Hopp til innhold

Krog gjekk over halve løpet med brot i handleddet – nå er sesongen over

GRANÅSEN (NRK): Medan Jarl Magnus Riiber fullførte ei historisk bragd, fullførte Magnus Krog løpet med brot i handleddet. Nå er ein svært trøblete sesong over for 32-åringen.

Magnus Krog

RETT TIL LEGEN: Magnus Krog nekta å gi seg sjølv om han skadde fingeren allereie på førsterunden.

Foto: Mikal Aaserud / NRK

– Det kunne ikkje blitt verre eigentleg.

Magnus Krog har ein tung søndagskveld etter å fått konstatert brot i handleddet. 32-åringen må dermed avbryte sesongen etter berre ein månad.

Var akkurat tilbake frå skade

10. januar var han tilbake i verdscupen etter å ha fått den fyrste delen av sesongen øydelagd etter fall i NM i november.

Nå må han gå med gips i tre veker og sesongen som akkurat hadde starta er over.

– Det har vore maks uflaks for meg denne sesongen. Når eg fyrst var tilbake var det fleire frihelger fordi FIS anten ikkje har funne arrangør eller renn som har blitt avlyst på grunn av den dårlege vinteren. Nå hadde eg akkurat kome tilbake i toppen, så er sesongen over, seier ein oppgitt Krog som laurdag gjekk inn til fjerdeplass i Granåsen.

Riiber blei historisk

Mens Krog gjekk rundt i løypene med store smerter i handa, gjekk Jarl Magnus Riiber i einsam majestet inn til sin 13. verdscupsigeren sin for sesongen. Det er meir enn nokon annan kombinertløpar har klart.

Med det sikra han òg samanlagdsigeren i verdscupen for andre år på rad.

Men medan sigerskampen i Granåsen blei relativt udramatisk, var det meir dramatisk for Magnus Krog. Han skadde seg alt etter tre kilometer, men fullførte likevel løpet utan å kunne bruke den eine handa.

– Eg forstod med ein gong eg datt at det var brot. Det høyrde eg på lyden. Eg burde kanskje ikkje gått vidare, men eg skjønte at sesongen var over så da kunne eg like godt gå i mål.

Håpar Krog ikkje legg opp

Nå håpar sportssjefen at rennet på søndag ikkje var det siste me har sett av gullvinnaren frå Sotsji-OL i løypa.

– Me håpar veldig at han vil vere med vidare og rette blikket mot Oberstdorf-VM og Beijing-OL. Han har vore ekstremt uheldig dette året her, men eg trur han har ein del ugjort som kombinertløpar, meiner Stuan.

Sjølv veit Høydalsmo-løparen ennå ikkje om vil halde fram karrieren eller ikkje. I fjor vår kom han fram til at han ville ta eitt år av gangen.

Nå skal han bruke tid på å finne ut om han satsar mot VM.

– Det er iallfall kjempemotivasjon å sjå at eg nesten klarte å kome tilbake i toppen. Eg har nok trent minst av alle i dette feltet i dag, så noko riktig må eg ha gjort.

Magnus Krog

TYDELEG HEMMA: Magnus Krogs venstre arm fungerte dårleg etter uhellet.

Foto: Mikal Aaswerud / NRK

Til sjukehus

Krog var synleg hemma under rennet, og kunne nesten ikkje bruke den venstre armen sin. Likevel fullførte han løpet til ein 14.-plass. Så gjekk han rett bort og gratulerte lagkameratane Jarl Magnus Riiber, Jens Lurås Oftebro og Espen Bjørnstad med pallplassane.

Deretter bar det rett inn til Røde Kors. Etter undersøking der, vart han send vidare til St. Olavs hospital for røntgen. Det var kanskje ikkje det luraste å fullføre rennet, men sportssjef Stuan forstår valet.

– Når han er 32 år, har han vel lyst til å få med seg så mykje som mogleg i karriere, og då har han lyst til å gjennomføre på heimebane. Men det er klart det ikkje er lurt, han skulle sikkert vore tatt ut, men han ville ikkje. Så han er ein tøffing, seier Stuan.

