Elbasan Rashani blei kveldens store spelar i 3-1-sigeren etter å ha dratt av seg eit par mann og sendt ballen i lengste hjørne to gonger. Venstrevingen var også involvert i det tredje, som Martin Broberg sette inn.
Derfor var det han alle journalistane ville snakke med etter kampen.
– Det var godt å kome i gang med scoringane. Vi møter eit godt lag. Eg bestemte meg å ta litt ansvar, det har lugga litt for klubben i starten, seier Rashani til NRK.
Dagens mål var hans to første i år.
Sjeldan med tre Odd-mål
For første gong sidan 19. august i fjor, og for berre andre gong sidan 30. oktober 2016, scora Odd tre mål i same kamp.
– Kvifor losna det i dag?
– Vi er mange nye. Det tar tid å bli samspela. Men i dag la alle ned ein stor arbeidsinnsats, og vi jobba som eit lag. Kanskje var dette vendepunktet.
– Kanskje det var bra vi spela ein cupkamp og scora mange mål. Tre scoringar er mange for oss, seier tomålsscoraren.
I cupkampen mot Skarphedin onsdag vann Odd 9–0.
– Vi står saman og legg ned ein stor arbeidsinnsats i dag. Martin (Broberg) kjem inn og gjer ein kjempejobb, seier Rashani om den siste målscoraren.
Sjølvmål
Odd scora også Sarpsborgs mål like før pause. Espen Ruud var uheldig då han skulle avklare og utmanøvrerte like godt sin eigen keeper.
– Eg kom fullstendig på etterskot. Dette var dårleg av meg, sa Ruud til Max i pausen.
Med sigeren er Odd no oppe på tiandeplass på tabellen, plassen bak Sarpsborg 08.
– I dag viser vi at vi har talent i laget, sa ein nøgd trenar Dag-Eilev Fagermo.
– Det som gleder meg mest ved sida av sigeren, var at måla var så fine, legg Fagermo til.
– Vi slår eit godt lag 3-1. Og vi skal utvikle oss vidare.
Andre strake tap for Sarpsborg
Sarpsborg 08 gjekk på sitt andre strake tap. Det er ikkje trenar Geir Bakke nøgd med.
– Vi er for upresise. Vi er vanlegvis kompakte, men i dag fekk vi mange brot imot. Dermed blir vi for lange og gir for mykje rom. Det utnyttar Odd grufullt og vinn fortent.
– Vi har to sigrar, to uavgjort og to tap. Det er ein sesongsrtart vi ikkje er nøgd med, seier trenaren for fjorårets bronselag.