser det. Han har plukka seg ei lavthengande frukt når det gjeld å slå ein rekord. Det nivået bør han ha inne, seier Rodal, som no er NRKs friidrettsekspert.
IKONISK: Vebjørn Rodal kan nesten ikkje tru at han nettopp har teke OL-gull på 800 meter. Like etter sette han norsk rekord, som han sjølv omtaler som «lavthengende frukt».
Foto: Erik Johansen / NTB scanpixEtter ei natt/dag med lite søvn bar det rett til London. Dagen etter sprang han inn til norsk rekord, ei tid som har stått i 24 år.
– Om ein leitar etter ein enkel rekord, så er det mogleg, seier Rodal.
Noreg mot Kenya
Ikkje nok med rekordforsøk, like etter dannar Filip Ingebrigtsen lag med sine to brør i ein slags landskamp mot Kenya. Dei stiller med Timothy Cheruiyot, verdseinar på 1500 meter.
«Landskampen» går over 2000 meter, begge land startar med fem utøvarar, men gjennomsnittstida for dei tre beste i mål avgjer resultatet.
– Det er veldig spesielt, vi spring mot den beste i verda. Den som vinn, er best i verda, utan å kalle det ein verdsmeisterskap, seier Jakob Ingebrigtsen.
– Eg skal fokusere på eitt løp om gongen, det er lenge sidan eg har konkurrert, så eg skal køyre knallhardt frå start. Eg satsar på at eg er litt betre trent no, men rekorden på 1000 meter er knallhard. Det er hovudfokuset mitt, så får vi sjå om eg kan gjere ein jobb som hare etterpå, seier Filip Ingebrigtsen.
Det krev i så fall restitusjon i verdsklasse.
– Første fokus er å jogge ned og førebu meg til neste løp. Så får eg ta ei vurdering på om eg skal dra eller vere med som ein av dei tre som går i mål. Eg trur det skal gå fint, men eg blir litt sett ut av det første løpet, seier han.
I beste fall kan han stå igjen med norsk rekord og siger mot Kenya.
– Å fullføre begge løpa er jo halvvegs umogleg. Det triggar meg og er ein stor motivasjon, å motbevise litt. Å ha store utfordringar er veldig motiverande, seier han.
– Det er ikkje umogleg, men det kan bli tøft etter kvart der, seier Rodal.
Kjem til å sakne Bislett-brølet
Opplegget på den norsk-kenyanske landskampen blir veldig utradisjonelt, i tråd med epoken vi er inne i.
Den kenyanske kvintetten samlast i Nairobi og spring eit par dagar før stemnet på Bislett. Men tida skal haldast hemmeleg. Ho blir overlevert til eit firma i Sveits, og det er berre dei som veit kva tida er. Løpet blir vist på NRK ved sidan av Team Ingebrigtsen, som spring på Bislett. På den måten held dei på spenninga heilt til målstreken.
– Vi aner ikkje noko om tida, seier Bislett-general Steinar Hoen.
SPRING FØRST: Timothy Cheruiyot skal springe i Kenya eit par dagar før, men ingen får vite tida.
Foto: Dylan Martinez / ReutersKenyas Timothy Cheruiyot er den desiderte einaren i verda på distansen, og vart verdsmeister i fjor. Det betyr at Noreg må vere på sitt ytste for å vinne.
– Vi kan jo håpe at dei er demotiverte, at dei har lagt på seg eit par kilo og at dei ikkje er i si beste form. Men det blir ein tøff match. Alle må vere opp på sitt beste for å slå dei, seier Ingebrigtsen.
Og nokon heimebanefordel blir det definitivt ikkje. Lyden av publikummet som vanlegvis set rammene på Bislett Games er borte.
– Det er ein individuell idrett, så eg trur det skal gå greitt. Du får tunnelsyn og fokus på løpet, men det er noko spesielt med Bislett. Vi får tenkje at det er mange som sit heime og heiar, seier Filip Ingebrigtsen.
TOMT: Det blir tomme tribunar på Bislett 11. juni, akkurat som på pressekonferansen på tysdag.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix