– Engelskmennene meiner dei er dei verste fotball-bråkmakarane. Vi ville vise at dei er «kjerringar», seier ein russisk fotballpøbel som telegrambyrået AFP snakka med i Marseille.
Russaren kallar seg berre Vladimir. Han oppgir at han er frå Moskva, der han er PR-manager. Han er gift og har to born.
– Fekk med det viktigaste
Vladimir var i Marseille i samband med bråket før og under EM-kampen mellom England og Russland laurdag.
– Eg var i Frankrike i mindre enn 48 timar. Då fekk eg med meg det viktigaste, og tok delvis del i det sjølv, seier han.
Vladimir har fått med seg at Russland kan bli straffa og i verste fall kasta ut av EM dersom bråket gjentek seg seinare under meisterskapet. Men det bryr han seg ikkje om, fordi bråkmakarane ikkje interesserer seg for fotballkampane.
– Eg trur ikkje UEFAs avgjerd betyr noko som helst for kva vi finn på seinare, seier han.
Han reknar med at 150 av Russlands «sterkaste» fotball-bråkmakarar flaug til Marseille for kampen.
– Vi er der for å slåst
Sjølv følgjer han Lokomotiv Moskva, og meiner at 5-600 av klubbtilhengarane reiser til Frankrike under EM. Også suporterar frå andre russiske klubbar reiser til EM.
– Men der tel ikkje klubbsympatiar. Vi er der for å slåst mot engelskmenn, seier Vladimir.
– Engelske bråkmakarar veit ikkje korleis dei skal slåst. Dei er eldre enn vi, og dei drikk for mykje øl. Vi er stort sett mellom 20 og 30, og vi er aktive i kampsport. For oss er slåstinga ein sport i seg sjølv. Vi aksepterer ikkje kasting av stolar og flasker mot oss. Vi vil kjempe med nevane, seier han.
Men etter at England - Russland no er spela, trur Vladimir at russarane vil roe seg. – Eg kjem berre til å reise tilbake dersom Russland kjem til finalen, seier Vladimir.
Som også kjem med spark til det franske politiet.
– Dei var veldig passive, og eg fekk inntrykk av at dei ville sjå russarane slåst mot engelskmennene. Først i siste liten greip dei inn.