I cupkampen i slutten av august sløste Rosenborg med sjansane og tapte 1–2. I dag var dei dødeleg effektive og sende Vålerenga endå nærmare nedrykksstriden. Der er dei berre eitt poeng over kvalifiseringsplassen etter sitt fjerde tap på rad.
– Eg håpar verkeleg ikkje Vålerenga rykkjer ned. Det er mykje bra på gang der, seier RBK-trenar Kåre Ingebrigtsen til NRK.
– No vinn dei cupen og bergar plassen, så får vi dei opp i toppsjiktet snart.
Rosenborg slo sterkt tilbake etter 0–4 for Real Sociedad i Europaligaen torsdag, og heldt luka i tabelltoppen oppe på sju poeng ned til Brann.
– Eit steg i rett retning
Vålerenga hang godt med i spelet på Lerkendal i første omgang. Men i sjanseskaping og effektivitet var det klasseskilnad. Etter pause var Rosenborg best i alt.
– Vi har vore under pari ein periode på sejs-sju kampar no, seier Vålerengas trenar Ronny Deila til NRK. – Men vi hadde glød og innsats i dag, og kampen var eit steg i rett retning.
Han vedgjekk at VIF skapte for lite i dag.
– Rosenborg er veldig effektive i dag, og eg er heller ikkje heilt enig i straffesparket. Vi veit kvar vi er, og vi veit kva vi kan, seier Deila, som ser fram til semifinalen mot Sarpsborg onsdag.
2 x Bendtner
Rosenborg fekk to mål før pause på svært gunstige tidspunkt. 1–0 på retur etter tverrliggartreff etter to minutt, og 2–0 på straffe med siste spark på ballen. Begge ved Nicklas Bendtner.
– Det var viktig for oss å få ein siger etter Sociedad-kampen, og det var også viktig å revansjere cup-exiten, sa Bendtner til TVNorge. Han var nøgd med kvelden.
– Det minner litt om kampane i starten av sesongen, der vi ikkje spela spesielt godt, men vann likevel, seier Bendtner, som er oppe i 12 mål for Rosenborg.
– Vi skal prøve å få Nicklas over 15 denne sesongen, seier Kåre Ingebrigtsen. – Det gir han gode kjensler, og det er veldig bra for oss.
Godt og vel 20 minutt før slutt punkterte Anders Trondsen kampen med eit godt plassert skot, og 3–0.
Rosenborg hadde ni skot på mål i kampen, medan Vålerenga ikkje hadde eitt einaste.