Riiber uslåeleg – inn til sin sjette verdscupsiger

OTEPÄÄ/OSLO: (NRK) Jarl Magnus Riiber held fram sin suverene innsats i verdscupen i kombinert. Søndag gjekk han inn til sin sjette verdscupsiger. No vurderar han å stå over fleire renn for å bli VM-klar.

Riiber

NY SIGER: Jarl Magnus Riiber har sikra seg eit solid forsprang i verdscupen.

– Det var jo ein veldig ordentleg bra kombinert-konkurranse i dag. Det var god hopping og eg fekk den avstanden eg ønska meg. Då gjaldt det berre å gå like raskt som Johannes Rydzek undervegs og eg synst det gjekk bra, seier Riiber til NRK etter rennet.

Tyskaren Johannes Rydzek sikra seg andreplassen, 20, 9 sekund bak nordmannen. Japanske Akito Watabe vann spurtduellen om tredjeplassen.

– Riiber berre forsterka det han har gjort denne sesongen og er så bunnsolid, seier NRK sin ekspertkommentator Fred Børre Lundberg.

Suveren

SOLID: Det var ingen som kunne true Riiber i langrennssporet i dag.

Nordmannen har sikra seg eit solid forsprang i verdscupen. Dette var hans sjette siger i verdscupen i år.

– Eg har fått ein veldig god inngang til sesongen, og da er det eigentleg sjølvtillit for kvar einaste konkurranse eg går.

Vil sikte inn forma mot VM

21-åringen vurderar no å stå over fleire renn for å sikre seg meir kvile og trening før VM. Likevel meiner han det er verre for ein kombinertløpar å toppe forma mot eit meisterskap enn kva det er i til dømes langrenn.

Riiber

VM: Riiber vurderar å stå over fleire renn for å sikre seg nok kvile og trening til VM.

– I kombinert må du ha både to gode hopp og eit godt langrenn for å kjempe om førsteplassen i VM.

– Med den starten eg no har fått, så kan eg velje og vrake litt i konkurransar framover mot VM, og det gjere jo at eg kan ha litt meir overskot når VM startar.

Mindre stress

Nytt utstyr og meir kvile meiner Riiber er noko av grunnen til at han klart å levere så sterkt denne sesongen.

– Eg har vore litt meir heime og fått litt meir fred og ro. Og eg har tatt meg god tid til å stelle i stand utstyret til hoppinga. Så det er mange av småtinga som har falle på plass denne sesongen, så da slepp eg å stresse med det, forklarar 21-åringen.

20 år sidan sist

Det var ingen som kunne måle seg mot nordmannen i rennet i Estland i dag.

Espen Dahlhaug Bjørnstad var med i spurtduellen om ein plass på pallen og levert nok eit godt langrenn, men måtte ta til takke med ein sjetteplass.

Med eit hopp på 98 meter sikra Jarl Magnus Riiber seg eit godt forsprang føre langrennet i Estland. Han gjekk ut eit halvt minutt føre tyske Johannes Rydzek.

Tyskaren tok inn rundt ti sekund på dei første rundane i 10-kilometeren, men nordmannen viste at han var i form og sigeren var aldri trua.

Om Riiber held fram storforma, kan han ende 20 års norsk ventetid. Førre gong ein nordmann vann verdscupen var nemleg i 1998/99-sesongen då Bjarte Engen Vik gjekk til topps.

Siste nytt

  • Bayern trener får tre nye år

    Hansi Flick får fornyet tillit og har signert en ny kontrakt som hovedtrener i den tyske klubben Bayern München- fram til sommeren 2023.

    Flick ble Bayern München-trener som en mellomløsning da Niko Kovac fikk sparken i november.

    Bundesliga - Bayern Munich v FC Augsburg
    Foto: Michael Dalder / Reuters
  • Ugyldig hyttetillatelse

    Nils Jakob Hoff og kjæresten Therese Johaug har ifølge VG oppholdt seg på en hytte på Sjusjøen etter at hytteforbudet fra myndighetene kom på plass.

    Hoff skriver i en e-post til VG at han for tiden er i en turnustjeneste på et legekontor i Lillehammer, og at han hadde søkt om tillatelse til at han og Johaug kunne bo på hytta som befinner seg på Sjusjøen. Søknaden ble innvilget av kommunen.

    Hytta på Sjusjøen ligger ikke i Lillehammer kommune, men i Ringsaker kommune. Dermed er tillatelsen ugyldig.

    Hytteforbudet tillater ikke kommunene å gi dispensasjon til å bo på hyttene sine.

    – Der har både vi og han tatt feil. Vi har gjort en feil og oppdaget den ikke, sier kommunikasjonssjef Kjersti Morset i Lillehammer kommune

    – Som en beklagelse, og i solidaritet med alle som har ofret og mistet i denne tiden, har vi derfor donert 15.000 kroner, svarende til boten for å bryte hytteloven, til Røde Kors. Vi handlet i god tro, og det var aldri vår intensjon å ikke bidra til vår felles dugnad, sier Hoff til VG

    Therese Johaug og kjæresten Nils Jakob Hoff i 2016.
    Foto: Berit Roald / NTB scanpix
  • Premier League utsatt igjen

    Den øverste divisjonen i England er utsatt på ubestemt tid. Det bekreftes i en pressemelding fra Premier League.

    Premier League vil starte opp igjen når det er trygt å spille fotball igjen forteller dem i pressemeldingen.

    Kampene ble i første omgang utsatt til 4. april. Det tok imidlertid ikke lang tid før man ble enige om å vedta en ytterligere pause til 30. april. Nå er den som nevnt utsatt igjen på ubestemt tid.

    Mesut Özil
    Foto: Stuart MacFarlane / Arsenal FC via Getty Images

Sendeplan

Kl. Program Kanal