– Såpass, ja. Han er ein ulykkesfugl, eg unner han ikkje motgangen han har hatt, så eg håpar den fingeren blir lækt raskt, seier Riiber når han får høyre om skaden til lagkameraten.

SUVEREN: Jarl Magnus Riiber er sesongens strore kombinertløpar.

– Føler meg uovervinneleg

Likevel gler han seg naturlegvis over den 13. sigeren sin på 15 startar i vinter og ein ny siger i verdscupen.

– Eg har endeleg slått Hannu Manninen rekorden sin med fleste sigrar på ein sesong. Eg har berre prøvd å gjere det beste kvar helg og sjå kva det held til, og det har halde bra denne sesongen, konstaterer han nøkternt.

Riiber erkjenner at det meste går av seg sjølv for augneblinken.

– Det er ei ganske utruleg kjensle. Du får ein sjølvtillit det er vanskeleg å kvitte seg med. Eg føler meg litt uovervinneleg.

Sportsnyheter

Scenene før skrekkstraffen vekker oppsikt: – Ufattelige bilder

Ballen var søkk borte da Bernardo Silva skulle ta straffe mot Real Madrid. Eksperter mener den lange ventetiden kan ha vært avgjørende for storlaget.

Siste nytt

  • Tung dag for Foss i Tour of the Alps – falt av i sammendraget

    Den norske Ineos-stjernen Tobias Foss er ute av sammenlagtkampen etter en tøff 4.-etappe i Tour of the Alps torsdag.

    Nordmannen trillet i mål 15.44 minutter bak Simon Carr (EF Education), som gikk solo de siste milene og vant torsdagens kraftanstrengelse.

    Torsdagens 141,3 kilometer lange etappe gikk over to førstekategoriserte topper fra Laives til Borgo Valsugana i Italia.

    Ineos-rytteren Foss har imponert underveis i rittet og vant mandagens åpningsetappe. Før torsdagens etappe lå han på 2.-plass i sammendraget, bare 31 sekunder bak ledende Juan Pedro López (Lidl-Trek).

    Etter torsdagens fjelletappe har avstanden økt såpass at nordmannen er helt ute av tetkampen. (NTB)

    Tobias Foss
    Foto: NTB
  • Barcelona bøtelagt for rasistisk oppførsel blant supportere

    Det europeiske fotballforbundet har ilagt Barcelona en bot på i underkant av 300.000 kroner for rasistisk oppførsel fra supportere.

    Hendelsene skal ha skjedd under det første oppgjøret i kvartfinalen i Champions League mot Paris Saint-Germain.

    Barcelona har også fått forbud mot å selge billetter til egne supportere i neste bortekamp i en europeisk turnering.

    Barca tapte dobbeltoppgjøret mot PSG 4-6 sammenlagt etter at franskmennene vant tirsdagens returkamp i Catalonia 4-1.

    10. april opplyste Paris-politiet at de hadde avhørt to personer etter at det sirkulerte videoer i sosiale medier av en supporter som lagde apelyder og en annen som ga nazihilsener på Parc des Princes.

    I tillegg har også Barcelona også blitt ilagt en bot på i overkant av 80.000 norske kroner for fyrverkeri og hærverk. (NTB/NRK)

    Barcelona PSG
    Foto: Reuters
  • Norge avslutter EM-kvaliken i Bergen – første gang på fem år

    Norges fotballkvinner møter Nederland i den siste kvalifiseringskampen til fotball-EM. Det oppgjøret skal spilles på Brann stadion i Bergen.

    Det opplyser Norges Fotballforbund på sine nettsider. Kampen spilles 16. juli.

    – Jeg var selv til stede i Bergen i forbindelse med Champions League-kamp og fikk oppleve hvor stort engasjement og fotballinteresse det er i byen. Vi gleder oss til å komme dit og oppleve den fantastiske støtten selv. Dette kan bli en helt avgjørende kamp i en åpen gruppe, og derfor er det viktig at publikum hjelper oss ekstra på veien, sier landslagssjef Gemma Grainger.

    Sist de norske fotballkvinnene spilt landskamp i Bergen, var helt tilbake i 2019. Da slo de England 2-1 foran 10.830 tilskuere. (NTB)

    Norges landslag kvinner
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal