– Skåringane er ein fryd for auget.
Ole Gunnar Solskjær kunne nesten ikkje svare fort nok då klubbens eigen TV-kanal, MUTV, spurde han om skåringane mot Crystal Palace.
– Det var mange flotte situasjonar denne kampen, og som vi har sett før, kan Marcus Rashford og Anthony Martial skape noko når som helst.
United-manageren legg likevel til at sjølv om skåringane var vakre, var ikkje dette Uniteds beste kamp.
Kjølig og elegant
Etter ei skuffande poengdeling mot Southampton klarte Ole Gunnar Solskjærs Manchester United å slå tilbake då dei besøkte Selhurst Park og Crystal Palace.
Det betyr at dei er tilbake på vinnarsporet, og med to rundar igjen å spele har dei skjebnen i sine eigne hender.
På overtida av førsteomgang fekk Marcus Rashford ein pasning frå Bruno Fernandes. Før han sette ballen enkelt i nettet drog han fram ei skotfinte som sende tre motspelarar inn i den velkjende pølsebua.
Isande kaldt av United-talismanen.
Spisskollegaen til 22-åringen, Anthony Martial, kom òg på skåringslista.
Dei har begge storspela for klubben denne sesongen og jaktar begge toppskårartittelen i Manchester United.
– Dei ønskjer begge å bli betre, noko dei hjelper kvarandre med å bli, sa Solskjær då han vart spurt om å kommentere den interne kampen mellom storskårarane.
Kunne straffa gamleklubben
Men VAR ville det annleis.
Tidlegare United-spelar Wilfried Zaha gjorde ikkje arbeidsdagen enkel for Solskjærs forsvarsspelarar.
Ti minutt inn i andreomgangen reiv han seg laus frå ein motspelar før han slo ein fin ball til Jordan Ayew som dytta kula i mål.
VAR ville ha eit ord med i spelet.
Ayew hadde nemleg ei tå marginalt i offside, og målet vart ikkje godkjent.
– VAR er der for å ta dei marginale situasjonane. Dei gjer det i dag, og vi er på den heldige sida av avgjerdene, sa Solskjær om situasjonen.
For sjuande gong denne sesongen har eit mål mot Manchester United vorte annullert på denne måten.
Ekstra bittert var det nok for Crystal Palace då VAR ikkje braut inn i spelet og tildelte Zaha eit straffespark etter ei tvilsam takling av Victor Lindelöf.
– Eg har sett situasjonen igjen, og for meg ser det ut som om Victor er klart på ballen, er Solskjærs kommentar.