Sportsnyheter

Siste nytt

  • Haavi-forfall til landskampar

    Emilie Haavi har meldt forfall til VM-kvalifiseringskampane mot Polen og Belgia, melder NFF. Ho måtte ut med hamstringsskade like før pause i LSKs kamp mot Stabæk i helga.

    – Sesongen er nok over for min del, seier Haavi til Romerikes Blad.

    Linköpings Heidi Ellingsen er teken ut som ny kvinne i troppen.

    Norge møter Polen borte torsdag og Belgia heime tysdag i neste veke.

    Toppserien 2019, fotball kvinner, Vålerenga - LSK kvinner (1-2)
    Foto: Ryan Kelly / NTB
  • Casper Ruud nummer 9 i verda

    Tennishåpet Casper Ruud (22) klatrar ein plass på den ferske ATP-rankingen og er framleis i posisjon til å kome med i tourfinalen i Torino i midten av november.

    Nordmannen er på same poengsum som på førre ranking, men klatrar likevel eitt hakk til 9.-plassen. Det skuldast at den sveitsiske veteranen Roger Federer mister 480 poeng og fell til 11.-plass.

    9.-plassen er Casper Ruuds beste så langt i karrieren. Han ligg 200 poeng bak austerrikaren Dominic Thiem og 237 poeng framfor Hubert Hurkacz frå Polen.

    Nettopp Hurkacz kan bli Ruuds argaste konkurrent om ein plass i finalen. Per nå er begge akkurat inne blant dei åtte som får spele der.

    Ruuds neste turnering går i Wien i neste veke. Han blei nyleg slått ut i åttedelsfinalen i Masters 1000-turneringa i Indian Wells.

    Casper Ruud
    Foto: Sean M. Haffey / AFP
  • Hovland med sterk innspurt

    Viktor Hovland avslutta golfturneringa i Las Vegas med fem slag under par. Det gav 18 under par totalt, og ein 18.-plass i turneringa.

    Hovland trøbla i opninga, og fekk bogey på det første holet. Men etter tre birdiar låg han likevel to under par halvvegs i runden.

    Ny bogey følgde på hol 11, men avslutninga var sterk: Fire birdiar på dei siste sju hola, minus 13 samanlagt, og to slag unna ei topp 10-plassering.

    Nordmannen leverte ein sterk opningsrunde torsdag, med sju under par. Fredag gjekk han på minus fire, laurdag på minus to.

    Den nordirske veteranen Rory McIlroy vann turneringa med 25 slag under par, eitt betre enn Collin Morikawa. Det var McIlroys 20. siger på PGA-touren.

    Viktor Hovland
    Foto: Christian Petersen / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal