Hopp til innhold

– Det går som eg har sagt sidan han var sju år, denne guten blir verdsmeister

Han gjer det motsette av det andre fortel han, han har sine eigne måtar å takle motgang på, og han er ingen rotekopp sjølv om mange trur det. Møt kombinertløparen Jarl Magnus Riiber.

Bak all uflaksen finn vi ein særs hardtarbeidande, ambisiøs tenåring. Sportsrevyen har møtt Jarl Magnur Riiber

– Eg har alltid gått mange eigne vegar – gjort det motsette av det andre har sagt eg skal gjere. Det har gitt motivasjon, og eg har prøvd å vere lur. Heilt frå eg var liten har eg prøvd å setje saman ein plan, seier Jarl Riiber.

Han er berre 18 år, men allereie etablert i verdstoppen i kombinert. Og det er ikkje tilfeldig. For allereie då han var liten gut, viste han både vilje og evne til å kome langt.

– Det går som eg har sagt sidan han var sju år; han blir verdsmeister, seier Tove Ringnes.

Ho er barnehagetante, og hadde ansvaret for vesle Jarl Magnus i friluftsbarnehagen på Tryvann den gongen.

– Eg har eit bilete av deg her frå gamle dagar. Vil du sjå? spør ho når han er på besøk. Tove viser fram gamle avsiutklipp. Skynd deg før snøen smelter, står det. Med bilete av Jarl.

– Heilt frå han var fire år, var han eit talent. Eg merka det med ein gong, har aldri opplevd maken, seier Tove Ringnes.

På rulleski frå klokka 05

Rundt sjette-sjuandeklasse på barneskulen tok han til å setje seg verdsmeistermål.

– Då var eg ute på rulleski frå fem om morgonen. Eg var kanskje enda meir rå då enn no. Mamma måtte kome ut og hente meg, for ho tykte kanskje ikkje noko om at eg gjekk rundt på rulleski så tidleg åleine heile tida, seier han.

NRK blir med til Skrøder-bakken «rett borti hogget». Det var her han starta den rekordraske vegen til verdstoppen. For han var berre 17 år då han som den aller yngste nordmannen fekk stå på sigerspallen i eit verdscuprenn.

Ti år gammal reiste han til Vikersund kvar veke. Treningsplanene laga han sjølv for å finne den rette miksen mellom hopp og langrenn.

– Eg sa at eg ikkje hadde forventingar den gongen. Men det er rart med det, ein har nok litt større forventingar enn ein seier høgt. Og når ein er ute og trenar, er ein på toppen av pallen i alle renn.

Jarl Riiber er ikkje verdsmeister enno. Men han har vunne eit verdscuprenn. Og ikkje kva som helst av verdscuprenn heller – men i sjølvaste Holmenkollen, berre nokre få kilometer frå heimen.

– Største talentet i historia

– Det er ein bakke som betyr mykje for meg. Eg var vel fire-fem år då eg gjekk bort til den vesle bakken åleine. Det har nok gjort meg meir sjølvstendig, seier han.

Lovorda er mange og sterke om 18-åringen.

Eg trur ikkje vi nokosinne har sett eit større kombinerttalent, seier Fred Børre Lundberg, sjølv olympisk meister og verdsmeister. Det er store ord om ein som kjem frå ein nasjon som har forstra løparar som Simons Slåttvik, Tormod Knutsen, Tom Sandberg og Bjarte Engen Vik.

– Han er god nok i bakken til å konkurrere med spesialhopparane, og han er også langt framme fysisk i langrenn. Vi har aldri sett noko liknande.

Norge har hatt mange gode kombinertløparar. Men felles for dei fleste er at dei først og fremst har vore gode i løypa. Jarl Magnus har satsa mest på hopp.

– Skihopping var spektakulært. Eg såg dei store stjernene på TV. Det var noko med det som gjorde at det gneistra i toppen. Eg var utruleg god til å hoppe på ski, og eg hadde ein god feeling på langrenn. Så då var det naturleg at det blei kombinert, seier Riiber.

Studerer dei beste kvar dag

SKI-NORDIC-WC-MEN

FØREBILETE: - Han er den mest stabile kombinertløparen i verda, og eg studerer han kvar dag, seier Jarl Magnus Riiber

Foto: SVEN HOPPE / Afp

Han ser på sine førebilete og sine beste konkurrentar for å lære.

– Eg tek alltid til meg råd frå meir erfarne menneske. Grunnen til at eg er blitt som eg er blitt, er at eg har gått mine eigne vegar. Eg skil meg vel litt ut fordi eg er meir skihoppar enn langrennsløpar. Den mest stabile kombinertløparen i verda, Erik Frenzel, hoppar godt på ski. Eg ser på dei beste nesten kvar dag, seier han.

