Hopp til innhold

Rashford sørga for nytt «Solskjær-mirakel» i Paris: – Vi fortente å vinne

Marcus Rashford sørga nok ein gong for at Ole Gunnar Solskjær og Manchester United kunne reise heim frå den franske hovudstaden med eit stort glis. Men eit sjølvmål frå Martial var nær ved å øydelegge festkvelden.

MÅL: Marcus Rashford avgjere kampen for United i opninga av denne sesongens meisterliga.

Rashford var den store helten sist United gjesta Paris Saint-Germain våren 2019. På overtid sette han inn straffemålet som gjorde at Ole Gunnar Solskjær sine menn snudde 0–2 til 3–3 samanlagt og sikra seg plass i kvartfinalen i meisterligaen.

Tysdag vart 22-åringen igjen matchvinnar.

– Sjølvsagt er det ei god oppleving. Men mest viktig er at vi vann kampen. Vi er ei ein sterk posisjon i gruppa, men det er første kamp, fortalde matchvinnaren Rashford til BT Sports etter kampen.

Manager Ole Gunnar Solskjær seier det var ei anna oppleving å vinne i Paris denne gongen.

– Vi vinn mot eit fantastisk lag. Men no er det utan fans, sterilt, og utan nokon å feire med. Men spelarane var fantastiske. Eg synst vi fortente å vinne, sa han i eit intervju med Viasat.

Straffedrama

Det skulle gå tjue minutt før det blei action i den franske hovudstaden tysdag. Uniteds Anthony Martial gjekk i bakken inne i 16-meteren, etter at Abdou Diallo vart litt for hard i taklinga.

Bruno Fernandes som bomma på straffe mot Newcastle laurdag leverte igjen eit elendig straffespark. Ballen vart ei relativt lett skue for Keylor Navas i PSG-målet.

Dommarteamet meinte derimot at Navas var ute frå streken, dermed vart det ein ny sjanse til United.

Denne gongen bomma ikkje 26-åringen frå Portugal.

– Det kunne berre gå betre. Sjølvsagt sluttar han ikkje å ta dei. Han sjølv vil ta dei, men man må ha fokus. Bruno viste det igjen, sa Ole Gunnar Solskjær til Viasat etter kampen.

STRAFFE: På sitt andre forsøk klarte Bruno Fernandes å score på straffe for Manchester United.

Sjølvmål av Martial

Vertane var nær utlikning tidleg i andre omgang. Kylian Mbappé klemte til frå god skotposisjon, men de Gea var ute med ei meisterleg redning.

Sju minutt seinare fekk derimot gjestane si utlikning, men då takka vere eit sjølvmål frå United-spiss Anthony Martial.

Neymars hjørnespark landa langt framme i feltet. Franskmannen ragar høgast og sender ballen med hovudet rett i det venstre hjørnet og forbi de Gea i United-målet.

SJØLVMÅL: Martial kløna det til og sender ballen i eiget mål.

Tre minutt før slutt sørga eit kjempemål av Marcus Rashford for at Ole Gunnar Solskjær igjen kunne reise heim frå Paris med ein særdels god oppleving i bagasjen.

Gjestande frå England vinn meisterligamøtet mot PSG 2–1.

– Når du spelar borte mot eit lag som dette, med Neymar og Mbappé, må vi forsvare oss godt. Vi visste at David (de Gea) måtte gjere nokon redninger, sa Solskjær.

«Mirakelet i Paris»

Begge lag hadde ein relativt lang skadeliste før kampen tysdag. Medan PSG har fråvær i Juan Bernat, Mauro Icardi, Thilo Kehrer, Leandro Paredes og Marco Verratti, måtte United klare seg utan Eric Bailly, Edinson Cavani, Mason Greenwood, Phil Jones, Jesse Lingard og Harry Maguire.

Champions League - Group H - Paris St Germain v Manchester United

AVGJORDE: Marcus Rashford avgjorde nok ein gong for Manchester United.

