Det var i Sverige debatten om forskjellane på dei to VM-maskotane først blussa opp.
– Vi burde ha fått ein maskot som viser styrke, seier Linda Wijkström, generalsekretær for damenes elitefotball i Sverige, til SVT.
Det er ulven «Zabivaka» som er maskot under sommarens fotball-VM i Russland. Ifølgje FIFA er han ein liten, men vill fotballspelar. Zabivaka er kjapp, modig og god med ballen.
Dottera til ein hane
Under fotball-VM for damer neste år er det derimot «Etie» som skal vere maskot. Ho blir skildra som ein ung kylling med lidenskap både for fotball og livet elles. Etie er dottera til hanen «Footix», som var maskot under fotball-VM for menn i Frankrike i 1998.
Linda Wijkström meiner bestemt at neste års fotball-VM for damer burde ha hatt ein annan maskot. Ho seier det neppe er gjennomtenkt at mennene skal bli fronta av ein ulv, medan damene får ein kylling til maskot.
– Men når ein ser på figurane i lag er det klart at ein ser den store, sterke ulven som et den vesle kyllingen, seier Wijkström til SVT.
– Sterkare reaksjonar i Sverige
Men ho innrømmer at det neppe er alle land som reagerer på same måte over forskjellen på maskotane.
– Eg trur vi reagerer sterkare på slikt i Sverige enn i andre land, kommenterer generalsekretæren.
Norges fotballforbund har på si side ikkje har gjort seg opp noko meining om forskjellen på maskotane, ifølgje direktør for kommunikasjon og samfunn, Svein Graff.
Men også i Norge har det kome reaksjonar.
– Dette ser ikkje bra ut. Kylling kan ha dobbel betydning, både som liten og som svekling. Og er det noko dei kvinnelege fotballspelarane ikkje er, så er det sveklingar. Dei er derimot dei tøffaste av alle, seier Frøydis Sund til NRK.
– Hadde blitt rabalder
Sund er seniorrådgivar hos Likestillingssenteret. Ho spør retorisk om korleis reaksjonane hadde blitt om ein kylling hadde vore maskot i VM for menn og ein ulv i VM for kvinner.
– Då hadde det heilt sikkert blitt rabalder frå herrane, seier Sund.
Under fotball-VM i Brasil i 2014 var det med eit beltedyr som maskot. I Sør-Afrika fire år tidlegare var det ein leopard. Tyskland arrangerte meisterskapen i 2006 fronta av ei løve.
For tre år sidan arrangerte Canada fotball-VM for kvinner – med ei ugle som maskot.
PS. Det blir spelt tre kampar i fotball-VM i Russland i dag. Først ut er oppgjeret mellom Egypt og Uruguay klokka 14.00. Kampen ser du på NRK1 eller på nrk.no.