Hopp til innhold

I harnisk etter transkvinne-nekt i friidrett: – Det er hyklersk

Transkvinner får ikkje lenger lov å konkurrere i friidrett som kvinner. Avgjerda til Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) blir omtalt som både modig og feig.

Transkvinne Friidrett

HYKLERSK: Athlete Ally ambassadør Zooey Effy Perry meiner det er mange andre tiltak som WA heller kunne gjort for å gjere kvinneidretten meir rettferdig.

Foto: Martin Leigland / NRK

Torsdag førre veke stadfesta Sebastian Coe, presidenten i WA at transkvinner ikkje får delta i kvinneklassen i friidrett dersom dei har gått gjennom mannleg pubertet. Dette vil gjelde frå 31. mars, som òg er Transsynlegheitsdagen.

– Eg synest det er veldig feigt, seier Zooey Effy Perry til NRK.

Ho er transkvinne, handballmålvakt på Lambertseter og ambassadør for Athlete Ally som jobbar mot homofobi og transfobi i idretten. Perry stussar over prioriteringane til WA:

– Dei gjer det i rettferda sitt namn, men om dei verkeleg brydde seg om rettferd i kvinneidrett hadde dei sett på forskjellane i løn, premiepengar, mangelen på kvinner i leiarposisjonar, alle overgrepssakene som har kome opp i friidrettsverda. Det verkar som dei vil angripe transmiljøet, når dei burde brydd seg om andre ting om dei verkeleg brydde seg om rettferd i kvinneidrett.

Det er ikkje friidrettstrenar og samfunnsdebattant Frode Saugestad samd i.

– Det er bra og modig av WA at dei legg vekk kjenslene. Det er viktig å stelle seg edrueleg til desse spørsmåla, og basere dette på vitskap, meiner Saugestad.

World Athletics President Sebastian Coe, left, World Athletics CEO Jon Ridgeon, center, and Head of the World Athletics Russia Taskforce Group Rune Andersen.

INGEN KVINNER PÅ TOPP: President i WA Sebastian Coe (til venstre), CEO i WA Jon Ridgeon i midten og Rune Andersen (t.h.) som leier Russland-gruppa til WA.

Foto: Gregorio Borgia / AP

– Dei går imot IOC

Perry meiner òg at WA bryt med retningslinjene til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), som i 2021 publiserte eit rammeverk for inkludering og rettferd i idretten.

Her står det mellom anna at «sportsorganisasjonar skal jobbe for å betre inkludering og forhindre diskriminering basert på kjønnsidentitet eller kjønnsvariasjonar».

Rammeverket poengterer òg at ingen skal ha urettferdig og uforholdsmessige fordelar i konkurransar.

– Eg synest det er hyklersk fordi avgjerda går mot kva IOC har publisert i retningslinjene sine for inkludering. Dei er fullstendig annleis enn det WA seier. Så dei går imot IOC med denne avgjerda, meiner Perry.

Transkvinne Friidrett

INGEN FORDEL: Zooey Effy Perry viser til forsking som seier at ein ikkje kan bevise at transkvinner har fordel i kvinneklassen.

Foto: Martin Leigland / NRK

– Forskinga har vist gong på gong at det har vore veldig liten, til ingen fordel. Vi høyrer berre om transkvinner i sport når dei vinn og gjer det bra. Du høyrer aldri om det når dei ikkje gjer det bra. Om du berre vier merksemd til transkvinner når dei gjer det bra, vil det alltid verke som dei tek over. Men nei, vi vil berre konkurrere i den klassen som vi bør vere i, som er kvinneidretten, poengterer ho.

Den siste større forskingsgjennomgangen på området konkluderte med at ein slik fordel ikkje er bevist.

Sebastian Coe

PRESIDENT: Sebastian Coe antyda til NRK i august at det viktigaste for han var å behalde integriteten til kvinneidretten.

Foto: MONICAH MWANGI / Reuters

WA grunngjev avgjerda si med at det ikkje er nok forsking som viser at transkvinner ikkje har ein fordel framfor biologiske kvinner:

– Fleirtalet av dei konsulterte uttalte at transkjønna idrettsutøvarar ikkje burde konkurrere i kvinnekategorien. Mange meiner det er utilstrekkelege bevis for at transkvinner ikkje beheld fordelen over biologiske kvinner og ønskjer meir bevis på at eventuelle fysiske fordelar har blitt forbetra før dei er villige til å vurdere eit alternativ for inkludering i kvinnekategorien, sa Sebastian Coe på pressekonferansen torsdag.

Der informerte han òg om etableringa av ein arbeidsgruppe som spesifikt skal rådføre seg med transpersonar i idretten for å forske vidare på tematikken.

Kommunikasjonssjef i WA Nicole Jeffery skriv til NRK at WA har gjort og gjer omfattande arbeid på alle områda som Perry har teke opp. Ho viser til like premiepengar i seriearrangementa deira og at den kvinnelege representasjonen i leiinga er nær 40 prosent og at ho har bikka 50 prosent i utøvarkomiteen.

Internasjonale reaksjonar

Kanadiske Kristen Worley er transkvinne og har utfordra kjønnspolitikken til Den internasjonale olympiske komiteen (IOC).

– Det som skjer no, er at dei mest sårbare blir ekskluderte frå idretten, meir av politiske årsaker enn basert på vitskap og forsking, seier syklisten til Reuters.

Ricki Coughlan, som er ein av Australias første transkjønna idrettsutøvarar innan profesjonell springing, reagerer òg sterkt på WA sin avgjerd og seier avgjerda vil styrkje «hatkreftene» mot transpersonar.

– Det er ingen fin måte å seie dette på. Hatkreftene som er der ute, som ikkje vil at transpersonar skal eksistere i samfunnet vårt ... vil ta dette som ein siger og vil seie «ok, la oss gå vidare til neste ting», seier ho.

Transdebatten i idretten er eit omstridd tema med sterke synspunkt som står mot kvarandre. Det kjem tydeleg fram i dei ulike reaksjonane på WA si avgjerd. Medan Perry, Worley og Coughlan er sterkt kritiske til transkvinne-nekten, er andre letta over avgjerda.

– Det er bra og modig

Frode Saugestad, som tidleg tok til orde for utestenging, er fornøgd med avgjerda til forbundet.

– Det er ingen menneskerett å drive toppidrett, seier han til NRK.

Han understrekar at han synest det er trist korleis mange transpersonar har vorte behandla, men at det er viktig at idretten har rettferdig konkurranse. Han meiner transpersonar må delta i herreklassen.

Frode Saugestad byline

SAMFUNNSDEBATTANT: Frode Saugestad er utdanna friidrettstrenar og meiner transkvinner bør konkurrere i herreklassen.

Foto: rolf m.aagaard/kolon

– Det er så lett som at det er to kjønn. Er du hankjønn er det noko som skjer gjennom ein mannleg pubertet som aldri vil bli rettferdig og i kontaktidrett kan det vere direkte farleg, meiner Saugestad.

Den britiske kulestøytaren Amelia Strickler har vore ei av dei klaraste stemmene i kampen mot å sleppe til transutøvarar i kvinneidretten.

Ho fortel at mange kvinner har teke kontakt med henne etter WA sin avgjerd. Dei har uttrykt lette på vegne av seg sjølv og yngre utøvarar som håpar på ei framtid i idretten.

Amelia Strickler

LETTA: Amelia Strickler ønskjer ikkje at transpersonar skal få delta i kvinneklassen i friidrett.

Foto: MICHAEL DALDER / Reuters

Dette handlar ikkje om hat eller sinne, det handlar om rettferd og eit ønske om å verne kvinnekategorien. Vi vil halde den rettferdig for kvinner som jobbar hardt og legg inn mange timar, sveitte, blod og tårer i sporten. Det er lidenskapen vår og for mange er det sjølve livet, fortel ho til GB News.

