NRK Meny
Normal

RBK har to Molde-budsjett å rutte med

Rosenborg har soleklart størst budsjett i eliteserien, med heile 195 millionar kroner. På botnen ligg Sogndal med 29 millionar.

Olsson, Solskjær, Hansen

Sogndal-trenar Jonas Olsson (t.v.) har over seks gonger så lite budsjett som Rosenborg-trenar Per Joar Hanssen (t.h.). Molde og Ole Gunnar Solskjær har auka budsjettet med ni millionar, men har likevel berre halvparten av RBK.

Foto: montasje / NTB scanpix

Det skriv Aftenposten.

Ingen av dei andre 15 klubbane i Noreg sin øvste divisjon kan måle seg med dei økonomiske musklane til Rosenborg Ballklub.

I alt 195 millionar – 85 millionar meir enn nummer to på lista – har RBK som budsjett for 2013.

Brann føre VIF

På andreplass på lista ligg Brann, med 110 millionar kroner i budsjett.

Vålerenga har tradisjonelt sett store økonomiske musklar, og hovudstadsklubben har også i 2013 godt med pengar.

VIF tek siste pallplass med 107 millionar kroner i budsjett, så Kjetil Rekdal har nok å rutte med.

Delt fjerdeplass

Fjerdeplassen på lista er delt mellom to klubbar, begge så vidt under 100 millionar kroner.

Molde og Viking har i alt 99 millionar kroner som budsjett i 2013. Molde aukar dermed budsjett med ni millionar samanlikna med 2012.

Viking og Vålerenga kuttar derimot med 10 millionar.

Nils Johan Semb

Nils Johan Semb synest det er positivt at både Sogndal og Rosenborg har ein plass i eliteserien.

Foto: Marita Bolle Andersen

Seks gonger mindre

Dei tre klubbane med lågast budsjett er Sandnes Ulf med 37 millionar kroner, Sarpsborg 08 med 30 millionar kroner og Sogndal med 29 millionar kroner.

Sogndal sitt budsjett er altså over seks gonger så lite som Rosenborg sitt.

– Det er fantastisk at det er plass til både Rosenborg og Sogndal i eliteserien, seier toppfotballsjef Nils Johan Semb til Aftenposten.

Semb seier derimot at RBK har andre utfordringar enn Sogndal.

– Ikkje minst med tanke på spelarrekruttering. Der Sogndal er ein seljeklubb, har Rosenborg tradisjonelt sett vore både ein kjøpe- og seljeklubb.

– Og så er det jo nok berre å sjå på dei to anlegga, så ser ein forskjellane, avsluttar Semb.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal