NRK Meny
Normal

Renstrøm håpar å rekke VM

Lengdehoppa Margrethe Renstrøm har ikkje hoppa sidan OL i London i august på grunn av skade. Likevel har ho tru på at ho vil bli klar til VM i Moskva i september.

Margrethe Renstrøm

Margrethe Renstrøm håpar ikkje at OL-skaden skal stoppe VM-deltaking.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Margrethe Renstrøm

SKADA: Margrethe Renstrøm pådrog seg ein alvorleg skade i foten under London-OL og måtte forlate OL-arenaen før kvalifiseringa starta.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Renstrøm skada på oppvarming

UTE: Skaden Renstrøm pådrog seg i London har gjort at ho ikkje har fått trent hopp eller løp sidan London-OL.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
– Eg har ikkje gitt opp håpet endå. Eg har gått glipp av grunntrening i haust. Eg har ikkje kunne springe eller hoppe i det heile, seier Renstrøm til NRK.no.

Noregsrekordhaldaren tok sin første internasjonale medalje då ho sikra bronse under EM i Helsinki i sommar.

Fleire trudde at sørlendingen kunne kjempe om gode plasseringar også i London-OL. Men OL-draumen vart knust allereie på innhoppinga til kvalifiseringa. Renstrøm forlét Olympiastadion med store smerter.

Må droppe innandørs-EM

– Eg fekk ein skade under foten i det eg gjekk tilbake frå innhopp. Kva som har skjedd veit eg ikkje. Men eg kan nesten ikkje gå, ikkje springe og i alle fall ikkje hoppe, fortalde Renstrøm i presseområdet like etter.

Skaden var langt verre enn ein først trudde. Fem månader seinare har ho altså ikkje kunne verken hoppe eller springe.

– Det har teke lengre tid enn eg hadde trudd. Treninga har bestått mykje i basistrening, seier ho.

Allereie før jul varsla ho at ho droppar innandørssesongen. Dermed går ho glipp av innandørs-EM i Göteborg i mars.

– Eg hadde sett veldig fram til EM. Eg trur eg hadde hatt gode moglegheiter til å gjere det bra. Men no må eg berre sjå fram mot utandørssesongen, seier ho.

No håpar ho at eit solid treningsgrunnlag vil gjere det lettare å komme tilbake i toppform til VM i Moskva.

– Eg har vore skada tidlegare og komme tilbake og gjort det bra. Så eg har god erfaring frå dette området, seier Renstrøm.

Håpar på Rio 2016

Ronny Nilsen

OPTIMIST: Sportssjef i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen, trur at Renstrøm blir klar til VM i Moskva.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

26-åringen får god oppfølging frå Olympiatoppen for å komme seg så raskt som råd tilbake på friidrettsbana. Også friidrettsforbundet vil gjere det dei kan for å hjelpe Renstrøm mot VM.

– Det er Olympiatoppen som er det primære. Det er dei som har behandlingsapparatet. Friidrettsforbundet vil hjelpe ho på vegen tilbake på konkurransebana, seier sportssjef i friidrettsforbundet, Ronny Nilsen.

– Skader er ein del av idretten. Vi håpar ikkje dette vil vere øydeleggjande for hennar motivasjon til å satse mot OL i Rio i 2016, seier han.

Ronny Nilsen påpeikar at det er viktig at Renstrøm jobbar seg tilbake steg for steg, for ikkje å få tilbakeslag undervegs.

– Eg opplever at ho er fornuftig i forhold til progresjon i treninga. Ho jobbar som fysioterapeut og har mykje kunnskap om skadeførebyggjande tiltak og oppbygging etter denne type hendingar. Eg er sikker på at ho tek det forsiktig og vil vere godt budd når ho kjem tilbake i konkurransesituasjon, seier Renstrøm.

Siste nytt

  • Fristil-Tiril vant i California

    Fristilkjøreren Tiril Sjåstad Christiansen vant det siste verdenscuprennet i slopestyle før OL. Nærmest Christiansen kom svenske Jennie-Lee Burmansson. verdenscupen sammenlagt er Christiansen nummer to og Killi nummer tre.

    Tirl Sjåstad Christiansen
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix
  • Carlsen vant etter snuoperasjon

    Magnus Carlsen tok søndag sin tredje seier i Wijk aan Zee-turneringen. Nordmannen var under press mot Gawain Jones, men tok seg sammen og snudde til seier. Den tredje seieren på åtte partier i storturneringen i Nederland gir delt ledelse for Carlsen.

    Magnus Carlsen i Riyadh
    Foto: FARIS GHAITH /AFP / NTB scanpix
  • Gracia er Silva-erstatter

    Premier League-klubben Watford har ansatt spanjolen Javi Gracia som klubbens nye manager. Han erstatter Marco Silva, som fikk sparken tidligere søndag, og er hentet inn på en 18-månederskontrakt.

    Marco Silva
    Foto: Scott Heppell / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal