Hopp til innhold

Godset grusa serieleiaren: – Dette var ein kamp for mannfolk

For åtte dagar sidan blei Strømsgodset avkledd med 1–5 mot Sarpsborg, og etterpå tapte dei mot eit andredivisjonslag i cupen. Men søndag blei dei første laget som slo Lillestrøm i år, og det med solide 3-0.

Jack Ipalibo scorer

MÅLET: Jack Ipalibo er høgast og skallar inn målet som gav LSK årets første serietap

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Det var eit heilhjarta Godset-lag som banka Lillestrøm.

– Ja, det går fort opp og ned, iallfall når ein er i Strømsgodset, sa trenar Håkon Wibe-Lund. Gliset gjekk så å seie heilt rundt.

– 3-0 over Lillestrøm er vi godt nøgde med, ja. Strømsgodset er i ferd med å bli ein klubb som toler mykje, og då kan ein kome fort tilbake.

Han meiner det var viktig å få det første målet.

– Det er det når ein kamp er så tett som dette. Deretter var vi gode og kontrollerte kampen, og let oss ikkje stresse, sa Wibe-Lund.

– I dag var vi gode. Vi køyrde over dei. Vi snakka om det i pausen at det vi leverte før pause, er ingenting verdt om vi ikkje køyrer på minst like godt i andre omgang. Og det gjorde vi og banka inn tre mål, sa Lars-Jørgen Salvesen til NRK.

– Det var god kok, det var ein toppkamp verdig. Det var ein kamp for mannfolk.

– Vi sprudlar i heile kampen, og vi dominerer. Dette er «Fort Marienlyst», sa Godset-spelaren, som sette inn det tredje målet på vakkert vis med det aller siste sparket på ballen.

– Vi er vår eigen fiende i dag

LSK-trenar Geir Bakke var oppgitt etterpå.

– Vi blir for upresise, og blir litt vår eigen fiende i dag. Det er ein slik kamp som kjem ein gang i blant. Vi hadde nokre sjansar i første omgang som vi burde forvalte på ein heilt annan måte. Men så vel vi den nestbeste eller tredje beste løysinga, og då er det tungt å vinne fotballkampar. Dette var ein dårleg kamp for oss, sa Bakke til NRK etter kampen.

Han meiner feilen ved 2-0-målet var avgjerande for kampen.

– Då tek dei til å bli litt møyre, og vi skulle hatt momentum og ta til å presse mot målgarden deira. Men det greier vi ikkje. Vi gjer det for enkelt for dei.

Gjermund Åsen er lei seg for at han sette laget i ein vanskeleg situasjon med sitt raude kort, men han er ikkje samd i utvisninga.

– Eg får eit litt langt touch og prøver å nå ballen, men eg synest det raude er strengt dømt. Det er tungt, seier han til NRK. Han har aldri før blitt utvist.

Bluss-røyk utsette avsparket

Alt før avspark låg det drama i lufta. Publikum fyrte opp kraftige bluss, og røyken låg så tjukk over stadion at avsparket måtte utsetjast med fleire minutt. Og då kampen tok til, gjekk begge laga hardt ut.

Det blei ingen mål før pause, men det skjedde ein heil del likevel. Spesielt i den første halvdelen av omgangen var det trykk og temperatur.

Ikkje minst då Kristoffer Tokstad gjekk ned i feltet og «alle» venta på straffe. Det ville ikkje dommar Tore Hansen, og hausta sterke protestar då han peika mot hjørneflagget i staden. Protestane gav kvart av laga eit gult kort. To gule til måtte dommaren ut med før pausen.

Raudt kort til Gjermund Åsen

RAUDT: LSK-kaptein Gjermund Åsen utvist for ei sein takling

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Lillestrøms Akor Adams hadde den største sjansen like før pause, men skotet gjekk rett på Viljar Myhra.

– Vi må true dei tre bak betre. Alle tre har gule kort, kanskje er dei litt meir shaky av den grunn, sa Håkon Wibe-Lund til Eurosport i pausen.

Tre mål og raudt kort i andre omgang

Om det var det som var årsaka er uvisst. Men det gjekk berre sju minutt av andre omgang før corneren som gav Godset leiinga.

Herman Stengel la inn frå hjørnet, Jack Ipalibo steig til vers og skalla ballen inn i hjørnet. Dermed var LSK nærmare sitt første tap i årets serie.

2–0 etter 75 minutt var det keeper Viljar Myhra som sette i gang. Hans lange utspel enda hos Kristoffer Tokstad, som mista ballen, men fekk han tilbake. Og frå kanten av 16-meteren plasserte han ballen via stolpen.

Då var det køyrt for serieleiar Lillestrøm. Vondt blei også til verre då kaptein Gjermund Åsen blei utvist åtte minutt før full tid. Han var sein inn i ei takling av Herman Stengel, og dommaren viste fram det raude kortet direkte.

Seks minutt på overtid fekk Lars Jørgen Salvesen målet han hadde jobba og slite for heile kvelden med kampens siste spark på ballen. Frå over 20 meter banka han ballen i krysset, med venstrefoten som eit skikkeleg punktum for ein godt gjennomført kamp for heimelaget.

Dermed har framleis ikkje Lillestrøm vunne i Drammen sidan 2009.

Lillestrøm er framleis serieleiar to poeng framfor Molde. Men Molde fekk sin kamp søndag utsett, og har derfor ein kamp til gode på LSK.

Siste nytt

  • Villa forlenger med suksesstreneren

    Unai Emery har skrevet under en ny kontrakt med Premier League-klubben Aston Villa. Den nye avtalen til manageren strekker seg til 2027.

    Emery har ledet Birmingham-klubben med stor suksess etter at han tok over for Steven Gerrard i november 2022. I skrivende stund ligger laget på fjerdeplass i Premier League med fire kamper igjen. Dermed kan klubben sikret sin første mesterligadeltakelse på over 40 år.

    Emery sier til klubbens nettsider at han er veldig fornøyd med å forlenge avtalen sin.

    – Vi nyter tiden i Villa, og vi har en flott gruppe med spillere. Jeg og mitt trenerteam deler visjonen til eierne, og de er veldig støttende og respektfulle. Strukturen er på plass for at vi skal fortsette å utvikle klubben, sier spanjolen. (NTB)

    7ZFc-Z9Pon8
    Foto: AP
  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN

Sendeplan

Kl. Program Kanal