Foto: Gonzalo Fuentes / Reuters

Solskjær gløymer nok neppe sist han besøkte den franske hovudstaden. Nordmannen og United snudde 0–2 til 3–3 samanlagt, etter at Marcus Rashford scora det avgjerande målet på straffe på overtid. Noko som sikra laget hans plass i kvartfinalen i meisterligaen.

22 dagar etter «mirakelet i Paris» gjekk Solskjær frå vikarjobben til å få fast jobb som manager for Manchester United.

Siste nytt

  • Kronprinsesse Mette-Marit fikk se Norge knuse Storbritannia

    Norge har fått en god start på VM i parahockey på hjemmebane i Skien.

    Tirsdag vant de norske iskrigerne hele 18-0 over Storbritannia med kronprinsesse Mette-Marit på tribunen.

    I mandagens åpningskamp slo Norge til med 25-0 over Frankrike.

    Nå venter Kasakhstan, Sverige og til slutt Tyskland. Målet er å rykke opp til A-VM.

    Kronprinsessen delte ut bestemannspremiene etter kampslutt.

    B-VM-paraHockey-Norge-England-Mette-Marit
    Foto: Hans Philip Hofgaard / NRK
  • KFUM-tapte etter omdiskutert scoring

    Strømsgodset vant 3-1 borte mot KFUM Oslo i Eliteserien tirsdag kveld.

    I forkant av Herman Stengels 2-0-scoring mente KFUM at de burde fått frispark da Godsets Logi Tómasson hadde en «høy fot» i duellen med KFUM-stopper Momodou Lion Njie, som gikk inn i duellen med hodet.

    – Jeg tør ikke å gå inn ordentlig med hodet når foten hans er såpass høy, men det er tydeligvis lov, sa KFUMs Momodou Lion Njie til TV 2 i pausen.

    KFUM-trener Johannes Moesgaard var ikke like bestemt.

    – Ja, det er høyt spark. Men i pausen sa jeg at han må ofre tennene og ta den i ansiktet, for da blåser dommeren. Hvis ikke får vi ikke noe. Vi kan ikke trekke oss slik som det. Jeg trenger mer hjerte og sjel enn det, sa Moesgaard om situasjonen til TV 2 i pausen.

    Strømsgodset tok ledelsen allerede etter seks minutter. Eirik Ulland Andersen scoret etter et nydelig angrep.

    KFUM styrte det meste av spillet i førsteomgang, men uten å skape de største sjansene.

    I stedet var det Strømsgodset som var effektive. Da Herman Stengel scoret 2-0 målet like før pause.

    Etter pause fikk KFUM reduseringen. Midtbanespiller Simen Hestnes viste frem skuddfoten og klinket ballen i lengste hjørne fra 15-meter. Dermed stod det 2-1.

    Hjemmelaget fortsatte å presse på etter scoringer og skapte flere store muligheter, men nok en gang var det bortelaget som scoret mot spillets gang da Stengel fastslo resultatet til 3-1.

    KFUM
    Foto: NTB
  • Nadal gjorde kort prosess i etterlengtet comeback – feide Cobolli av grusen

    Rafael Nadal imponerte da han endelig var tilbake på tennisbanen igjen. 37-åringen feide Flavio Cobolli av grusen i Barcelona Open.

    Nadal vant 6-2, 6-3 over den 62.-rangerte italieneren. Dermed tok han seg videre til kamp mot Alex de Minaur i neste runde. Nadal har vunnet turneringen 12 ganger.

    Det var gruskongens første kamp på favorittunderlaget siden han slo Casper Ruud i finalen i Roland-Garros i juni 2022. Han har vært plaget av skader siden da, og hans forrige kamp var i januar.

    Under skadeoppholdet har Nadal falt til 644.-plass på ATP-rankingen. (NTB)

    Nadal
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal