Raudt kort to gonger - redda av VAR
Brasil-keeper Alisson Becker fekk raudt kort to gonger i VM-kvalifiseringskampen mot Ecuador seint i går kveld, men spela likevel heile kampen.
Først fekk han det raude kortet for det den colombianske dommaren meinte var ei stygg takling etter 30 minutt, så for ei felling på overtid. Men i begge tilfella blei korta annullert etter lange VAR-granskingar.
– Det må ha vore første gongen i fotballhistoria noko slikt har skjedd, sa Liverpool-keeperen, som la til at han var glad for VAR.
Det høyrer med til historia at kvart av i tillegg fekk ein mann utvist før det hadde gått 20 minutt.
Og at Ecuador fekk tildelt to straffespark, som også blei omgjorde etter VAR-gransking. Det siste, på overtid, hadde samanheng med keeperens siste annullerte utvisning.
Kampen enda 1-1. Brasil er forlengst klar for VM, og Ecuador ligg godt an til å slå følgje. Brasil tok leiinga ved Casemiro etter berre seks minutt, Felix Torres utlikna eit kvarter før slutt.
Også Argentina er VM-klar frå før. I natt slo dei Chile 2-1 utan Lionel Messi. Angel di Maria og Lautaro Martinez scora Argentinas mål og reduserte Chiles sjansar til VM.
Uruguay slo Paraguay 1-0 og held den fjerde søramerikanske direkteplassen til VM.