– Det er ein viktig kamp for Rosenborg, og det er ein viktig kamp for norsk fotball, seier NRK-ekspert Tom Nordlie før RBKs kamp mot kypriotiske Apoel i kveld.
Kampen går på Lerkendal, medan returkampen går i Nicosia på Kypros tysdag i neste veke. Vinn Rosenborg samanlagt, er dei garantert gruppespel anten i meisterligaen eller europaligaen.
Les også: – De er nok ivillreiee
Siste gruppespel i 2007
Kampen er ikkje viktig berre for avansement til neste kvalifiseringsrunde, og eventuell plass i gruppespelet utover hausten. Han er også viktig for norsk fotballframtid.
– Det hadde gjort godt for norsk fotball å ha eit lag i meisterligaen igjen, seier Nordlie.
Rosenborg under Nils Arne Eggen var fast inventar i gruppespelet på siste halvdel av 90-talet.
Men seinare har det blitt verre. 2007-08-sesongen er den siste med norsk deltaking i gruppespelet i den gjævaste europeiske turneringa.
Berre Rosenborg igjen
I europaligaenn har det fleire gonger vore norske lag med. Men i år står og fell Norges Europa-håp med Rosenborg, fordi dei andre laga – Odd, Stabæk og Strømsgodset – allereie er slått ut.
Alle resultat i dei europeiske turneringane gir rankingpoeng. Derfor gir suksess lettare veg inn i turneringa dei neste åra.
– Vi treng å setje norsk fotball på kartet, etter at det har gått trått dei siste åra. Rett nok var fjoråret relativt godt med både Rosenborg og Molde i europaligaen, seier Rosenborgs Pål Andre Helland til NRK.
Molde gjekk til topps i si gruppe og spela 16-delsfinale i februar i år.
– Derfor er det viktig å ta eit steg vidare no, seier Helland. – Det er også viktig for rankingpoeng, så vi har vanvittig lyst til å vere med i gruppespelet, legg han til.
– Må heie på RBK
Med unntak av Moldes deltaking hausten 1999, er det heller ingen andre norske lag enn Rosenborg som har vore med i meisterligaens gruppespel.
– Derfor bør alle som er nøytrale, heie på Rosenborg no, seier han.
– Vi treng det, ikkje minst for å auke interessa for norske spelarar slik at vi kan eksportere fleire av dei, meiner Nordlie.
Som har god tru på Rosenborg mot laget frå Kypros.
– Sjansane bør vere gode. Apoels sesong har ikkje starta, Rosenborg er midt i sin. Apoel skal ikkje undervurderast. Det er eit bra lag, sjølv om ligaen der er ujamn. Men sjølv om det blir sterk varme i returkampen på Kypros, bør Rosenborg klare dette over to kampar, seier Nordlie.
PS: Apoel kom heilt til kvartfinalen i meisterligaen 2011–12. Der tapte dei for Real Madrid.