NRK Meny
Normal

Riise motivert av Materazzi - gjør comeback i indisk fotball

John Arne Riise la opp i juni fordi han ikkje lenger hadde motivasjon til å spele fotball på toppnivå. No gjør 35-åringen comeback i India.

John Arne Riise

MATERAZZI HENTA RIISE: John Arne Riise er klar for indiske Chennaiyin fotball, der Marco Materazzi, som blei skalla ned av Zinedine Zidane i 2006, er trenar.

– Eg gler med veldig til å returnere til India og spele for det store meisterlaget Chennaiyin, seier John Arne Riise i ei videohelsing på Twitter.

Her annonserer Riise India-comebacket:

Laster Twitter-innhold

Returen til indisk fotball skjer to månader etter at Riise sa seg ferdig med toppfotball.

35-åringen braut kontrakta med Aalesund tre månader etter at han hadde signert.

På sin eigen blogg skreiv 35-åringen at han mangla motivasjon.

– Min indre, hemmelige målsetting var å spille fotball på norsk toppnivå til jeg ble 40. Men sånn blir det ikke. Det stopper her, skreiv Riise.

Tok bare pause

No seier mannen med flest landskampar for Norge at han aldri utelukka å gjøre comeback.

– I juni tok eg pause, men eg heldt alltid døra open for ein retur til fotballen. Etter å ha snakka med trenar Marco (Materazzi) fekk eg motivasjonen tilbake, seier Riise til Chennaiyins heimesider.

Laster Twitter-innhold

Riise etter sitt første India-opphald: – Ikkje noko liv for meg

Riise får no sin andre periode i indisk fotball. Den perioden første var ikkje vellukka.

Den tidlegare Liverpool-profilen forlot klubben Dehli Dynamos i januar i år - halvanna år før kontrakten gjekk ut.

– Eg har sagt til klubben at eg ikkje kjem til å reisa tilbake, sa John Arne Riise i eit intervju på Skavlan i januar i år.

– Fotballen gjekk bra og gutane på laget var fantastiske, men det var ikkje noko liv for meg. Eg er nøydd til å føle meg trygg og komfortabel for å ha det bra, og det gjorde eg ikkje, la han til.

Sjå Fredrik Skavlans intervju med Riise:

John Arne Riise avslører på Skavlan at han ikke vender tilbake til India.

ANNONSERTE INDIA-EXIT PÅ SKAVLAN: Her seier John Arne Riise at han ikkje likte livet i India då han spelte for Dehli Dynamos.

No fortel Riise at han er meir klar for livet i India.

– I år er eg bedre førebudd og meir gira, seier Riise til chennaiyinfc.com.

Ifølgje avisa Times of India tente Riise 4,5 millionar kroner på fire månader i Dehli Dynamos. Løna blir truleg god denne gangen også.

Materazzi: – Han blir viktig for oss

98706455GB072_FC_Internazio FC Internazionale Milano v AS Roma - Tim Cup

TIDLEGARE RIVALAR: Marco Materazzi (Inter) og John Arne Riise (Roma). Her frå eit oppgjør i 2010.

Foto: Giuseppe Bellini / Getty Images

Riise har enno ikkje forlatt Ålesund og Norge, men så snart han kjem seg til India startar samarbeidet med ei tidlegare forsvarskjempe med store merittar.

Marco Materazzi, mest kjent å ha blitt skalla ned av Zinedine Zidane under VM-finalen i 2006, blir altså Riises trenar.

– John har ei fantastisk karriere bak seg, og spelte veldig bra i den indiske fotballigaen førre sesong. Han blir veldig viktig både på og utanfor banen, seier Materazzi til Chennaiyins heimeside.

– Marco (Materazzi) hadde spesielt stor betydning for avgjerda eg tok, seier Riise.

Materazzi var i Norge tidlegare i sommar, der han mellom anna besøkte Munch-museet på Tøyen i Oslo.

Laster Instagram-innhold

Siste nytt

  • Jacobsen takket nei til verdenscup

    Astrid Uhrenholdt Jacobsen (30) prioriterer Oslo, Skeikampen og Gålå framfor verdenscupåpningen i finske Ruka den kommende uken. Det er noen år siden Jacobsen presterte i verdenscupen i Ruka. Hun mener at det er klokest å prioritere annerledes nå.

    Sprint finaler.
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Zucca involvert da Rangers vant

    Mats Zuccarello bidro med to assist da New York Rangers slo Ottawa Senators 3-0 natt til mandag. Etter tap i de to siste kampene kunne Rangers nå juble for seier. Første periode var målløs, men fire minutter ut i andre periode scoret Kevin Hayes.

    SPO-HKO-HKN-OTTAWA-SENATORS-V-NEW-YORK-RANGERS
    Foto: BRUCE BENNETT / AFP
  • Norsk siger i curling-EM

    Thomas Ulsruds lag slo Nederland 6-2 i sin tredje kamp i curling-EM i Sveits. Dermed har Norge to sigrar og eitt tap hittil.

    Måndag møter Norge både Slovakia og Italia.

Sendeplan

Kl. Program Kanal