Siste nytt

  • Kongepokal til Ingebrigtsen og Iuel

    Jakob Ingebrigtsen er tildelt kongepokalen for herrar og Amalie Iuel får den for innsatsen på 400 meter hekk under NM.

    – Det er veldig gøy. Stort å bli heidra som kongen av NM, sa Ingebrigtsen.

    – Utruleg gøy. Veldig fornøgd, var kommentaren til den ferske pokalvinnaren Iuel.

    Karsten Warholm har teke imot kongepokalen fem gonger tidlegare, medan det var Karoline Bjerkeli Grøvdal som fekk kongepokalen for kvinner i fjor.

    Det er første gong sidan 1963 at pokalen går til ein mannleg 1500-meter-løpar.

    – Eg hadde ikkje forventa det. Både det at det er så mange utøvarar som melder seg på i kampen, så er det ikkje noko som eg har sett meg som mål. Eg spring alltid for gull, men dette gjere meisterskapet ekstra gøy i år, sa Ingebrigtsen til NRK.

    NM friidrett 2020
    Foto: Ørn E. Borgen / NTB
  • Amalie Iuel sikra seg gull

    Amalie Iuel var tung i beina på oppløpssida, men hadde få problem med å ta NM-gull på 400 meter hekk.

    Ho kom i mål på 55.63.Både sølvvinnar Andrea Rooth og bronsevinnar Nora Kollerød Wold sette personleg rekord.

    – Det var veldig gøy å levere opp mot årsbeste her under NM. Eg kjende syra, så eg er veldig fornøgd, sa Iuel til NRK.

  • Utklassing av Warholm

    Karsten Warholm hadde få problem med å sikre seg NM gull i finalen på 400 meter hekk. Han smilte over målstreken, då han sprang inn på tida 48.23.

    Andreas Joseph Dixon tok sølv og Herman Ellingsen sølv.

    – 12 grader og Bergensvær. Fjerde løpet på to veker, så sur i beina i dag, sa Warholm til NRK som var veldig nøgd med å vinne.

    Spørsmålet er om tida held til kongepokalen.

    – Det er ein morosam kamp. Jakob er ein fantastisk utøvar. Vi er privilegerte som har to utøvarar i verdstoppen som kan kjempe sånn. Den største misforståelsen er at det ikkje kostar for meg å springe aleine, men det kostar meg også.

    NM friidrett 2020
    Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal