Hopp til innhold

Regimekritikar arrestert før NRK-intervju i Qatar

Abdullah Ibhais har fleire gonger uttala seg kritisk om arbeidsforholda i Qatar. Måndag morgon vart han sett i varetekt av politiet i Qatar berre timar før han skulle bli intervjua av NRK.

Qatar

I SØKELYSET: Fotball-VM i Qatar har fleire gonger vore i eit kritisk søkelys etter at landet fekk tildela meisterskapen.

Foto: GIUSEPPE CACACE / AFP

Ibhais var tidlegare media- og kommunikasjonsdirektør i Qatar sin VM-organisasjon.

Amnesty bekreftar at dei har fått rapportar på at han er arrestert, og det fortel også fleire journalistar til NRK.

Det er førebels ikkje kjend kvifor Ibhais blei arrestert.

Journalisten Benjamin Best frå WDR er ein av to menneske Abdullah Ibhais skal ha hatt kontakt med etter han blei arrestert. Den tyske journalisten følgjer situasjonen i Qatar tett, og dei har hatt mykje kontakt den siste tida.

– Ibhais ringde meg frå fengselet, seier Best til NRK.

NRK kom til Qatar søndag, og reporter Halvor Ekeland bekreftar at han hadde ein avtale med Ibhais måndag ettermiddag.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd, seier Ekeland til NRK.

NRK har ikkje lykkast i å få ein kommentar frå qatarske myndigheiter.

Halvor Ekeland i Qatar

I DOHA: Halvor Ekeland.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

– Skal sveltestreike

Abdullah Ibhais blei dømd til fem år fengsel i april, etter at retten fann han skuldig i misbruk av offentlege middel, pengar under bordet, samarbeid for å gjere seg skuldig i pengar under bordet og skade på den øvste VM-komiteen. Det skriv Human Rights Watch, som følgde rettssaka tett.

Ibhais anka dommen. I utgangspunktet var ei ny høyring sett til 23. november i år ifølgje Best, men no ser det ut til at politiet skal ha fullbyrda fengselsstraffa.

Skjermdump Benjamin Best 14:47, 15.11.2021.

SKJERMDUMP: Benjamin Best skreiv først om telefonsamtalen på Twitter (14:47, 15.11.21).

Foto: Interview ARD Sportschau

– Eg snakka med han i dag tidleg etter at han blei sett i varetekt. Han fortalde meg at han var varetektsfengsla av politiet, og at politiet no fullbyrder fengselsstraffa, seier Best til NRK.

Det stussar journalisten over.

– Det er litt sjokkerande at myndigheitene fullbyrder straffa no, med tanke på høyringsdatoen, seier han vidare.

Best intervjua Ibhais for nokre veker sidan, og då fortalde han at han skulle sveltestreike om han igjen blei arrestert. Det kan faren til Ibhais bekrefte at han no gjer.

– Eg har snakka med faren til Ibhais, og han fortalde at Ibhais sveltestreikar akkurat no, seier han.

Benjamin Best

SNAKKA MED IBHAIS: Journalisten Benjamin Best. Han er i Tyskland.

Foto: NRK

Uviss arrestasjon

Sjølv hevdar Ibhais at varetekta er i relasjon til sjølve mediedekninga av saka, men det er det ingen som har bekrefta.

Fleire medium, blant anna Josimar Fotballblad og The Independent, publiserte tidlegare i år ein lengre artikkel om saka hans, og hevda at Ibhais blei dømd for å ha forsvara migrantarbeidarane i landet.

Qatar sin VM-komité tar kraftig avstand frå skuldingane, og har tilbakevist kritikken ved fleire høve.

– Komiteen er sterkt ueinig med desse usanne og ærekrenkande utsegna, som er basert på utdrag av internkommunikasjon tatt ut av kontekst, skriv VM-komiteen i ei pressemelding relatert til Josimar si sak.

Josimar fekk beskjed frå VM-komiteen om å fjerne artikkelen sin.

Retting: I første versjon av denne artikkelen skreiv vi The Times hadde publisert ein artikkel om Abdullah Ibhais. Dette er feil og har blitt retta til The Independent. Feilen blei endra klokka 19.27.

Siste nytt

  • Ryerson og Dortmund ute av cupen

    Julian Ryerson spilte hele kampen da Borussia Dortmund ble sendt ut av cupen borte mot Stuttgart.

    Hjemmelaget vant 2-0 og er klare for kvartfinale i den tyske cupen.

    Dit skal også Saarbrücken, som spiller på nivå tre. Tidligere i turneringen sjokkerte de med å slå ut Bayern München, og onsdag var det Eintracht Frankfurt – uten en skadet Jens Petter Hauge – som ble beseiret 2-0.

    Julian Ryerson
    Foto: THILO SCHMUELGEN / Reuters
  • McTominay sikret United-seier: Nærmer seg byrival City

    Scott McTominay ble den store helten for Manchester United med to scoringer i 2-1-seieren over Chelsea onsdag kveld.

    McTominay scoret kampens første mål tidlig i den første omgangen, men han og Manchester United måtte se at Cole Palmer utlignet til 1-1 like før pause.

    I kampens 69. minutt dukket McTominay opp igjen og scoret sitt andre mål med et kontant hodestøt.

    Dermed ble det en svært viktig seier for United, som nå ligger på sjetteplass og kun har tre poeng opp til byrival Manchester City på den viktige fjerdeplassen i Premier League.

    Det har stormet rundt United de siste dagene, etter at det kom frem at flere medier hadde blitt utestengt etter saker om misnøye i United-garderoben.

    Klubbens håp om avansement i Mesterligaen henger i en tynn tråd, men de står nå med fire seirer på de fem siste kampene i Premier League etter at de tapte 0-3 hjemme mot Manchester City i slutten av oktober.

    Da var de ni poeng bak byrivalen, men Manchester City har selv bare tatt seks poeng på de siste fem kampene. Onsdag kveld tapte de 0-1 borte mot Aston Villa.

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Dave Thompson / AP
  • Haaland og City senket av Aston Villa

    Aston Villas elleville hjemmeform fortsetter selv etter at Manchester City har vært på besøk. Med 1-0-seieren på Villa Park gikk også vertene forbi City på tabellen.

    Med fire kamper på rad uten seier, er Manchester City seks poeng bak serieleder Arsenal 15 kamper ut i sesongen. Liverpool og Aston Villa er henholdsvis fire og to poeng foran City.

    Erling Braut Haaland jubilerte med sin 50. Premier League-kamp, men han kom aldri nærmere scoring nummer 51 enn dobbeltsjansen han fikk etter ti minutter.

    Aston Villa-keeper Emiliano Martínez jublet som besatt etter at han reddet begge forsøkene til Haaland, og mer jubel skulle det bli for hjemmelaget.

    Kvarteret før slutt banket nemlig Leon Bailey inn kveldens første scoring, og det var nok til at Aston Villa tok sin 14. strake hjemmeseier i Premier League.

    Det er tangering av klubbrekorden for Unai Emerys mannskap.

    Erling Braut Haaland under Premier League-kampen borte mot Aston Villa
    Foto: ANDREW BOYERS / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal