Rasisme-bileta skakar hockey-verda: Krev fleire års utestenging

Ein gest frå Andrei Deniskin har fått ei samla hockey-verd til å reagere knallhardt. Han får det glatte laget både av klubbar og NHL-stjerner.

Andrei Deniskin rasisme

UTVIST: Andrei Deniskin vart utvist etter hendinga.

– Det er trist å sjå. Det høyrer ikkje heime på nokon idrettsarenaer i det heile, seier generalsekretær i Noregs Ishockeyforbund, Ottar Eide, til NRK.

– Håpar han blir utestengd i eitt år utan løn. Dette er sårande og utilgiveleg, skriv ESPNs Kevin Weekes.

– Er eg overraska? Nei. Dette er framleis eit kjempeproblem i sporten. Spent på å høyre kva straffa blir, dette betyr mykje for framtida til sporten, skriv Florida Panthers-spelar Anthony Dunclair.

– Få dette søppelet ut av sporten, skriv tidlegare NHL-spelar JT Brown.

Koronavirus

REAGERER: Ottar Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Tek til orde for utestenging på livstid

Hendinga skjedde under helgas toppkamp mellom HC Donbass og HC Krementsjuk i den ukrainske eliteserien i ishockey. Litt over halve kampen var spelt då Andrei Deniskin, som speler for Krementsjuk, hamna i bråk med fleire motspelarar, blant dei amerikanske Jalen Smereck.

Video frå kampen viser at Deniskin vender seg til Smereck og lèt som han skrell ein banan og et han.

Krementsjuk har førebels ikkje uttalt seg om saka, men Donbass er forferda. Etter kampen la klubben ut følgjande Twitter-melding:

– Klubben tek avstand frå alle former for diskriminering og er rasande over åtferda til Andrei Deniskin. Rasisme har ingen plass verken på eller utanfor idretten.

World Hockey Report, som sjølv la ut videoen på Twitter, skriv følgjande:

– Passande straff vil vere fem års utestenging frå ishockey og 500 timar samfunnsteneste som frivillig i ligaen. Eller utestenging på livstid. Det hadde vore fint om det internasjonale forbundet og ligaen tek eit tydeleg standpunkt og seier at dette ikkje er greitt, melder World Hockey Report.

– Det bør vere strenge straffer. Det er viktig at ein tek tak i det og får det ut av sporten. Eg er ingen dommar og skal ikkje gå ut med noka straff, men det må slåast hardt ned på, seier Ottar Eide til NRK.

Deniskin: – Kan oppfatta rasistisk

Deniskin la ut ei unnskyldning på Instagram, men har seinare fjerna innlegget. Der stod det:

– Eg vil gjerne seie unnskyld til Smereck. Eg viste dårleg åtferd og gjorde noko som kan oppfattast som ein rasistisk gest. Eg respekterer alle menneske uavhengig av nasjonalitet og bakgrunn. Kjensler i ishockey er vanskeleg, skreiv han, ifølgje det ukrainske forbundet.

Unnskyldninga vart ikkje veldig godt motteken. Kurtis Gabriel speler for NHL-laget Toronto Maple Leafs, og han er skaka over både gesten og forsøket på forklaring.

– Spelaren som gjorde dette og kommentarane som vart leverte etter kampen viser kor fjern han er. Kjensler i kampens heite er inga forklaring. Dette er forferdeleg, skriv NHL-spelaren.

Jalen Smereck har fått enorm støtte etter hendinga. Spelarar, kommentatorar, trenarar og fans frå ei heil hockey-verd har meldt si støtte frå heile verda.

– Dette er styrken til idretten. På tvers av nasjonar, klubbar, lag og motstandar så står ein saman. Vi har enorm kraft. Viss ein bruker det riktig, når idretten langt fram og kan verne og markere. Det er veldig bra at personar i andre ligaer står fram og vernar og støttar, seier Ottar Eide.

Den ukrainske ligaen (UHL) melder at dei har oppretta sak mot Krementsjuk-spelaren.

Sportsnyheter

Ble buet av banen – så hyllet Solskjær supporterne

Ole Gunnar Solskjær og Manchester United lukket ørene for pipekonserten på Old Trafford. I stedet tok de med seg applausen fra Stretford End – og snudde 0–2 til 3–2.

Siste nytt

  • Chelsea kjørte over Malmö

    Chelsea var aldri truet i oppgjøret mot Malmö onsdag og kjørte over de svenske gjestene med 4-0. Både Romelu Lukaku og Timo Werner måtte av med skade i kampen.

    Champions League - Group H - Chelsea v Malmo FF
    Foto: David Klein / Reuters
  • Akershus har tillit til skistyret

    Styremedlem Dag Helland-Hansen i Akershus skikrets bekreftar overfor NRK at dei ikkje vil komme med eit mistillitsforslag mot det sittande skistyret.

    Det blei klart i et styremøte i kveld. Dei vil heller presentere eitt forslag til løysing, som vil bli diskutert på kretsledermøte førstkommande helg.

    – Denne løysinga vil bli presentert før kretsledermøte. Vi meiner at denne løysinga vil vere betre enn eitt mistillitsforslag, skriv Akershus skikrets i ein utsegn.

    Røste og Bråthen
  • Etterlengtet Barcelona-seier

    Barcelona slo Dynamo Kiev 1-0 etter en scoring av Gerard Piqué i første omgang. Det var en mildt sagt etterlengtet seier, etter at det spanske storlaget hadde tapt de to første kampene i årets mesterliga.

    yzYC5GH0y5Q
    Foto: JOSEP LAGO / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal