Gianni Demadonna, agenten til Yomif Kejelcha og Talehun Bekele, stadfestar at dei to etiopiarane vil delta. Kejelcha har vunne to 5000-meter og toppar Diamond League-rankinga i år.
Bekele følgjer like bak på ein tredjeplass, men dei to er ikkje fornøgde med at det er 3000 meter på programmet i Diamond League-finalen.
– Dei synest det er absurd at dei kvalifiserer seg til å springe 5000 meter når finalen er 3000 meter. Veldig lite fornøgd. Berre fordi Ingebrigtsen vil springe 3000 meter og ikkje 5000. Ikkje rett i det heile. Men dette er underhaldningsindustrien friidrett no til dags, skriv Demadonna til NRK.
SLO TILBAKE: Yomif Kejelcha vart nummer fem i VM, men vann få dagar seinare 5000-meteren i Zürich.
Foto: Ennio Leanza / APDet er første gong sidan Diamond League gjekk om til eit finaleformat i 2017 at det skal springast 3000 meter – i staden for VM- og OL-distansen 5000 meter.
Ingebrigtsen svarar
Agenten til Jakob Ingebrigtsen, Daniel Wessfeldt, skriv i ei melding til NRK at det er opp til arrangøren å velje mellom dei to distansane.
– Verken eg eller Jakob har kravd eller bede om at det skal vere 3000 meter. Det er ei avgjerd frå arrangøren og stemnesjefen, og ingen andre, skriv Wessfeldt, og held fram:
– Hadde det vore ein 5000 meter, så hadde Jakob stilt opp der. Er det nokon som har spørsmål om det så kan dei kontakte stemnesjef John Capriotti. Det kan også Demadonna gjere, skriv svensken.
Arrangøren av Prefontaine Classic skriv til NRK at dei har som mål å samle dei sterkaste startfelta i alle øvingane. Dei svarer ikkje på direkte spørsmål om korleis avgjerda vart teke eller kritikken, men nemner at det har vore ein lang sesong for utøvarane.
NRK stilte Jakob Ingebrigtsen spørsmål om irritasjonen i feltet fordi det skulle springast kortare – og fordi misnøya vart retta mot han.
– Eg har ikkje noko oppfatning om det. Eg vart spurd om å springe 3000, for dei høyrde eg hadde «wild card», så eg kunne vere med viss eg hadde lyst.
– Har du bede om det?
– Å springe 3000? Nei.
Ingebrigtsen fekk friplass
Konkurransane for å kvalifisere seg til finalen har bestått av éin 3000 meter og fem 5000-meter. Det er berre det første løpet i år i Doha som var den kortaste distansen på herresida. Kvinnene har sprunge den tre gonger.
Jakob Ingebrigtsen har ikkje sprunge nokon av løpa. Måndag vart det annonsert at han er tildelt ein friplass. Det er reservert for opptil fire internasjonale utøvarar, to per kjønn, i finalen.
På same måte som arrangørane kan ha både 3000 og 5000 meter som Diamond League-øving, er også 1500 meter og éi engelsk mil (1609 meter) jamstilt.
I Eugene har arrangøren valt 3000 meter og éi engelsk mil som distansar for mennene og 1500 og 5000 meter for kvinnene.
Ingebrigtsen er dobbel verdsmeister på 5000 meter og tok sitt andre VM-sølv på 1500 meter i sommar. Han er ein av det mest ettertrakta namnet til friidretten.
Denne sommaren har han sett verdsrekordar på to engelske mil og 2000 meter.
- Jakob Ingebrigtsen spring 3000 meter klokka 22.17 søndag.