NRK Meny
Normal

Rekordenes rekord er 100 år

2.17,4. Tida står med gullskrift i skøytehistoria. I dag er det 100 år sidan.

Oscar Mathisen

LEGENDE: Oscar Mathisen var grossist i verdsrekordar.

Foto: NTB scanpix

Aldri har ein rekord på nokon av dei fire klassiske skøytedistansane stått lenger. Det skulle gå 23 år og 13 dagar - eller 8414 dagar - før rekorden vart slått.

Norges Skøyteforbund skal markere dette med ulike aktivitetar på Frogner Stadion denne dagen. Frogner stadion er nemleg også 100 år i år.

Det var den sveitsiske alpebyen Davos, og det var 18. januar 1914. Oscar Mathisen var den beste skøyteløparen i verda på den tid, og det var 1500-meter.

Valde rekordforsøk framfor NM

Legenden Oscar Mathisen

Oscar Mathisen var kanskje den største av alle skøyteløparar i si tid. Han hadde alle verdsrekordane, og mengder av meisterskapsmedaljar. Men 2.17,4 står likevel i historisk særstilling

Foto: NTB arkiv / SCANPIX

Davos var den raskaste skøytebana. Byen ligg 1560 meter over havet. Oscar Mathisen hadde fått personleg invitasjon til stemnet i byen.

Det var ikkje heilt ukontroversielt, og problemstillinga er gjenkjenneleg den dag i dag. For same helga var det nemleg NM i Trondheim, og arrangørane der var lite glade for at den største stjerna uteblei.

"Eg forstår trønderane si forarging og sinne. Men eg kunne ikkje la denne sjansen gå frå meg", skreiv Mathisen i sin sjølvbiografi mange år seinare. Han reiste sørover saman med Bjarne Frang, lagkamerat frå Kristiania Skøiteklub.

Tilhøva var svært gode i Davos, og Mathisen var i form. Helga før hadde han sett verdsrekord på 1500 meter med 2.19,4 på opningsstemnet for Frogner Stadion.

Slo rekorden med to sekund

Men i Davos gikk det endå raskare. Mathisen leverte eit fantomløp og gjekk i mål på 2.17,4 - to sekund betre enn sin sju dagar gamle rekord. Han slo Frang i samløp med sju sekund.

Oscar Mathisen var grossist i verdsrekordar, og 2.17,4 fekk ikkje meir merksemd enn dei andre med det same. Men etter som åra gjekk og ingen klarte å slå rekorden, blei tida meir og meir spesiell.

Thunbergs mislykka rekordjakt

Video Oscar Mathisen mot rivalen Bobby McClean

Kristiania 1920: Oscar Mathisen i sin historiske kamp mot Bobby McLean på Frogner stadion

Foto: Nyhetsspiller

Finnen Clas Thunberg skulle bli sjølve symbolet på kampen mot Mathisens etterkvart legendariske rekord. Han var spesialist på distansen, og i sin 15 år lange karriere tok han to OL-gull i denne øvinga. Etter at Mathisen hadde lagt opp, var det Thunberg som var best, med totalt 5 OL-gull, 5 VM-gull og 4 EM-gull - og fire verdsrekordar.

Men den hersens verdsrekorden på 1500-meteren skulle han aldri få has på, trass tallause forsøk. Nærmare enn to løp på 2.18,1 kom han ikkje.

Då rekorden til slutt vart slått, var det av ein nordmann, Mikael Staksrud .

Det skjedde med eit brak under EM i Davos 31. januar 1937. Staksrud vart europameister, og vann 1500-meteren på 2.14,9. Også Hans Engnestangen (2.15,0) og Georg Krog (2.17,3) gjekk under Oscar Mathisens gamle rekord den dagen.

5000 m var viktigare

Det var forresten ikkje verdsrekorden på 1500-meteren som var Oscar Mathiesens primære mål med turen til Davos den januardagen i 1914. Det var 5000-meterrekorden han jakta på, skriv skøyteforbundet.no .

Alle dei andre verdsrekordane hadde nemleg Oscar Mathisen sjølv. Og han hadde svært god lyst til å ta den siste også.

Det klarte han. Med 8.36,6 slo han Nikolaj Stroennikovs tre år gamle rekord med seks tideler. No var alle dei klassiske rekordane på Kristiania-løparen sine hender.

Men 5000-rekorden vart raskt slått. Det gjorde Mathisen sjølv to år seinare i det som skulle bli hans siste løp som amatør.

Men det var 2.17,4 som fekk legendestatus. Det er den som står med lysande skrift i historiebøkene.

Clas Thunbergs trøyst

Clas Thunberg

Clas Thunberg avløyste Oscar Mathisen som den beste skøyteløparen i verda. Men trass årelang jakt greidde han aldri å straffe 2.17,4

Foto: Pressens Bild / NTB scanpix

Og Clas Thunberg? Han kan faktisk skryte av å ha hatt den lengstlevande av alle offisielle skøyterekordar.

11. januar 1930 gjekk han 1000-meteren på 1.28,4. Det gjekk 9132 dagar - eller 25 år og ein dag - før den blei slått.

Men 1000 m var ein svært ukurant distanse i dei dagar, og det gjekk år og dag mellom kvar gong ein toppløpar gjekk distansen i offisielle stemne. Først med innføring av sprint-VM vart 1000-meteren vanleg for skøyteløparane.

Og kven var det Thunberg tok 1000 m-rekorden frå? Oscar Mathisen, sjølvsagt. Mathisens rekord hadde stått i 21 år.

Siste nytt

  • Uavgjort i bunnoppgjøret

    Stabæk og Start spilte 1-1 i onsdagens bunnoppgjør i eliteserien. Dermed står begge lagene med fire poeng etter seks serierunder. Ohi Omoijuanfo ga Stabæk ledelsen etter 70 minutter, mens Aron Sigurdarson utlignet for Start.

    Eliteserien 2018. Stabæk-Start. Nadderud Stadion.
    Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix
  • Powell ferdig i Sandefjord

    Sandefjord Fotball bekrefter i en pressemelding onsdag kveld at Magnus Powell er ferdig som trener i klubben. Powell begynte i jobben så sent som 16. januar.

    Powell
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB scanpix
  • Chamberlain langtidsskadd

    Liverpool- og England-spiller Alex Oxlade-Chamberlain er satt ut av spill i lang tid og går glipp av fotball-VM etter kneskaden han pådro seg mot Roma tirsdag, melder BBC. 24-åringen pådro seg en båndskade i kneet.

    Alex Oxlade-Chamberlain
    Foto: OLI SCARFF / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Mesterligaen: Semifinale Bayern München - Real Madrid