– Dette var rett og slett rått, sa NRK-ekspert Kjetil André Aamodt då Windingstad slo tyske Stefan Luitz med 41 hundredelar i finalen og tok sin aller første siger i verdscupen.
Aamodt er ikkje veldig overraska over at Windingstad vann, sjølv om det nok var andre som var større favorittar.
– Rasmus er 26 år og er nok ein som blømer seinare enn mange av dei andre. Men det losna nok med sjuandeplassen i storslalåmen søndag, og denne sigeren gir han endå meir sjølvtillit, seier Aamodt.
Han meiner at Windingstad kan ta kampen opp med Henrik Kristoffersen i storslalåm.
– Dei køyrer norskå likt, seier Aamodt.
Langt bak i kvalifiseringa
Windingstad hadde berre 16. beste tid i kvalifiseringa. Men i utslagsrundane var han betre enn dei han møtte. I 16.-delsfinalen slo han italienske Hannes Zegerle med 41 hundredelar, i åttedelsfinalen var han eit heilt sekund betre enn Aleksander Aamodt Kilde, som var best i kvalifiseringa og dermed det største norske håpet.
I kvartfinalen var det ein annan nordmann, Lucas Braathen, som blei slått av Windingstad. Og i semifinalen køyrde motstandar Roland Leitinger ut.
Sju av åtte norske alpinistar kom gjennom kvalifiseringa, berre Kjetil Jansrud blei slått ut. Fire av åtte kvartfinalistar var norske, og to av fire i semifinalane.
I den andre semifinalen kom Leif Kristian Nestvold-Haugen seint ut frå start, og greidde aldri å ta det inn igjen. Stefan Luitz vann med 12 hundredelar.
Haugen enda til slutt på fjerdeplass. Lucas Braathen blei nummer fem og Henrik Kristoffersen sju.
Norge har hatt gode resultat før i parallell-storslalåmen i Alta Badia. I det aller første rennet for fire år sidan blei det dobbelsiger til Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud.
Større breidde enn nokon gong
– Dette er resultatet av svært god jobbing med alpinsporten. Med 19-åringar som Atle Lie McGrath og Lucas Braathen blir det også god dynamikk i laget, seier Aamodt.
Hittil i år har 18 norske løparar samla for kvinner og menn teke verdscuppoeng.
–Vi har vel aldri hatt så stor breidde i norsk alpinsport, seier Aamodt.