Hopp til innhold

Ristar på hovudet over Chelsea sin kraftige pengebruk: – Eit ordentleg rot

Ingen har brukt fleire spelarar enn Chelsea denne sesongen. Ingen har brukt meir pengar. No er ekspertane bekymra for den engelske storklubben som, pengebruken til trass, er langt unna der dei pleier å vere.

Britain Soccer Premier League

GIGANTKJØP: Mikhailo Mudryk såg lenge ut til å vere på veg til Arsenal, men vart nyleg presentert som Chelsea-spelar. Laurdag fekk han sine første Chelsea-minutt mot Liverpool.

Foto: David Cliff / AP

– Eg synest ikkje det er nokon klar raud tråd i det dei held på med. Det verkar som dei har hastverk, og resultatet er at det blir kaotisk. Dei manglar disiplinen til dei veldrivne klubbane, og alt verkar meir sporadisk og impulsivt.

Det er dommen til NRKs fotballskribent Thore Haugstad over overgangsaktiviteten til Chelsea.

Det har vore nokre intense og vanskelege månader sidan amerikanske Todd Boehly og konsortiet hans tok over London-klubben. Sidan har dei signert 14 spelarar, sat overgangsrekord, sparka og tilsett ny trenar.

I tillegg har heile den sportslege leiinga vorte omstrukturert.

Men Chelsea, som har brukt meir enn 4 milliardar kroner i dei to siste overgangsvindauga, ligg langt bak konkurrentane, har skåra færre mål enn Erling Braut Haaland og er i skrivande stund på ein 10.-plass.

Akterutsegla i gullkampen (21 poeng bak Arsenal), og ordentleg bakpå i kampen om topp fire og meisterligaspel.

– Eg trur det vil ta ei god stund før dei blir eit lag som slåst om ligatittelen igjen, meiner Haugstad.

Austria Soccer Champions League

TØFF JOBB: Chelsea-trenar Graham Potter.

Foto: Florian Schroetter / AP

Men korleis hamna Chelsea, som vann meisterligaen for halvtanna år sidan, her?

Enorme endringar

Det vart store omveltingar på Stamford Bridge, Chelsea si heimebane, i 2022. Russiske Roman Abramovitsj, som hadde eigd klubben med stor suksess sidan 2003, måtte selje klubben som følgje av sanksjonar i samband med den russiske invasjonen av Ukraina.

I mai tok Todd Boehly, ein amerikansk forretningsmann, investor og filantrop over. Boehly, akkompagnert av konsortiet Clearlake Capital, kjøpte klubben, og deretter følgde haugevis av endringar.

Nøkkelpersonell i den sportslege strukturen, som klubblegende og teknisk rådgivar Petr Cech, og dessutan direktøren Marina Granovskaia, forlét rollene sine.

Boehly tok på seg jobben som mellombels sportsdirektør og la ut på ein Europa-turné for å bli kjend med agentar, klubbpresidentar og sportsdirektørar. Gary Neville skulda Boehly for å operere som om han spelte dataspelet «Football Manager», og fleire kjelder skildra situasjonen som «kaotisk», ifølgje The Guardian.

Premier League - Chelsea v Wolverhampton Wanderers

FORTVILAR: Todd Boehlys første sesong som Chelsea-eigar har ikkje vore nokon dans på roser.

Foto: TONY OBRIEN / Reuters

Det fyrste overgangsvindauget til Boehly, sommaren 2022, resulterte i åtte mann inn og 3 milliardar kroner brukt. Aldri før har ein engelsk klubb brukt så mykje pengar i løpet av eitt og same overgangsvindauge.

– I 20 år var det ein struktur i klubben som gav fantastisk suksess og var umåteleg populær med supporterane. Og no er det ein ny eigar som ønskjer å vise at han vil det beste for supporterane og klubben, og vil prøve å oppnå same status. Og det viser han ved å vere villig til å bruke pengar.

