– Det så lenge ut til å gå mot eit typisk Carlsen-parti der han sakte, men sikkert malar motstandaren i senk. Og han hadde eit vinnande sluttspel, men han spelte unøyaktig i trekk 43 som gjorde at Kasparov redda remis, seier NRKs sjakkekspert Askild Bryn.
16 år etter
Det var oppgjeret alle sjakkfans hadde venta på.
Førre gang dei møttest var i 2004. Då sjokkerte 13 år gamle Magnus Carlsen sjakkverda ved å spele remis i det første partiet mot Garry Kasparov. Russaren vann deretter det andre partiet.
Kasparov blei historias 13. verdsmeister i sjakk i 1985, i ein alder av 22 år. Etter 20 år som verdseinar la han opp i 2005. Men så gjorde han comeback, 12 år etter at han gav seg som sjakkspelar.
16 år etter var det klart for eit nytt meistermøte mellom dei to sterkaste sjakkspelarane gjennom historia. Kasparov var i ein periode også trenar for Carlsen i 15-16-årsalderen.
– Det er ein generasjonskamp som er forklaringa på at dei ikkje har møttest tidlegare. Det er nok ergerleg for Magnus å ikkje få den sigeren som han ønska seg, seier Bryn.
I hurtigsjakkturneringa på nettet frå St. Louis Chess Club i USA spelte Carlsen med dei svarte brikkene.
Tabbetrekk
I trekk sju tilbaud Kasparov dronningbytte og inviterte Carlsen inn i eit tidleg sluttspel. Det var eit friskt trekk frå russaren og som viste at den tidlegare verdseinaren hadde sjølvtillit og hadde håp om å halde unna for Carlsen.
Men etterkvart opparbeida nordmannen seg ein liten fordel, i tillegg hadde han skaffa seg ein tidsfordel.
Deretter auka Carlsen fordelen trekk for trekk, og la ytterlegare press på klokka. Nordmannen hadde godt over 11 minutt igjen, medan Kasparov hadde fire og et halvt minutt igjen.
Partiet utvikla stadig i Carlsens fordel, men så gjorde 29-åringen frå Lommedalen tabben i trekk 43. Carlsen var tydeleg oppgitt over eige spel.
Og dermed blei det remis mellom dei to sjakkgigantane.
– Det var ein tabbe som var mogleg å gjere på grunn av utviklinga, og ikke minst med tanke på at begge spelarar var i tidsnød. Når ein har lite tid på klokka er det lettare å gjere tabbar. Men Magnus er kjent for sine sluttspelsigrar, så at tabben kom i den fasen av spelet er likevel overraskande, seier Askild Bryn.
Likevel - Carlsen har fått ein god start på turneringa totalt. Etter dei tre første rundane er nordmannen i delt leiing med 2,5 poeng saman med Leinier Dominguez.
Carlsen åpna turneringa med siger med dei svarte brikkene mot franske Maxime Vachier-Lagrav. Sigeren kom i klassisk Carlsen-stil der han pressa motstandaren i senk i sluttspelet. Og i runde to kom altså gigantoppgjeret alle hadde snakka om på førehand. Då var sjakklegenda Garry Kasparov motstandar.
I det tredje partiet skulle Carlsen opp mot sin gamle VM-rival Fabiano Caruana. Amerikanaren fekk tidlig ein fin fordel. Carlsen kjempa likevel godt og fekk partiet inn på rett spor like før spelarane fekk dårleg tid på klokka. I felles tidsnaud klarte nordmannen å gjennomføre snuoperasjonen med eit farlig motangrep.
Turneringa avsluttas natt til søndag, norsk tid.