Hopp til innhold

Reiten ut mot Sjögren-grep: – På tide med noko nytt

I evalueringa etter det mislykka EM-et i sommar ønska spelargruppa fleire endringar. Guro Reiten fortel at ho synest det var på tide med eit trenarskifte og ny taktikk.

Damelandslaget i fotballl

VILLE SJÅ ENDRINGAR: Guro Reiten var skuffa etter EM og ønska seg ei anna spelestil på landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Det norske kvinnelandslaget har hatt si første trening med Hege Riise som landslagssjef.

Blant dei som kjenner den nye sjefen best er Chelsea-spelar Guro Reiten. Ho hadde Riise som trenar i LSK Kvinner frå 2017 til 2019.

– Ho hjelpte meg frå å vere ein heilt ok Toppserie-spelar til å bli ganske god i Toppserien og så vidare til Chelsea, seier Guro Reiten til NRK.

Damelandslaget i fotballl

NY KVARDAG: Guro Reiten saman med landslagssjef Hege Riise og assistenttrenar Monica Knudsen.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Også Ingrid Syrstad Engen hadde Riise då ho spelte for LSK Kvinner i 2019.

– Eg har lært mykje i LSK, spesielt i rolla mi på midtbanen, seier ho til NRK.

Riise tek over etter Martin Sjögren som rauk på hovudet ut av gruppespelet i EM i sommar. 8-0-tapet mot England vart på mange måtar symbolet på ein skuffande meisterskap for det norske landslaget.

Kort tid etter EM var Sjögren ferdig som landslagssjef.

Ueinig med Sjögren-grep

– Eg trur det er greitt for alle at vi fekk litt forandring etter EM. Vi har hatt Martin (Sjögren) og Anders (Jacobson) lenge og det var på tide med noko nytt, seier Reiten.

I spelarevalueringa etter EM kom det fram at spelargruppa ønskte store endringar.

– Kva var det viktigaste som måtte endrast?

– Eg synest nok at mot dei aller beste laga i verda, som vi har lyst å måle oss mot, har ikkje den defensive strukturen og strukturen i laget passa, svarer ho.

Damelandslaget i fotballl

FÅR FORNYA TILLIT: Maren Mjelde får halde fram som kaptein for landslaget. Treninga tysdag måtte ho følgje frå sidelinja.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Landslagskaptein Maren Mjelde meiner det var «ingen annan utveg» for Sjögren etter EM. NRK spør også Mjelde kva som må endrast på landslaget.

– Vi er ikkje der vi ønskjer å vere i forhold til dei beste. Vi må kanskje bli meir kyniske igjen for å straffe dei beste. Vi må få tilbake den norske råskapen og vere bra defensivt spesielt, seier Mjelde.

EM i fotball for kvinner 2022: Østerrike - Norge (1-0)

FERDIG: Martin Sjögren mista landslagsjobben etter eit EM langt under forventningane.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Reiten meiner til dømes at Noreg burde hatt fleire spelarar på midtbanen enn dei hadde i EM. Der spelte Noreg i ein 4-2-3-1-formasjon med to sitjande midtbanespelarar.

Riise har sagt at ho vil bytte til ein 4-3-3-formasjon, og etter treninga tysdag tyder det meste på at Reiten blir ein av dei tre på midten saman med Syrstad Engen og Frida Maanum.

– Vi har jo ein gjeng med gode fotballspelarar. Men at vi kjem til å spele ut nokon av dei beste laga, det trur eg ikkje. Derfor må vi vere veldig solide defensivt og ta vare på moglegheitene når vi kjem framover, seier Chelsea-spelaren og held fram:

– Eg trur kanskje fokuset vårt har vore litt annleis. Ikkje heilt der. Så blir det spennande å sjå. Det er nye trenarar og ein del nye fjes her, så det blir kult å sjå kva vi klarer å få til.

– Ho stiller krav

Nytt frå førre samling er at Caroline Graham Hansen har teke ein pause frå landslaget. Ada Hegerberg tek over rolla hennar som visekaptein og ser fram til å starte med blanke ark etter eit svakt EM.

– Eg tenkjer at det handlar om å starte opp noko saman igjen. Reint som spelargruppe trur eg det er viktig for oss å vise rein innsats, eit heilt anna ansikt av oss sjølv igjen. Det er Heges jobb å stake ut ein kurs, leggje fram ein plan og at vi følgjer etter, seier Hegerberg.

