– Ja, vi gir tre millionar i år og eit førehandstilsegn på 15 neste år for å kunne utvikle X Games vidare, seier kulturminister Trine Skei Grande til NRK.
Det skal bane vegen fram mot Visjon 2020 – eit digert X Games-arrangement der både sommar- og vinterøvingar skal vere med.
Årets X Games skal gå denne veka på Telenor Arena på Fornebu, der det er bygd eit stillashopp for friski og snøbrett, og i Skur 33 på Tjuvholmen i Oslo, der skateboard-øvingane skal vere.
Men arrangørane har planar om å gjere dette arrangementet mykje større. Og det er det dei får regjeringa med på. Arrangørane søkjer om 30 millionar kroner. Grande vil i første omgang love 18.
Kostnad 55 millionar
– Vi skal ha ein dialog med X Games om korleis dette skal gjerast, og føresetnadene for det. Det trur eg vi skal bli samde om, seier Grande.
Kostnadsramma er kalkulert til 55 millionar kroner. Arrangørane vil sjølve skaffe 25 millionar.
– For meg er det viktig at vi har litt ulike arrangørar, ulike typar arrangement, og eg trur dette mobiliserer andre enn det tradisjonelle arrangement gjer.
Arrangementet neste år skal vere eit steg på vegen mot Visjon 2020. Då skal dei ta i bruk større område, med halvparten til sport, halvparten til musikk. Då er det også planar om fleire ekstremsportar, som BMX og motocross.
Dei reknar med 15.000 tilskodarar ute og 6000 inne.
– Dette konseptet vil gi ein boost til det norske skateboard-miljøet, som no er i gang med å organisere seg til OL i Tokyo i 2020, skriv dagleg leiar Henning Andersen i søknaden.
Grande: – Spektakulært
Trine Skei Grande er begeistra for X Games, og minnest arrangementet på Tøyen i Oslo i fjor.
– Eg var sjølv i London den dagen det starta, og åt frukost ein stad der alle skjermane viste bilete frå Tøyen. Det var kult å sjå kor stort og spektakulært dette er, seier ho.
Akkurat no står brett-ikonet Terje Håkonsen på toppen av årets stillas og ser utover Fornebu.
– Dette er ikkje så veldig stort. Det er eit by-event, og då er det grenser for kor stort ein kan byggje. På fjellet byggjer vi mykje større. Men det er godt å legge slikt til ein by også, med mange menneske til stades. Vi har lagt det til mai, då er det varmt og fint og vi kan ha utekonsertar, seier Håkonsen.