Hopp til innhold

Renn inn med folk som ber om pengar – avdekte svindelforsøk

Fotballstjerna Alexander Sørloth og kjærasten Lena Selnes får stadig førespurnader frå folk som slit økonomisk. Fleire gonger har dei valt å hjelpe til.

S

PROFILERTE: Lena Selnes, som har over 30.000 Instagram-følgjarar, er kjærast med Real Sociedad-spelaren Alexander Sørloth.

Foto: Skjermdump med tillatelse / www.instagram.com/lenaselnes/?

Både Sørloth, som er fotballspelar på A-landslaget, og Selnes, som har over 36.000 følgjarar på Instagram, er profilerte personar.

Rampelyset fører med seg fleire ting, og ein av dei er førespurnader frå folk som ber om hjelp i ein økonomisk krevjande kvardag.

– Skjer når folk veit du tener godt

Både Selnes og Sørloth fortel til NRK at paret stadig vekk blir kontakta av nordmenn som spør om hjelp i ei tid der «alt» har vorte dyrare.

Det trur eg gjeld ganske mange som har store Instagram-kontoar. Det skjer når folk veit at du tener godt, seier Sørloth.

Han seier slike førespurnader kjem «ofte».

– Men det er vanskeleg, synest eg, spesielt på Instagram, å vite kven og kva ein skal stole på. Ein får jo ein del førespurnader, ikkje berre om pengar, men òg om drakter og videohelsingar. Då prøver ein å gjere litt «research» for å finne om det er ekte førespurnader, og viss det er det, er det jo veldig hyggjeleg å bidra og kunne hjelpe til, seier han.

eCvOQWt22G4

Alexander Sørloth får en viktig rolle i Erling Braut Haalands skadefravær.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Har avdekt svindelforsøk

Og nokre gonger har Sørloth og Selnes avdekt folk som prøver å lure til seg pengar.

Overfor NRK fortel Lena Selnes at ho ein gong, via ein app der folk kan be om hjelp, vart kontakta av ei dame som fortalde ei fortvila historie om sin eigen familie.

Les også: Solbakken kranglet med legen etter Haaland-beskjed: – Dette er ikke mulig

Fotball: Trening med Norges herrelandslag
Fotball: Trening med Norges herrelandslag

Men då Selnes undersøkte saka nærare, fann ho ut at den same kvinna hadde spurt om pengehjelp fleire gonger – og då var historia ho fortalde ein heilt annan.

– Så ein må vere litt kritiske òg, sjølv om det kjennest litt feil å sitje og bedømme kva som høyrest sant ut av slike førespurnader, når ein ikkje kan vite kva folk går gjennom, seier ho.

– Har de faktisk valt å gi pengar til nokon som har bede om det?

– Eg synest eigentleg det er litt ekkelt å snakke om at ein har gitt noko, men samtidig så ønskjer eg at det blir fokus på at dei som er i ein situasjon der dei kan gjere ein forskjell, faktisk gjer noko. Og vi er jo veldig heldige som er i ein situasjon der vi kan bidra, seier ho.

Sel

Alexander Sørloth og Lena Selnes har fleire gonger bidrege med pengar og hjelp til folk som har spurt.

Foto: www.instagram.com/lenaselnes/ / Med tillatelse

Har gitt hjelp fleire gonger

Å bidra økonomisk er ikkje noko Sørloth og Selnes er framand for.

I 2020 kom det fram at dei hadde gitt ei pengegåve på 70.000 kroner til Shirley Bottolfsen, ei 86 år gammal kvinne som hadde samla inn pengar til trengande i nærare 40 år.

Summen var så stor og uventa at Bottolfsen frykta nokon hadde skrive ein null for mykje, men fann ut at donasjonen var reell.

– Eg ringde han i Tyskland og sa tusen takk til han og hans kjæraste Lena. Det er kjempestort av dei, fortalde den no avdøde Bottolfsen i 2020 om pengegåva som kom heilt ut av det blå.

Les også: Fikk 70.000 kroner av norsk fotballstjerne: – Gud velsigne han

Shirley Bottolfsen, jul 2020, veldedighet, pengeinnsamling, alexander sørloth
Shirley Bottolfsen, jul 2020, veldedighet, pengeinnsamling, alexander sørloth

I 2022 bidrog paret med både pengar og signerte drakter som kunne auksjonerast bort då dei las historia om Melina (6) fra Vesterålen, som fekk avslag om hjelp frå kommunen.