Jarl Magnus Riiber var med i ei satsingsgruppe for hopp – Kollenhopp.

– Det låg i kulturen der at ein skulle satse på hopp. Men eg trena likevel langrenn ved sida av.

Skulderskade og sesongslutt

Riiber

SESONGSLUTT: Ein skulderskade sette Jarl Magnus Riiber utanfor sesongavslutninga

Foto: Ali Iqbal Tahir / NRK

Sjølv om Riiber har slått gjennom med suksess denne sesongen, har han hatt sine vanskar. Ei skulder ute av ledd førte til at sesongen tok slutt litt tidlegare enn planlagt.

– Rett etter fallet tok eg til å tenkje over kva eg kan gjer framover no. Det gir meg eigentleg berre meir motivasjon for å kome sterkare tilbake.

Han har hatt motgang før, og lært av det.

– Eg har hatt mykje sjukdom – kyssesjuke og mykoplasma. Og i fjor sommar ein uheldig mandeloperasjon. Då har eg lært at eg ikje får trene langrenn, men eg tok mange steg i hoppbakken, seier han. Mange andre hadde nok venta i ein slik situasjon.

– Eg sette meg ned saman med fatter'n og fann ut kva eg kunne gjere sjølv om eg hadde vondt i halsen. Eg kunne tøye, gjere knebøy og andre enkle ting. Teknikk kan ein jobbe med, så eg kom på eit fint nivå i bakken i dei periodane, seier Riiber.

Følgde storebror

Han har trene mykje saman med broren Harald (20) som også var eit stort talent og framleis er kombinertutøvar.

– Korleis vil du beskrive bror din då han var 9-10 år?

– Det var mykje liv og leik, og han skulle alltid prøve nye ting. Han følgde alltid i mine spor.

– Korleis er det å sjå han i verdstoppen?

– Det er utruleg å sjå kva han har klart og gjort, seier Harald.

– Det er sikkert derfor han er blitt så god, fordi han tok til seg råda han fekk. Philip Sjøen, Johan Andre Forfang, og mange andre gode var på hans kull i Kollenhopp.

Det skada heller ikkje å ha ein far som har fortid som kombinertløpar.

– Det hadde nok litt å seie, ja. Han har alltid lagt til rette for både langrenns- og hopptrening. Så det var naturleg at vi valde begge deler.

Snur motgang til medgang

– Kva er dine største styrkar?

– Kanskje evna til å snu motgang til medgang. Eg arbeider hardt, så det er kanskje derfor folk sjeldan ser meg hoppe dårleg.

– Og så er det den mentale styrken. Eg har vore gjennom nokre små skandaler. Men det lærer eg av, og kjem ikkje til å gjere dei feila igjen, seier Riiber.

Seinast for nokre veker sidan gjekk han feil ved målgang og blei diska. Det er blant feila han ikkje kjem til å gjere på nytt.

Sjå tabben her:

Her går Riiber feil etter å ha lekt med konkurrentene.

Ingen rotekopp

– Er du ein rotekopp?

– Nei. Ein kjem ikkje dit eg er om ein ikkje er strukturert. Mange ser ikkje kva som skjer bak kulissene. Kanskje framstår eg som eit rotehovud.

– Men det er litt urettferdig?

– Bittelitt urettferdig.

Jarl Magnus Riiber har hatt ein innhaldsrik karriere. Og dette er berre byrjinga.

– Ja, OL i Pyeongchang er rett rundt hjørnet. Og å stå på toppen i OL er det aller største målet i karrieren, seier han.

Sportsnyheter

Jan Jönsson

Treneren stormet banen, ble utvist og prøvde å klemme dommer: – Ikke akseptabel oppførsel

I kampen mellom Vålerenga og Stabæk ble det baluba på overtid. I sentrum: Stabæk-trener Jan Jönsson.

Siste nytt

  • Grøvdal vraker 10.000 meter i EM – går for ny distanse

    Karoline Bjerkeli Grøvdal (33) endrer konkurranseplanen for sommerens europamesterskap i Roma.

    Hun dropper 10.000 meter og planlegger for å løpe halvmaraton.

    Det bekrefter hun overfor NRK.

    Nå satser hun på å løpe 5000 meter fredag 7. juni og halvmaraton 9. juni – og regnes som en sterk medaljekandidat på begge distansene.

    – Det kan være en morsom kombo det, sier Grøvdal, som presiserer at hun vil ta en endelig avgjørelse etter det første løpet.

    Hun vant nylig New York halvmaraton på tiden 1.09.09 minutter. Hun er rangert som den femte beste europeeren i kategoriene 5000 meter og gateløp.

    Grøvdal har vel å merke ikke tatt EM-kravet på 32 minutter på 10.000 meter, men det ville vært for en formalitet å regne. Hun har løpt minuttet raskere to ganger på asfalt, men måtte tatt på seg piggsko for å kvalifisere seg til europamesterskapet. Det ønsker hun ikke å prioritere i en viktig treningsperiode inn mot EM- og OL-sesongen.

    Den erfarne langdistanseprofilen har bronse på 10.000 meter og 3000 meter hinder fra tidligere europamesterskap, samt at hun har vunnet EM i terrengløp tre år på rad.

    Halvmaraton er ikke en tradisjonell mesterskapsøvelse, men arrangeres i EM i år som sammenfaller med OL.

    PS! EM i Roma og OL i Paris ser du på NRK.

    Friidretts-VM 2023: Pressetreff
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Storhamar sikret gullet etter «sliteseier»: – Ekstrem lettelse

    Storhamar vant den femte NM-finalen med 4-3 over Vålerenga i forlengning. Med 4-1 i kamper kunne vertene juble for tittelen.

    Eirik Salsten ble helten med scoring 50 sekunder ut i spilleforlengelsen. Da eksploderte det på Hamar – som hadde «mætt fjøs» med over 7100 tilskuere.

    For veteran Patrick Thoresen ble det ekstra spesielt å vinne foran familien på tribunen.

    – Det er helt magisk. Jeg har jo vært med på veldig mange finaler, dessverre tapt veldig mange de siste par åra, så det var en ekstrem lettelse å få være med å vinne. Jeg har drømt om dette. Dette har vært et stort, stort mål de siste åra mine, sier Thoresen til NRK.

    – Det er helt sykt at det er 7000 mennesker her som har fulgt oss i tykt og tynt mer eller mindre i hele år.

    Med tirsdagens triumf er Storhamars åttende kongepokal i boks. Vålerenga er fortsatt ledende i Norge med sine 26 «bøtter».

    Tross tapet, lar Storhamar-trener Petter Thoresen seg imponere av motstanden og kaller tirsdagens kamp for en «sliteseier».

    – Imponert av Vålerenga. De har mistet flere sentrale spillere og kriget mot Oilers i syv kamper. Jeg er faktisk imponert over det de leverer, skal jeg være helt ærlig, sier Thoresen til NRK.

    Og det var gjestene fra hovedstaden som kom best i gang i den femte kampen i NM-sluttspillet. Lagets storscorer Thomas Olsen satte 1-0 etter tre og ett halvt minutt. Da Storhamar fikk muligheten i overtall i midtperioden satte Peter Quenneville inn utligningen. Storhamar gikk så opp til 2-1, før Magnus Brekke Henriksen utlignet for Vålerenga.

    55 minutter og 25 sekunder ut i kampen sendte Jakob Berglund Storhamar nok en gang opp i ledelsen, men 12 sekunder før slutt sikret Vålerenga spilleforlengelse da Christopher Bengtson satte 3-3. I spilleforlengelsen sørget Saltsten for seier til Storhamar. (NRK/NTB)

    NM finale Ishockey Storhamar IL - Vålerenga IF i CC Amfi. SIL - VIF
    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • Sævik med ny scoring da Vålerenga beholdt tabelltoppen

    Både Karina Sævik og Iris Omarsdottir scoret sitt fjerde mål for sesongen da Vålerenga slo Stabæk 3-2 på hjemmebane i Toppserien tirsdag.

    Kampen skulle opprinnelig spilles i september, men ble framskyndet for å legge til rette for Vålerengas deltakelse i mesterligakvalifiseringen. Med tirsdagens seier ligger Vålerenga og Rosenborg på topp med tolv poeng, men VIF har bedre målforskjell. Deretter følger Røa med ni.

    Vålerengas hjemmeseier tirsdag kom etter scoringer av Olaug Tvedten, Ylinn Tennebø og Sævik, som scoret sitt fjerde mål for sesongen. For gjestene sto spisstalentet Omarsdottir for begge nettkjenningene – den siste fem minutter før slutt. 20-åringen har i likhet med Sævik scoret fire ganger denne sesongen.

    Stabæk står med seks poeng etter to seirer og tre tap hittil. Vålerenga har byderby mot Lyn til helgen, mens Stabæk får besøk av Brann. (NTB)

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal