Det er iallfall det dei skal prøve ut i Australia. Frå denne helga skal dommarane dele ut gule og raude kort for oppførselen til trenarar og andre lagleiarar, på same måten som til spelarane, melder det australske fotballforbundet (FFA).
– Det vil hjelpe publikum og tv-sjåarar betre til å forstå problema som dommarane møter kvar einaste veke, og gi dommarane respekt, seier sjefen for A-league, Greg O'Rourke.
Gult for sarkastisk klapping
Fornærmingar og spytting eller å gå inn i motstandarens tekniske område «på ein konfronterande måte» er også mellom det som skal kvalifisere til raudt kort og bortvising frå lagleiarbenken.
Å kaste vassflaske for å vise usemje, sarkastisk klapping for dommaravgjerder eller å gestikulere på ein provoserande eller hånande måte er mellom syndene som gir gule kort.
– Det skal gi ei klar melding om at det ikkje er akseptabelt å oppføre seg dårleg mot dommarar og motstandarane sin benk. Slik oppførsel skal få konsekvensar, seier O'Rourke.
Først også med VAR
FFA har fått løyve frå IFAB – organisasjonen som fastset reglane for fotball – til å prøve ut dei nye kort-reglane i ein liga på toppnivå.
Det var også A-league som i april i år blei den første ligaen som tok i bruk det nye systemet VAR, som gir dommarane høve til å studere avgjerande situasjonar på video før dei tek sine avgjerder.