– Dei som ligg litt bak kjem til å måtte ta sjansar. Dei blir litt desperate. Og Magnus er litt desperat, seier NRKs sjakkekspert Atle Grønn.
Etter første dag har Carlsen to av fire poeng og han ligg på delt sjetteplass. Det er berre eit halvt poeng opp til teten, men med to dagar igjen av innleiande rundar risikerer Carlsen ein intens kamp for å komme med til utslagsrundane.
Åtte av tolv spelarar går vidare. Viss Carlsen tapar eit parti blir det frykteleg spennande for nordmannen.
– Det er ein litt ubehageleg situasjon; han har ikkje råd til eit tap. Han vil ikkje gå inn i siste runde med berre remisar. Det blir plutseleg veldig ubehageleg, seier Grønn.
– Ikkje veldig bra
Sjølv hadde ikkje Carlsen veldig mykje positivt å seie etter første dag av turneringa.
– Fire remisar er ikkje veldig bra. Men eg har ikkje vore i tapsfare og det tek eg med meg vidare. Så det er masse tid til å gjere det på. Eg får håpe at eg er endå meir på hogget i morgon, seier Carlsen.
I første parti søndag møter Carlsen Daniil Dubov, som tidlegare har vore ein del av hjelparane hans.
– Tenk om Dubov slår han. Då er han i kjempetrøbbel. Det er ingen som er trygge, sa Howell under sendinga laurdag.
Bør vinne på dag to
– Når du ligg midt i feltet har du ikkje mykje å gå på, seier sjakkekspert Torstein Bae.
Han meiner Carlsen leverte heilt OK på første dag, men forventar at det tek seg opp søndag.
– Dag to blir viktig. Der bør han ha éin eller to sigrar. Han er på plass til å gå vidare og eg trur ikkje han blir noko dårlegare, seier Bae.
Sju parti står att av innleiande rundar. Carlsen må vere blant dei åtte beste for å komme seg vidare.
– Det er overkommeleg, sjølv om eg ikkje er heilt på topp. Får eg ein litt betre dag ligg eg forhåpentleg veldig godt an og kan slappe av siste dagen, seier Magnus Carlsen.
«Julesjakk – meistermøte» ser du på NRK 1 frå klokka 14.45, kvar dag fram til 3. januar.