Hopplandslaget inviterer til kickoff foran 2021/22-sesongen

TRUR DET KAN SNU: Viaplay-kommentator Kasper Wikestad, som har følgt Chelsea tett denne sesongen.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Det seier Viaplay-kommentator Kasper Wikestad om dei to første overgangsvindauga til Chelsea under amerikansk eigarskap.

Wesley Fofana, Marc Cucurella, Raheem Sterling, Kalidou Koulibaly, Pierre-Emerick Aubameyang, Gabriel Slonina, Carney Chukwumueka og Denis Zakaria, kom alle inn Stamford Bridge-portane sommaren 2022. Sistnemnde på lån.

Dåverande Chelsea-trenar Thomas Tuchel fekk økonomisk støtte på overgangsmarknaden.

Men berre sju dagar etter at den siste signeringa var gjord og overgangsvindauget stengde, fekk den populære tyskaren sparken.

«Ved å sparke Thomas Tuchel, har Chelsea sine nye eigarar prestert å svi av 3 milliardar kroner utan ein klar sportsleg plan», skreiv NRKs Thore Haugstad i ein kommentar den gong.

Krevjande jobb

Inn kom Graham Potter, som forlét eit kritikarrost system i Brighton og entra den engelske hovudstaden.

– Han står midt i auget til stormen. Den jobben han har er kjempevanskeleg. Han kom frå den smartaste og kanskje mest veldrivne klubben i Premier League, til ein av dei mest kaotiske, meiner Haugstad.

Thore Haugstad, NRKs fotballskribent.

– INGEN RØD TRÅD: Det meiner NRKs fotballskribent Thore Haugstad.

Fasit etter fem månader i jobben er 10.-plass i ligaen, ute av begge heimlege cupar, vidare til utslagsrundane i meisterligaen og ytterlegare éin milliard kroner brukte på overgangsmarknaden.

– Det ser ut som dei er milevis unna. Dei gjer det rett og slett ikkje bra nok. Det er ikkje godt nok og eg slit med å sjå kvar dei er på veg. Dei er eit ordentleg rot, var dommen til tidlegare Chelsea-spiss Chris Sutton, som no jobbar for BBC.

544832101

KRITISK: Tidlegare Chelsea-spiss og noverande fotballekspert Chris Sutton.

Foto: PAUL ELLIS / AFP

– At Chelsea kan bruke så mykje pengar og vere så langt unna er berre heilt utruleg, meiner Sky Sportsekspert og tidlegare Liverpool-spelar Jamie Carragher.

Men Haugstad er sikker på at Potter kan få det til å bli magisk på Stamford Bridge igjen. Berre han får tid.

– Eg trur han kan gjere Chelsea til eit meisterlag. Han er veldig flink og absolutt kapabel, men han treng tid. Og så spørst det kor mykje tolmod han faktisk får i Chelsea, seier Haugstad.

Det at det har vore ein vanskeleg sesong så langt har ført til at Chelsea også i januar har vore aktive på overgangsmarknaden.

Benoit Badiashile, David Datro Fofana, Andrey Santos har vorte henta. João Félix har signert på eit dyrt halvtårslån, medan Chelsea også la fleire hundre millionar kroner på bordet for å hente det ukrainske stortalentet Mikhailo Mudryk.

Førre veke stadfesta dei den sjette signeringa til januarvindauget – den 14. totalt denne sesongen. Ifølgje fleire medium legg dei 350 millionar kroner til på bordet for PSV Eindhoven-vingen Noni Madueke.

No kan høgrebacken Malo Gusto og Benfica-stjerna Enzo Fernández også vere inn. Overgangsvindauget stenger 31. januar.

Fleire har lurt på korleis Chelsea kan handle så mykje og så dyrt utan å bli ramma av FFP – Financial Fair Play.

Britain Soccer Premier League

GIGANTKJØP: Mikhailo Mudryk såg lenge ut til å vere på veg til Arsenal, men vart nyleg presentert som Chelsea-spelar.

