Siste nytt

  • Burnley-keeper kan bli årets spelar

    Nick Pope er ein av dei sju spelarane som har blitt nominert til prisen som årets spelar i Premier League.

    Han haldt buret reint i 15 kampar, og gjorde 120 redningar gjennom sesongen. No kjempar han mot spelarar som Trent Alexander-Arnold, Kevin De Bruyne og Jamie Vardy i kampen om å bli årets spelar i den engelske toppdivisjonen.

    Dei andre nominerte er Sadio Mané, Danny Ings og Jordan Henderson.

    Nick Pope
    Foto: MOLLY DARLINGTON / Reuters
  • Solskjær-elevar nominert til pris

    Tre Manchester United-spelarar er blant dei åtte som har blitt nominert til prisen for årets unge spelar i Premier League.

    Etter ein sterk sesongavslutning blei angrepstrioen til Manchester United – Mason Greenwood, Anthony Martial og Marcus Rashford – nominert til prisen som spelarar opp til 24 år kan vinne.

    Dei andre nominerte er Liverpools Trent Alexander-Arnold, Chelsea-duoen Mason Mount og Christian Pulisic, Dean Henderson som denne sesongen er på lån frå Manchester United til Sheffield United, og Aston Villas Jack Grealish.

    Rashford, Martial og Greenwood
    Foto: PAUL ELLIS / AFP
  • Warholm vurderer å trekkje seg

    Karsten Warholm vurderer sin deltaking i Diamond League-stemnet i Monaco neste helg, etter at fyrstedømet på torsdag fekk status som eit «raudt land» av Folkehelseinstituttet.

    – Slik situasjonen er no så treng vi tid. Vi er i ei vurderingsfase, og har ikkje meir informasjon om saka no, skriv Warholm sin agent, Kristine Haddal i ein SMS til NRK.

    Til arrangøren av stemnet har Warholm sjølv sagt at Monaco blir eit høgdepunkt for han denne sesongen.

    Det norske friidrettsforbundet seier til NRK at dei ikkje vil forby norske utøvarar å reise til stemnet.

    – Vi ber berre utøvarane om å tenkje seg nøye om før dei bestemmer seg for å reise ut av landet, seier toppidrettssjefen i friidrettsforbundet, Erlend Slokvik, til NRK.

    Helseminister Bent Høie seier til NRK at utøvarane må i karantene, der dei ikkje kan vere i kontakt med andre, etter reise til raude land.

    – Deltaking i stemner må dei vurdere sjølve, men generelt fråråder vi reiser til raude land, seier han.

    Karsten Warholm etter 300 meter hekk på Impossible Games. 11.06.2020
    Foto: Robert Rønning / NRK

Sendeplan

Kl. Program Kanal