Harde frispark, skotforsøk frå langt hald og lange innkast. Alt var ved det gamle da John Arne Riise endeleg fekk sin debut framfor fullsette tribuner i heimbyen.
– Det var fantastisk å sjå at stadion var full i dag, det var heilt rått. Me prøvde å gje dei fotballfest, seier Riise etter kampen.
Og Riise var tydeleg lysten på å avgjere kampen da han kom inn med halvtimen igjen å spele. Brann hadde akkurat utlikna leiinga heimelaget sikra seg ved Peter Orry Larsen i fyrste omgang. Remi Johansen gjorde det på eit flakkande skot Aafk-keeper Andreas Lie burde ha tatt.
Nilsens genistrek
Riise fekk sjansen på midtbanen og med hans karakteristiske lange innkast blei heimelaget verkeleg farlege.
Veslebror Bjørn Helge var også farleg frampå med eit godt skotforsøk, men ballen føyk rett over målet til Leciejewski.
Så gjorde Brann-trenar Lars Arne Nilsen ein ting han har for vane å gjere når Brann treng mål. Han slapp innpå Azar Karadas når klokka bikka 80 minutt.
– Eg sa det til han når han skulle inn, du tek det på fyrste du. Og det gjorde han, smiler ein fornøgd Brann-trenar, Lars Arne Nilsen.
– Han gav klar beskjed at den skulle inn med ein gong. Det var godt å få hovudet på han og godt å sjå den gå inn. Ein fantastisk lagsiger, seier matchvinnar Azar Karadas.
For akkurat i dag var det ein genistrek. Karadas bruka berre 30 sekund og ein touch på ballen før han hadde avgjort kampen. Målet kom etter hjørnespark og der var sjølvsagt hardhausen frå Nordfjordeid på plass til rett tid og var ustoppeleg i duellen mot John Arne Riise.
Tungt tap
– Me er skuffa nå. Brann er eit lag me bør slå. Men det var fantastisk å vere tilbake og eg føler eg blir betre og betre, seier Riise som meiner han nærmar seg fysisk klar for startplass.
Aalesund klarte ikkje å kome tilbake mot slutten og dermed tok Brann med seg alle poenga frå Sunnmøre.
– Det føles veldig veldig tungt spesielt når me har klart å mobilisere før kampen og har over 10.000 tilskodarar igjen på tribunen, seier trenar Trond Fredriksen.