Foto: David Cliff / AP

Professor: – Klubbar tek større sjansar

– Vi kan berre spekulere på om dei slepp unna med det eller blir straffa, men det er veldig aggressiv politikk dei driv med. Manchester City er eit døme på ein klubb som slapp unna, trass dokumenterte brot på FFP-reglane. Klubbane kjøper for meir enn dei eigentleg kan, men dei er vant til å bli redda gong etter gong, seier professor i sportsøkonomi ved NTNU Handelshøgskulen, Harry Arne Solberg.

Han er blant dei som stussar over at Chelsea – og for så vidt andre klubbar – kan halde på som dei gjer på overgangsmarknaden, tilsynelatande utan konsekvensar.

– Har ein reglar, må det også ha ein straffereaksjon. Og når ein ikkje blir straffa gjer det noko med åtferda. Ein blir villig til å ta større sjansar, seier Solberg til NRK.

Harry Arne Solberg

PROFESSOR: Harry Arne Solberg.

Ein av metodane som kan forklare litt av grunnen til at Chelsea ikkje blir fanga opp av FFP er kontraktane Noni Madueke, Benoit Badiashile og Mikhailo Mudryk. Alle tre har fått ein 7.5-årskontrakt, medan Mudryk også har ein opsjon på eitt år til.

At kontraktane strekkjer seg over så mange år gjer at utbetalingane i større grad blir fordelte utover slik at det ikkje nødvendigvis blir ein gigantisk sum på ein gong.

– Det er rett og slett ein måte å gjere rekneskapen meir etande på, seier Solberg.

Chelsea sin skadesituasjon gjer innkjøpsbonanzaen litt enklare å forstå.

Dei har slite veldig med skadar heile sesongen, noko som har ført til at dei har brukt rekordmange spelarar i løpet av sesongen: 28 totalt.

Det som overraskar Wikestad mest med Chelsea sin overgangsaktivitet er at dei ikkje har styrkt områda som verkeleg har vore utsett: Betre dekning for viktige Reece James på høgrebacken og ein tydeleg målskårar.

– Skadeproblematikken gjer jo alt mykje vanskelegare, og hadde Potter hatt ein skadefri stall ville det endra på mykje. Det er ingen enkel jobb Potter har, og det er heller ingen garanti for å kaste pengar på så mange vil løyse nokre problem heller, seier Wikestad, og legg til:

– Dei har handla offensive spelarar over ein låg sko, og det er veldig mange like spelartypar.

– Kan gløyme topp fire

Wikestad trur Potter og Chelsea, allereie no, kan sjå langt etter meisterligaspel neste sesong. Å komme blant topp seks, og dermed sikre spel i Europaligaen, burde vere målet. Men no som Chelsea byrjar å få den sportslege strukturen på plass er han sikker på at dei vil løfte seg.

– Det er litt typisk Chelsea å ha ein litt svakare sesong, for så å slå tilbake, meiner han.

Anten det blir Meisterliga, Europaliga eller ikkje noka kontinental turnering i det heile: Det er i alle fall ingen tvil om at det blir ein stor ryddejobb i Chelsea-stallen til sommaren.

Det er fire spelarar på kontraktar som går ut til sommaren. Seks om ein tek med dei to som er på lån. Men det kan bli mange som dreg. For det skal truleg endå fleire inn.

Det trur NRKs Thore Haugstad kan bli krevjande.

– Ryddejobben blir enorm, og det er ein vanskeleg marknad å operere i. Det er vanskeleg å selje spelarar som tener såpass mykje. Og det hjelper ikkje at andre klubbar kjem til å vere klar over at dei må kvitte seg med spelarane, seier han.

Nyleg omtalte Graham Potter det å leie Chelsea som «den vanskelegaste jobben i fotball».

Men jobben har berre så vidt byrja.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal