Den snart 33 år gamle sunnmøringen har vore fotballproff i utlandet snart halve livet. Han drog til Monaco som 17-åring, og har til no knapt sett positivt tilbake til Noreg.
No opnar derimot John Arne Riise for spel i Eliteserien. Det fortel Riise til Betsson – spelselskapet som han blir sponsa av og som han samarbeider med.
- Les også:
– Synd å legge opp utan
Per dags dato er Riise på kontrakt i Fulham i Premier League, men mannen med venstreslegga
. Han skal no vere aktuell for tyske Werder Bremen.– Planen er 2–3 år til i utlandet, så har eg tidlegare sagt at det ikkje freistar å spele i Eliteserien, men det byrjar å endre seg no, seier han til spelselskapet.
– Kanskje nokre år i Eliteserien til slutt hadde vore fint.
Tidlegare har Riise berre spelt for éin norsk toppklubb, nemleg Aalesund. Forholdet til dei oransje og blå er derimot alt anna enn perfekt, og seinast i mai var han frampå og terga AaFK.
Skal det først bli spel i norsk Eliteserie er det to andre klubbar som står høgt i kurs. Dei to er Vålerenga og Lillestrøm, delvis fordi 32-åringen då vil bu i hovudstaden.
– Det ville vore synd å leggje opp utan å spele i Eliteserien. Eg ser kor bra bror min (journ. anm. Bjørn Helge Riise) har det i Lillestrøm.
Først meir proffliv
Før John Arne Riise eventuelt debuterer i Eliteserien, skal han uansett ha fleire år i utlandet. Kanskje i England, fort ein annan stad.
– Sesongoppkøyringa har vore bra på alle punkt. Eg har veldig gode testresultat og gler meg veldig til å kjempe om seriepoeng igjen, så får vi sjå om det blir i Fulham eller ein anna stad, fortel Riise.
Fulham har gått med på å sleppe mannen med flest norske landskampar gratis. Blir det ikkje overgang innan kort tid, vil Riise sin engelske klubb sesongdebutere borte mot Sunderland førstkomande laurdag.
Rekdal: – Ingen diskusjon sportsleg
Om to og tre år blir Riise 35 og 36 år. Det er null problem for ein så seriøs spelar som venstrebacken, meiner Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal.
– Han er ein svært god fotballspelar med gode haldningar, så skal han heim til Noreg så må vi ta ein prat og sjå om det er realistisk med han i Vålerenga.
Rekdal er derimot klar på at sunnmøringen då må godt ned i lønn.
– No blir han nok i utlandet ei stund til, for han tener vel i alle fall 15–20 millionar i året. Vi er ikkje nær å betale lønn som i England her i Noreg, så økonomisk kan det bli vanskeleg og han må nok kome i møte, trur Rekdal.
– Men dersom han vil heim til Noreg, og vil bu i Oslo, så er det ikkje så mange klubbar som er aktuelle. Eg likar John Arne Riise veldig godt, og kunne godt tenkt meg han i Vålerenga. Så sportsleg er det ingen diskusjon, han er meir enn god nok, men den økonomiske utfordringa kan bli stor, avsluttar Vålerenga-trenaren.