– Eg var redd for operasjon. Det var ikkje noko gøy å høyre at den skuldra kanskje aldri ville bli bra igjen.
Jarl Magnus Riiber lener seg på eit styrkeapparat på Olympiatoppen. Han er i full gang med trening igjen og har lagt bak seg ein beintøff opptrening etter at skuldra gjekk ut av ledd under lagsprinten i Lahti i mars.
Mange meinte det ville bli vanskeleg å kome tilbake på toppnivå med ei skulder som har vore ute av ledd to gonger.
Sundby kom bort på flyet
– Det var tøft å høyre, men det trigga meg eigentleg litt og gjorde til at eg ville bevise at eg skulle kome enda sterkare tilbake.
Den viktigaste støtta fann han allereie på flyet heim frå Lahti.
– Martin Johnsrud Sundby kom bort til meg på flyet og fortalde at han har vore gjennom det same fire-fem gonger. Han sa at hard trening og opptrening var utruleg viktig og skulle halde. Det hjalp godt på motivasjonen, fortel Riiber.
Nå er operasjon, uhell og vond skulder gløymd.
– Det var mange diskusjonar rundt operasjon, men skuldra blei så fort bra igjen og opptreninga har gått som smurt med god hjelp her på huset. Mobiliten er tilbake, så nå er den nesten betre enn høgreskuldera, flirer han.
Sjefsfysioterapeut på Olympiatoppen, Bjørn Fossan undersøkte Riiber nokre dagar etter han kom heim frå Lahti.
– Slik det såg ut da trudde eg han ville trenge ein operasjon. Men nå har rehabiliteringa gått så bra og han gjort så store framskritt at det ikkje er nødvendig. Om det hadde vore sannsynleg at skuldra lett ville gå ut av ledd igjen, måtte me sjølvsagt ha operert, seier Fossan.
Ingen Lahti-forbanning
Saman med fysio-teamet på Olympiatoppen har dei også funne nokre heilt enkle grep på teknikken som skal gjere gjere skuldra mindre utsett. Ein meir stabil armbruk er stikkord på vegen til suksess i VM i Lahti.
For sjølv om Jarl Magnus Riiber har gått feil, kræsja på oppløpet og fått skuldra ut av ledd i VM-byen dei siste to åra, meiner han det ikkje kviler ein Lahti-forbanning over han.
– Det er berre eit svart kapittel som eg har luka ut. Det einaste eg hugsar er det som skjedde før oppløpet. Drøymescenarioet som ligg i bakhovudet på trening nå, er at eg går full pinne i den siste bakken og tek det med god margin, gliser 18-åringen.
Kanskje er alle gode ting tre i Lahti for Jarl Magnus Riiber.