Då fekk vi ei veldig rørande melding på Instagram, der foreldra berre ønskte noko utstyr for å aksjonere bort, fortel Selnes.

Eg er oppvaksen på bygda sjølv, så eg veit kor tilfeldig det er kva tilbod og kompetanse som er tilgjengeleg for barn og unge, noko som gjorde saka ekstra viktig, legg ho til.

FJIsjA4dMrw

Ola Solbakken, Mohamed Elyounoussi, Alexander Sørloth og Kristian Thorstvedt under ei trening i Marbella før landskampen mot Spania laurdag.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Rosar fotballspelarar i krisetid

Sørloth, som spelte og budde i Tyrkia i 2019 og 2020, vart prega då dei gamle heimlanda hans vart ramma av jordskjelvkatastrofen i februar.

Då fekk han sjølv sjå kor viktig fotballen kan vere når menneske hamnar i akutt nød.

– Då var det veldig fint å sjå at det var så mange som ønskjer å hjelpe til. Det var auksjonar der fleire fotballspelarar donerte drakter og fekk inn pengar til Tyrkia, og Adana spesielt, som vart ramma verst. Så det er fantastisk, og eigentleg det minste vi kan gjere, spør du meg. Det er i sånne stunder der byar og land verkeleg treng hjelp, og då er vi som fotballspelarar er veldig privilegerte, så eg synest vi skal hjelpe til. Då er det fint å sjå at så mange gjer det òg, seier han.

Siste nytt

  • Line Kloster på 2.-plass i B-heat i Spania

    Line Kloster ble nummer to i B-heatet på 400 meter under friidrettsstevnet i spanske Huelva tirsdag. Tiden 52,62 er et stykke bak hennes årsbestetid.

    Kloster har løpt på 52,15 denne sesongen.

    Laura Müller fra Tyskland vant B-heatet i Huelva på 52,24. Carmen Aviles fra Spania ble nummer tre med 52,73.

    Salwa Eid Naser fra Bahrain vant A-heatet med 49,78. Alle åtte i det heatet løp raskere enn Klosters tid, og de sju første løp under 52 sekunder. (NTB)

    r-J2F9SUpHk
    Foto: NTB
  • Alcaraz utklasset Tsitsipas – møter Djokovic i semifinalen

    Verdensener Carlos Alcaraz utklasset Stefanos Tsitsipas og møter Novak Djokovic i semifinalen i Roland-Garros.

    Alcaraz feide Tsitsipas av rødgrusen med sifrene 6-2, 6-1, 7-6 (7-5) i en kamp som varte to timer og 12 minutter.

    Casper Ruud møter Holger Rune onsdag i en av de to siste kvartfinalene. (NTB)

    0dXz9r-mRKs
    Foto: AP
  • Riises Avaldsnes rystet Vålerenga

    Serieleder Vålerenga har vært i en egen klasse til nå i Toppserien, men mot John Arne Riises Avaldsnes gikk Oslo-laget på en real smell. Kampen endte til slutt 1–1, og dermed endte seiersrekken til Vålerenga, som ikke hadde gitt fra seg poeng på fem kamper.

    – Det er klart at det er skuffede Vålerenga-spillere som ikke får med seg tre poeng mot Avaldsnes, sier NRKs fotballekspert, Carl-Erik Torp.

    Vålerenga tok ledelsen på et selvmål etter et drøyt kvarter. Karina Sæviks avslutningsforsøk ble reddet av keeper Kelsey Daugherty, men returen gikk rett i en uheldig Susan Duah og spratt i eget mål.

    Tabelljumboen lot seg ikke sette ut og gjorde en god prestasjon mot den suverene serielederen. I det 65. minutt kom et fortjent utligningsmål da Maria Hovmark nikket inn et innlegg fra Kristina Svandal.

    Synne Skinnes Hansen sto for målene da Rosenborg vant borte mot LSK Kvinner i kampen om å være Vålerengas nærmeste utfordrer. Det NRK-sendte oppgjøret mellom Brann og Stabæk fra Bergen endte uten scoringer.

    (NRK / NTB)

    Avaldsnes har hatt det tøft i Toppserien i år og mange trodde de skulle få det tøft mot serielederen Vålerenga.

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste