Den russiske dopingskandalen, frykta for Zikaviruset, og uferdige byggeprosjekt har fått mykje merksemd i forkant av sommar-OL i Rio.
Her kan du derimot få dei harde (og mindre harde) tala bak dei olympiske leikane.
1: Første gang i Sør-Amerika
Aldri før har OL blitt arrangert på det Sør-Amerikanske kontinentet. No er det berre Afrika som ikkje har hatt eit OL på sitt kontinent. Europa har klart flest. Det er også første gong eit heilt sommar-OL har blitt arrangert på vinteren i vertslandet.
2: Nye idrettar
Det er to nye idrettar i OL, som ikkje var med i leikane i 2012. Det er golf og rugby. Meir om golf seinare.
10: Flyktning-utøvarar
For første gang skal eit lag av flyktningar konkurrere i OL. Utøvarar frå blant anna Sør-Sudan, Etiopia og Syria skal delta i leikane for å auke merksemda rundt flyktningkrisa.
18: Flest gullmedaljar
Michael Phelps har rekordar for flest gullmedaljar i olympisk samanheng. Totalt har han 22 medaljar. Han deltar også i Rio og kan dermed øke gullsamlingen i dette meisterskapet.
28: Gangar OL har blitt arrangert
Det er den 31. olympiaden, men tre har blitt avlyst på grunn av 1. og 2. verdskrig.
42: Kondom per utøvar
Det blir 450 000 tusen kondom til saman, det.
112: År sidan golf var med i OL
Sist gong golf var med i OL var under leikane i 1904. Då vann kanadiske George Lyon.
148: Medaljar til Norge
Norge har ein litt fattigare medaljefangst på sommarstid enn i vinterleikane. Under OL i London i 2012 tok me 4 medaljar, to av dei var gull.
206: Nasjonar med i leikane
Det er ny rekord, 2 meir enn i 2012. Kosovo og Sør-Sudan deltek i dei olympiske leikar for første gong.
918: Medaljar skal delast ut
i 28 forskjellige idrettar.
3300: Timar med direktesendt fjernsyn
TV 2 skal sende heile 3300 timar fjernsyn frå leikane 24 timar i døgnet. Det svarar til 137,5 døgn, nesten 20 veker (OL varer i cirka tre veker) og 198.000 minutt. Det er nok tid til å sjå 9000 episodar av Hotel Cæsar, synd det berre er laga 3000 episodar sidan starten. IOC tilbyr heile 5600 timar med direktesendingar.
3,5 milliardar: Får med seg OL
Dei siste olympiske leikane har blitt sett av totalt 3,5 milliardar menneske globalt. Det er halvparten av jordas befolkning.