Det ville vore øydeleggjande viss vi heldt fram med å sleppe til biologiske menn i sporten vår, slår Strickler fast.

Usannsynleg med ein tredje klasse

Tilbake i august fortalde president Coe til NRK at dette skulle vere på dagsordenen til WA sitt styremøte i mars.

Han sa at WA hadde samla transkvinner og DSD-utøvarar og at det viktigaste for han var å behalde integriteten til kvinneidretten.

Kan det føre til ein tredje klasse?, spurde NRK i august.

– Eg trur det er usannsynleg. Eg skal ikkje spekulere i detaljane.

sebastian coe rksj-07872

EIN TREDJE KLASSE?: Det er usannsynleg ifølgje president Coe.

Foto: Roy Kenneth S Jacobsen / NRK

Samtidig som transkvinne-nekten vart offentleggjord 23. mars, kunngjorde òg Coe at testosteronnivået i kvinneklassen blir justert ned frå 5 nmol/L til 2.5 nmol/.

Norges Friidrettsforbund opplyser til NRK at dei ikkje har vore involverte i avgjerda og skal diskutere ho med dei nordiske kollegaene sine.

Siste nytt

  • Iivo Niskanen bryter med landslaget

    Den finske langrennsprofilen Iivo Niskanen bryter med det finske landslaget og vil satse privat under oppkjøringen til den kommende sesongen.

    Da det finske langrennslandslaget ble tatt ut forrige uke, var ikke Niskanen en del av troppen.

    – Iivo ønsker nå å kjøre en litt annerledes oppkjøring enn før. Det ble bestemt at han ikke skal være med på landslagsaktiviteter under oppkjøringen, men skal gjøre sitt eget opplegg, sa trener Teemu Pasanen fredag, ifølge rikskringkasteren Yle.

    Pasanen bekrefter at initiativet ble gjort av Niskanen. Det er et lignende opplegg som Johannes Høsflot Klæbo har gjort i Norge.

    Pasanen uttaler at 31-åringen vil være tilbake på landslaget når verdenscupen starter i november. (NTB)

    OPIeHUiFfY4
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Tour of Scandinavia-etappe i Sverige avlyst

    Det blir ingen etappe på svensk jord i årets Tour of Scandinavia. Økte kostnader og manglende finansiering gir kutt i sykkelprogrammet.

    Arrangøren opplyser om endringen i en pressemelding. Det var opprinnelig lagt opp til at kvinnerittet med verdenstourstatus skulle ha en etappe fra Tanum til Strömstad.

    – En kraftig kostnadsøkning på innkjøp av en rekke varer og tjenester, svekket norsk kronekurs og det faktum at vi ikke har lyktes med å skape et tilstrekkelig inntektsgrunnlag i Sverige, gjør at vi dessverre ser oss nødt til å kutte ut etappen i Sverige i år, sier daglig leder Roy Moberg.

    Åpningsetappen utsettes med én dag til 23. august. Den går fra Mysen til Halden. Alle de øvrige etappene avvikles som planlagt. De to siste sykles i Danmark. (NTB)

    Sykkel: Tour of Scandinavia
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • NRK og VG skal vise morgendagens fotballhelter

    I sommer skal Norges U19- og U21-landslag på herresiden spille EM. NRK og VG skal sammen vise alle kampene fra de to mesterskapene.

    – Sammen skal to av Norges aller største mediehus vise frem morgendagens helter på gressmatta. Det gleder vi oss veldig til, og samarbeidet vil komme hele det norske fotballpublikummet til gode. Dette er mediemangfold i praksis, sier Espen Olsen Langfeldt, sportsredaktør i NRK.

    U21-EM spilles i Romania og Georgia, fra 21. juni til 8. juli. U19-EM spilles på Malta fra 3. til 16. juli.

    NRK skal vise alle Norges kamper i mesterskapet og finalene, mens VG vil sende samtlige kamper.

    Fotball, menn, U21, EM-kvalifisering Norge - Aserbajdsjan (2-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste