Normal

Rekordmange 417 mann på start i NM: – Kan bli tungt for dei beste

Aldri har det vore fleire på start i eit NM i langrenn. Det kan gje tøffe forhold for dei beste med startnummer rundt 400.

Tremila, ski-NM, Tromsø

KAOS: Under tremila i NM tidlegare i år blei det kaotisk med stort felt i byrjinga av rennet. I morgon er det intervallstart men med over 400 løparar på start blir det bra trøkk i løypene også der.

Foto: skjermdump

– Det viser at langrenn er meir populært nokon gong, seier Torgeir Bjørn

NRKs ekspertkommentator har litt å setje seg inn i når han sitt med startlistene for morgondagens 10 kilometer fristil intervallstart.

Alle dei beste rundt startnummer 400

For aldri har eit NM-renn i langrenn hatt fleire deltakarar på startlista. Når landslagsløpar Didrik Tønseth går ut som sistemann på Beitostølen i morgon har heile 416 menn gått ut før han.

– Det er eit veldig godt teikn for langrennssporten, men det blir nok ikkje optimale forhold for oss som kjem til slutt, seier Tønseth til NRK.

Også dei andre favorittane Emil Iversen, Martin Johnsrud Sundby og Petter Northug startar rundt startnummer 400. Det kan få store konsekvensar.

– Det blir litt av spenningsmomentet, om forholda held seg til dei antatt beste løparane kjem mot slutten. Dei siste startande kan risikere å få litt tunge forhold og gå under, meiner Torgeir Bjørn.

Torgeir Bjørn

STERKT: Torgeir Bjørn mener langrenn i Norge står sterkere enn noensinne.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Distansane fem og ti kilometer intervallstart var tilbake på NM-programmet i Harstad i fjor. Her får også juniorløparar sleppe til mot seniorane og det er noko av grunnen til den elleville startlista.

– I tillegg er det for mange kort veg til Beitostølen, men det viser at langrenn står veldig sterkt i Norge akkurat nå. Det gjer at Norge er i ei særstilling. Russland kan også ha mange deltakarar, men ikkje så mange som 400.

Per Nymoen i Norges skiforbund bekreftar til NRK at ein aldri har sett eit større startfelt i NM på ski.

– Dei beste vil vere best

Sjølv om det kan bli tungt å starte med startnummer 419 (to nummer blir ikkje brukt) ser Didrik Tønseth på det rekordstore feltet som positivt.

Tønseth

SIST: Didrik Tønseth starter sist i fredagens renn.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Det er artig at juniorane får gå mot seniorane og det kan godt hende at dei som startar tidleg får ein fordel av tidleg startnummer. Men eg trur me skal få gjort opp ein fair kamp om medaljane likevel.

Torgeir Bjørn trur også dei beste vil vere best, sjølv om det kan bli eit par overraskingar i toppen.

– Det vil nok bli mange nye namn for folk flest blant topp 100, men heilt i toppen, trur eg det vil bli velkjente namn.

Kven som tek NM-medaljane på 10 kilometer fri ser du på NRK1 frå 10.55 i morgon.

Siste nytt

  • Foss på sjetteplass i VM

    Danske Mikkel Bjerg forsvarte sin tittel på temposykkelen i U23-klassen i sykkel-VM i Innsbruck. Norske Tobias Foss ble beste nordmann på en sjetteplass, 2.25 minutter bak vinneren. Andreas Leknessund ble nummer 13.

    SYKKEL-VM BERGEN 2017.
    Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix
  • Alternativ trening for Moan

    Magnus Moan fikk et ublidt møte med reklamegjerdene i bunnen av hoppbakken i Planica søndag. Verst gikk det utover skulderen. Moan melder nå på sin Twitter-konto at det blir alternativ trening de kommende dagene.

    Magnus Moan
    Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
Morgensport og musikk
NRK Sport Live
NRK Sport Live
NRK Sport Live
Sport i dag
Sport i dag
Team Ingebrigtsen