– Eg likte ikkje teknikken min i dag. Eg rota meg bort i Xiang Liu over siste hekk, men akkurat no føler eg meg fantastisk bra, sa Robles utan bismak etter løpet.
Men bismaken skulle komme tidsnok. Kinesarane la inn protest på Robles etter løpet, og arrangørane tok denne til følgje.
Dermed står Jason Richardson som gullvinnar. Han grein av glede då han fekk vite at han var meister.
– Dette tar ikkje vekk nokon ting frå følelsen av å vere verdsmeister. Eg føler veldig for Robles, men er sikker på at han kjem tilbake. Han har enno verdsrekorden. Det er sånt som skjer, sier Richardson til NRK.
Kubanarane leverte inn motprotest. Denne blei avvist av det internasjonale idrettsforbundet (IAAF).
- Riktig å diske Liu? Diskutér nedst i saka!
Kamp om gullet
Kinesiske Xiang Liu melde seg på i gullkampen med bestetid i semifinalen på 110 meter hekk.
Saman med David Oliver, Dayron Robles og Jason Richardson utgjorde han eit stjernespekka finaleheat der ingen var heilt klare sigersfavorittar.
I 2008 måtte Liu gje seg under oppvarminga under OL. Han kom ikkje ein gang til start framfor heimepublikummet.
Under dagens finale låg han an til gull då gigantane fossa inn mot mål. Diverre kom utfordrar Dayron Robles borti kinesaren på siste hekk, og gulldraumen rakna for Liu.
110 meter hekk - resultat:
1. Jason Richardson, USA (13.16)
2. Xiang Liu, Kina (13.27)
3. Andrew Turner, Storbritannia (13.44)
4. David Oliver, USA (13.44)
5. William Sharman, Storbritannia (13.67)
5. Aries Merritt, USA (13.67)
DISKA: Dayron Robles, Cuba (13.14 sek.)