Den tidlegare statsministeren gav uttrykk for sitt syn i eit intervju med VG laurdag, der ho gjekk ut og sa at ein burde slutte å snakke om boikott av fotball-VM i Qatar.
Solberg utdjupar ovanfor NRK at ho har vore oppteken av at idretten skal ta denne avgjerda, og den enda som kjent med eit nei på det ekstraordinære fotballtinget i juni.
– Landslaget vårt har gjort nokre formidabelt gode markeringar på menneskerettar, så kan vi alle vere einige om at vi aldri burde hatt eit VM i Qatar med dei rammene som er rundt på menneskerettar og korrupsjon. Men no når idretten har fatta ei avgjerd, er tida inne for å seie at den demokratiske prosessen er gjort - no bør vi heie på laget, seier Solberg til NRK.
– Det er jo denne debatten som har ført til markeringane. Kvifor skal ein legge lokk på det då?
– Eg seier ikkje at ein skal legge lokk på det. Idretten har gjort ei grundig vurdering og tatt ei avgjerd, og no bør vi konsentrere oss om å komme oss til VM - og gjere det godt i VM. Men eg var veldig for at det var idretten som skulle fatte denne avgjerda, og eg synest det har vore ein god diskusjon og prosess innad i idretten. Men det er dei som no har fatta ei avgjerd, og då skal vi har respekt for det, så synest eg vi skal heie, seier Solberg.
Den tidlegare statsministeren understrekar at ein må bekjempe korrupsjon i idretten, og seier at det aldri burde vore eit VM i Qatar.
Likevel meiner ho at ein ikkje kan endre på avgjerdene som har vorte tekne.
– Det må vi lære av til dei framtidige prosessane rundt dette, sånn at vi passar på at land som ser ut til å ha kjøpt seg til ein meisterskap, ikkje får moglegheita til det. Vi skal ha dopingfri idrett, men vi skal òg ha korrupsjonsfri idrett, seier ho vidare.
Vekkjer oppsikt
Solberg sine utsegn får fleire til å reagere.
SKUFFA: Generalsekretær John Peder Egenæs.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTBGeneralsekretær i Amnesty, John Peder Egenæs, synest det rett og slett er spesielt at Solberg meiner ein skal «gløyme» debatten.
– Eg synest ikkje Erna Solberg skal prøve å leggje lokk på nokon debattar i Noreg – heller ikkje ein debatt om ein eventuell boikott av Qatar-VM. Hadde det ikkje vore for den boikott-debatten hadde vi heller ikkje hatt eit fotballandslag som markerer seg slik som fotballandslaget gjer, seier Egenæs til NRK og held fram:
– Å seie til fotballsupporterar at dei skal slutte å snakke om det dei er mest oppteke av, kler ikkje Noreg eller demokratiet. Det kler heller ikkje ein partileiar å be nokon om å leggje bort ein debatt.
Ole Kristian Sandvik, talsperson i norsk supporterallianse, går endå kraftigare til verks.
– Eg synest det er tonedøvt av den tidlegare statsministeren å gå ut å be folk vere ein ukritisk heiagjeng til landslaget når dei prøver å kvalifisere seg til Qatar, seier Sandvik til NRK.
NRKs kommentator Jan Petter Saltvedt stussar over at Solberg kjem med desse utsegna.
– Det er rar timing. Ho kunne uttalt seg medan ho var i posisjon som statsminister. Det signalet ho sender no er ikkje det Fotball-Noreg ønskjer å få. Sjølv om ho isolert sett snakkar om boikott, blir det oppfatta som om dei tek avstand frå heile diskusjonen, seier Saltvedt til NRK.
– Korleis trur du Fotball-Noreg reagerer på dette?
– Eg trur det er skuffande. Erna Solberg har vore veldig tydeleg på støtta si. Det er overraskande og litt utidig at ho synest ho bør seie dette no. Eg forstår verken timinga eller grunnlaget for å seie det, held kommentatoren fram.
DEBATT-POSITIV: NRK sin kommentator, Jan Petter Saltvedt.
Foto: ALEM ZEBIZ / NRKHalde diskusjonen oppe
Økokrim-sjef Pål Kristian Lønseth, som har vore tydeleg på at han støttar boikott av Qatar, deler ikkje det same synet som Solberg.
– Det er ikkje riktig å leggje bort korrupsjonsdebatten. Eg deler ikkje synet hennar der. Eg er oppteken av korrupsjonsførebygging, og då må merksemda rundt dette bli halde ved like, seier Lønseth til NRK.
KRITISK: Pål Kristian Lønseth.
Foto: Tore LinvollenØkokrim-sjefen, Egenæs og Saltvedt meiner at nettopp ei eventuell kvalifisering til VM vil bidra til å halde debatten ved like.
– Eg håpar gutane kvalifiserer seg til VM, for det gir eit høve til å ta eit tyngre initiativ i regi av fotballforbundet for å flytte VM frå eit land som har fått VM ved hjelp av korrupsjon. Eg forventar at forbundet aktivt gjer alt dei kan for å forhindre korrupsjon i fotballen, då bør dei òg ta eit slikt initiativ. Viss viljen er til stades så klarer fotballverda å flytte VM til ein annan stad, seier Lønseth vidare.
Det stiller Saltvedt seg bak.
– Sjølv om det ikkje blir norsk boikott, er det ikkje dermed sagt at vi skal gløyme diskusjonane. Tvert imot. Det viktigaste signalet frå Fotball-Noreg, var å ikkje gløyme dette, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt og held fram:
– Dette er å gløyme heile hovudpoenget i diskusjonen. Fotball-Noreg bestemde ikkje å leggje bort debatten, men ha han endå lenger framme, legg han til.
I tillegg rettar Egenæs blikket mot Qatar.
– Det å halde liv i ein debatt rundt Qatar, er vi som er opptekne av menneskerettar tent med. Det er òg migrantarbeidarane i Qatar tent med. Det å halde liv i ein løpande debatt er bra for migrantarbeidarane i Qatar, seier han.
Forstår kritikken
Erna Solberg forstår at Amnesty meiner debatten bør leve fordi det gir merksemd til migrantarbeidarane, og alle som har det vanskeleg i Qatar, men trekkjer nok ein gong fram at det har vore tatt ei avgjerd på boikott-spørsmålet.
– Vi må vere takksam for at dei har markert seg så tydeleg om menneskerettar. Så må vi lære av dette i forhold til korleis vi politikarar jobbar med store internasjonale meisterskap, men også i forhold til korleis idretten kan forhindre at det kjem til land som openbert har brot på menneskerettar og korrupsjon, seier Solberg vidare.
VIL HEIE: Erna Solberg.
Foto: Terje Bendiksby / NTB– Dersom Noreg kjem til Qatar, vil ein boikottdebatt verkeleg få substans. Då er det jo i praksis noko å boikotte?
– No har vi hatt ein prosess i dei demokratiske organa i idretten, og idretten har sagt sitt. Då er mi oppfatning å respektere at dei har gjort det. I tillegg har vi hatt eit landslag som verkeleg har markert eit standpunkt, og det meiner eg vi skal vere stolte av.
– Sjølv om fotballen sa nei til boikott var dei framleis opptekne av å halde liv i debatten?
– Det er fint med markeringar, men når det gjeld boikotten, er det teke ei avgjerd. Det har eg tenkt å respektere, og det meiner eg andre òg skal respektere. Så skal vi halde fram med å diskutere menneskerettar i Qatar og korrupsjon i idretten generelt sett.
– Kvifor kjem dette no og ikkje då du var i posisjon som statsminister?
– Det er først og fremst fordi eg skulle på denne fotballkampen. Det var i dag eg skulle på landskamp, avsluttar ho.