Siste nytt

  • Thoresen fra Storhamar til M/S

    Etter tre sesonger i Storhamar er Steffen Thoresen (35) klar for Manglerud/Star. Thoresen er sønn av landslagstrener Petter Thoresen og bror til Patrick Thoresen, som fortsatt spiller i Storhamar.

    – Jeg er veldig spent, sier M/S-spilleren.

    Steffen Thoresen
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Dansk Tour de France-start flytta

    Danmark skulle eigentleg arrangere opningsetappane i Tour de France i 2021, men då rittet blei framskunda ei veke på grunn av OL ville desse etappane kollidert med kampane i fotball EM som skal arrangerast i København i på same tid.

    Det lét seg ikkje gjere å arrangere EM samtidig som Tour de France er i byen, og Tour de France arrangøren har no gått med på å utsette København-etappane til 2022-utgåva av rittet. Det stadfestar den danske arrangøren i ei pressemelding.

    Tour de France 2018
    Foto: Heiko Junge
  • Hosting kan gi raudt kort

    Det engelske fotballforbundet (FA) kunngjorde måndag at spelarar på alle nivå i det engelske ligasystemet neste sesong kan risikere å bli utvist dersom dei med vilje hostar i ansiktet på motspelarar eller dommarar, som følgje av nye virusretningslinjer.

    I dei nye retningslinjene blir hosting mot andre sett på lik linje med slag. Dersom hendinga er av mindre alvorleg grad kan dommarane gi gult kort for usportsleg oppførsel.

    Det blir vidare sagt at «vanleg» hosting og nysing ikkje skal straffast.

    Mike Dean
    Foto: ADRIAN DENNIS

Sendeplan

Kl. Program Kanal