Ingen er meir suveren enn Jarl Magnus Riiber i vintersport akkurat nå.
Berre denne sesongen har 22-åringen utrulege 11 verdscupsigrar på 13 renn. Dei to renna han ikkje har vunne, har han gått inn til andreplass.
Slik såg det ut da Jarl Magnus Riiber vann sitt tredje renn på rad i Seefeld søndag. 22-åringen blei også den fyrste norske vinnaren av trippelen i See.
Foto: BARBARA GINDLEr halvvegs til rekorden til Manninen
Nå er han berre ein siger bak Magnus Moan og to bak Bjarte Engen Vik som foreløpig er Noregs mestvinnande kombinertløpar.
– Han driv jo ein anna idrett og tek meg garantert igjen i løpet av sesongen. Han kjem til å ta alle rekordar, seier Vik som regjerte i kombinertsporten på slutten av 90-talet.
Bjarte Engen Vik var heile 25 år før han vann sin fyrste verdscupsigrar. Dei siste fem åra av karrieren var han effektiv og fekk med seg 26 verdscupsigrar før han la opp etter to VM-gull i Lahti 2001.
Foto: Lise Åserud / ScanpixDet er ennå eit stykke opp til tidenes mestvinnande kombinertløpar, Hannu Manninen. Finnen stoppa på 48 sigrar, men Magnus Moan som sjølv enda med 25, trur han kan ta han igjen alt før han fyller 25 år.
– Ja, det kan han absolutt. Det er berre eit tidsspørsmål før han tek igjen Manninen. Men det blir ein kamp så klart. Nå er han i flytsona og struttar av sjølvtillit, men det er så mange faktorar i kombinert. Han kan bli sjuk, skada og vere uheldig med forholda, seier Moan.
23 av dei individuelle sigrane har Riiber tatt berre på 14 månader. Om han held det tempoet framover bør det vere mogleg å ta dei 24 sigrane før OL-sesongen i 2022 er ferdig.
Magnus Moan tok sin siste og 25 verdscupsiger i 2015. Han la opp etter sesongen i fjor etter å ha tatt medalje i 8 VM på rad.
Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg SolumVik: – Håpar han ikkje blir lei
Sjølv seier Riiber at han ikkje tenkjer så mykje på rekordane. Men innrømmer at det var litt surt da ein anna rekord rauk i verdscupavslutninga i fjor.
– Manninen hadde 12 sigrar i løpet av ein sesong, eg var nær å ta 13 i Schonach i fjor, men blei nummer tre. Eg har heldigvis ein del sjansar igjen i år, gliser Riiber som etter tre strake sigrar i helga har seks renn på å ta rekorden.
Men Vik som sjølv la opp som 30-åring på grunn av motivasjonssvikt, er redd han kan bli for suveren.
– Eg håpar han ikkje blir lei, og mistar motivasjonen og svolten. Den kan jo stoppe. Han må finne ting som motiverer han, meiner Vik.
Føler seg ikkje uovervinneleg
Da kan nettopp rekorden til den finske kombinertlegenda vere noko å bruke. Men Riiber er mest oppteken av å gå mest mogleg optimale renn.
– Det er stort å vere i den posisjonen i nå. Eg har jo mange år framfor meg også, men det er ikkje noko eg tenkjer på. Eg blir motivert av å optimalisere kvar einaste konkurranse, seier han og legg til:
– I fjor følte eg gjekk enda betre på ski, men i år har eg hoppa enda betre.
I Seefeld-VM i fjor tok Jarl Magnus Riiber sine to fyrste VM-gull. Nå er det berre OL-gull han manglar, etter to fjerdeplassar i Pyeongchang i 2018.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix– Føler du deg uovervinneleg nå?
– Nei, eg er alltid stressa før start. Eg føler dei andre kjem nærmare og nærmare.
- Neste helgs verdscuprenn i Otepää er avlyst på grunn av snøforholda. Neste verdscuprenn blir dermed på heimebane i Trondheim 21–23. februar.