Hopp til innhold

Tekopp-premie provoserer idrettsstjernene: – Det tristaste eg har sett i år

Fleire norske idrettsstjerner ristar på hovudet etter at Jesper Saltvik Pedersen (22) vart premiert med ein tekopp etter ein verdscupsiger.

Salum Kashafali

MEGET KRITISK: Paralympisk meister Salum Kashafali kaller Jesper Saltvik Pedersens premie for det tristaste han har sett i år.

Foto: AP/Privat

Eg synest det er heilt hårreisande, seier Atle Lie McGrath til NRK.

McGrath er sjølv alpinist og er mektig imponert over det Pedersen driv med.

Det fortener meir enn ein tekopp, seier han.

Jesper Saltvik Pedersen er i verdstoppen i idretten sin, men premiane står kanskje ikkje heilt i stil med paraalpinistane sine prestasjonar.

Jesper Saltvik Pedersen

SMILER TRASS ALT: Sjølv om premien ikkje var frå øvste hylle, kunne Pedersen smile etter endå ein verdscupsiger.

Foto: Privat

I fjor fekk han ein ost, og fredag fekk han ein tekopp.

NRKs sportskommentator kalla premien «respektlaus» og at det var «utanfor alle seriøsitetar» å gi ein tekopp som påskjønning.

Og han er ikkje åleine om å bruke kraftige ord for å beskrive premieringen.

Ein skam

– Eg synast det er kvalmande. Det er irriterande og demotiverande. Kvifor sleppe parautøvarane i idrettane viss ein ikkje skal ta vare på dei? spør para-sprintar Salum Kashafali og legg til:

– Det er det tristaste eg har sett i år. Det er ein skam.

Også skiskyttarane og hopparane stussar på forskjellsbehandlinga parautøvaren opplever.

Denne tekoppen fikk Jesper Saltvik Pedersen i premie etter et verdenscuprenn.

PREMIEN: Denne tekoppen fekk Pedersen tildelt etter verdscupsigeren fredag.

Foto: Privat

Trur Pedersen sel tekoppen

Det å setje lys på det er det einaste som skal til. Spesielt etter den osten han fekk i fjor ... viss eg hadde vore arrangør så hadde eg stilt med noko betre. Den tekoppen toppar det heile, seier Johannes Thingnes Bø til NRK.

Osten Pedersen fekk som premie i fjor fekk han selt for 50.000 kroner. Thingnes Bø trur han kan tene litt på tekoppen òg.

Landslagsamling skiskyting

VIKTIG: Thingnes Bø meiner det er viktig å rette søkjelyset på den dårlege premieringen.

Foto: Geir Olsen / NTB

Kjenner eg han rett, så får han nok selt han til nokre hyggjelege folk for ein god pris.

Sturla Holm Lægreid meiner det er synd at utøvarar som Pedersen legg inn tallause treningstimar, men ikkje får påskjønning for strevet.

Han seier at han sjølv ikkje konkurrerer for premiar, men at ein treng å få noko for å få dagane til å gå rundt.

Med mindre den tekoppen der er verd ei gullgruve, så trur eg at han gjerne ville hatt noko anna, legg Lægreid til.

– Provoserande

Hopparane Robert Johansson og Halvor Egner Granerud har òg fått med seg premiane som blir dela ut i verdscupen i para-alpint, og tykkjer det rett og slett er for dårleg.

– Det kan nesten verke som det gjerast for å vere provoserande, seier Halvor Egner Granerud til NRK og held fram:

– Viss du skal gi ein tekopp i premie, så synest eg ikkje du kan kalle det eit verdscuprenn, i alle fall. Det er for dårleg.

Verdenscup-siger lagkonkurranse

BETRE PREMIAR: Hopparane med sin premie etter lagkonkurransen i VM.

Foto: JANEK SKARZYNSKI / AFP

Johansson fekk med seg at Saltvik Pedersen fekk ein ost i fjor, og auksjonerte den vekk. Han meiner det må skje endringar.

– Eg tykkjer det er syltynt. Det er openbert at det må skje noko der, avsluttar Johansson.

Pressesjef i det internasjonale paraforbundet, Rafael Maranhao, svarar følgande til NRK om tekopp-premien:

– World Para Snow Sports har eit avgrensa budsjett og prioriterer å investere i utviklinga som tilbys til utøverane og laga til trening og konkurransar.

– Me håper at initiativ som VM på Lillehammer vil gi meir merksemd for utøverane og deira fantastiske prestasjonar.

Sportsnyheter

City

City beklager angrep på Villa-keeper etter ligaseieren

Da Manchester City-supporterne stormet banen etter å ha sikret serietittelen, ble Robin Olsen overfalt, ifølge klubben. Ligamesterne beklager hendelsen.

Siste nytt

  • Norge fikk bank av Sverige

    Norge fikk ingenting gratis av et allerede kvartfinaleklart Sverige, som ikke ga seg før det sto hele 7-1. Dermed er kvartfinalehåpet ute for Norge, som allerede hadde sikret plass i neste års VM ettersom Storbritannia ikke lenger kan ta dem igjen. Tobias Fladeby scoret Norges mål, mens fire av de svenske scoringene kom i overtall, skriver NTB.

    Sverige
    Foto: JUSSI NUKARI / AFP
  • Carlsen og Tari til kvartfinale

    Magnus Carlsen tok seg kontrollert til kvartfinale i årets fjerde Champions Chess-turnering. Dit kom også Aryan Tari etter strålende spill i helgen, skriver NTB. Carlsen spilte remis mot Ding Liren og Giri søndag, før han satte punktum med seier over canadiske Eric Hansen. Han endte på 2.-plass i grunnspillet – ett poeng bak Giri.

    Magnus Carlsen
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Seriegull for Ohi og Røde Stjerne

    Røde Stjerne gjorde jobben i siste serierunde og vant 3-1 over Vozdovac, skriver NTB. Dermed sikret Ohi Omoijuanfos lag seriegullet i Serbia foran rivalen Partizan. Ohi kom ikke på scoringslisten, men hans ni mål på 15 kamper siden overgangen fra Molde bidro sterkt til klubbens 33. ligatittel.

    Ohi
    Foto: ANDY BUCHANAN / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 39 klipp
Sport
Spiller nå
Haalands karriere fra A til NÅ 03:44
Neste