Damelandslaget i fotballl

NULLSTILLER: Visekaptein Ada Hegerberg meiner Noreg må byggje opp noko heilt nytt på landslaget no.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Ikkje nok med at vi følgjer etter, men viser at vi har kapasitet og vil vere med og vise ein innsats igjen på eit heilt anna nivå enn det som har vorte gjort i sommar, legg Hegerberg til.

Syrstad Engen beskriv ein tydeleg Riise etter første trening.

– Ho tek tak og stiller krav frå start og ønskjer at vi skal gjere det til kvarandre. Det trur eg blir viktig å ta med seg frå meisterskapet, at det er noko vi må bli betre på i denne gruppa her.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Martin Sjögren, men har ikkje fått svar frå den tidlegare landslagssjefen.

Les også Riise gjør endringer – Hegerberg får ny rolle på landslaget

EM i fotball for kvinner 2022: Østerrike - Norge (1-0)

Siste nytt

  • Eliteserieklubbene smadret salgsrekorden i 2023

    Norsk Toppfotballs (NTF) mål om at landets fotballklubber samlet skal selge spillere for mer enn én milliard kroner årlig innen 2028 er nesten nådd allerede.

    Det viser en fersk rapport fra Europatoppen.

    I 2023 solgte norske klubber spillere for hele 959 millioner kroner. Det var en markant økning fra 355 millioner i 2022.

    – Det er fantastiske tall, og det viser at spillere i norske klubber er attraktive på det internasjonale markedet. Samtidig er det en risiko for at ligaen blir svekket dersom man ikke klarer å fylle på med egenutviklede spillere eller bommer på spillerkjøp, sier NTFs sportssjef Erik Hoftun.

    I fjor solgte Molde alene spillere for nær en kvart milliard kroner, mens også Bodø/Glimt (149 millioner) og Rosenborg (105 millioner) passerte et tresifret antall millioner. (NTB)

    Sivert Mannsverk
    Foto: NTB
  • Højlund punkterte kampen – reddet Manchester United

    Danske Rasmus Højlund avgjorde for Manchester United da han satte 4–2 mot Sheffield United etter fremspill av Bruno Fernandes.

    Portugiseren ble kampens store spiller for de rødkledde vertene.

    Han utlignet til 2-2 fra straffemerket etter en time, og 20 minutter senere knallet han inn 3–2 fra distanse.

    Før hvilen sto Fernandes også for frisparket som et par trekk senere ga Manchester Uniteds første utligning.

    Hjemmelaget dominerte banespillet tungt og kom til flere store sjanser, men gikk likevel til pause på 1-1.

    En fæl feilpasning fra vertenes keeper André Onana ga Jayden Bogle muligheten til å snappe ballen, gå på løp og score fra skrått hold.

    Ledelsen varte ikke lenge. Sju minutter senere stusset Harry Maguire inn utligningen.

    Tidlig i 2.-omgangen ble Old Trafford-publikummet rystet igjen. Ben Brereton Diaz sørget for at det sto 1-2 på lystavla etter fine Sheffield United-kombinasjoner.

    Manchester United tok seg opp til 6.-plassen med onsdagens seier. Klubben har kun vunnet to av sine åtte siste kamper i Premier League.

    Helst sist ligger Sheffield United med sine 16 poeng fra 34 kamper. Dert er ti poeng opp til riktig side av nedrykksstreken. (NTB/NRK)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Skaslien og Nedregotten videre i curling-VM

    Det norske ekteparet Kristin Skaslien og Magnus Nedregotten vant sin sjette kamp på rad da Sveits ble slått 6-5 den blandede parturneringen i curling-VM.

    Tidligere onsdag slo de Italia 7-4. Dermed topper duoen gruppe A sammen med Sveits og er klar for utslagsrundene allerede før siste kamp i grunnspillet.

    Torsdag venter Spania, som ligger sist i gruppe A.

    Det gjelder å komme seg blant de tre beste i gruppen. Vinneren går direkte til semifinalen, mens to de to neste skal ut i utslagsrunde mot toer- og treerlagene fra gruppe B.

    Skaslien og Nedregotten spiller sitt første mesterskap sammen siden de tok sølv i Beijing-OL i 2022. (NTB)

    Nedregotten og Skaslien
    Foto: LILLIAN SUWANRUMPHA / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal