Reed og DeChambeau også ut av PGA
Bryson DeChambeau og Patrick Reed er dei siste som har meldt overgang frå den tradisjonelle PGA-touren til den nye saudiarabiske Liv-serien i golf.
Det melde The Telegraph tidlegare i dag. DeChambeaus agent stadfestar dette overfor ESPN i kveld. Dei to skal debutere i sin nye liga i Portland i USA i slutten av juni.
Til saman har dei to 17 sigrar på PGA-touren.
Den nye saudiarabiske serien lokkar stjernene med ekstreme pengesummar, men er blitt sterkt kritisert for å vere sportsvasking - satsing på sport for å dekke over eigne grove brot på menneskerettane.
Leiinga i PGA-touren har også trua med strenge reaaksjonar mot spelarar som stiller opp i den nye serien.