RBK snudde og vann
Vegar Eggen Hedenstad fyrte ballen i mål i det ti minutt stod igjen av kampen på Lerkendal. Åge Hareides menn kunne dermed puste letta ut etter at gjestane frå Haugesund tok leiinga med Kristoffer Velde tidleg i første omgang. Dino Islamovic utlikna ti minutt ut i andre omgang med eit praktmål. Han svinga piruett med ballen og drar ballen i mål med hælen. Trønderane er dermed oppe på bronseplass med 32 poeng, to poeng bak Molde.